- Smånytt
- Anlegget på Voksa
- Gammalt nytt
Voksa Stadium
Fakta:
Underlag: Gras
Banestorleik: 26.5x22 m
Målstorleik: 7-ar (2x5 m)
Tribunefasilitetar: Naturtribune
Tilskodarkapasitet: N/A
Tilskodarrekord: 1 (6.juni 2009 trening)
Visste du at?
- Voksa Stadium er det mest brukte anlegget på Voksa, men langt ifrå det einaste.
- Voksa FC har ALDRI spelt ein offisiell fotballkamp på si eiga heimebane (Voksa Stadium).
- Voksa Stadium veks i størrelse kvart år.
- Voksa Stadium har heile 10 hjørneflagg.
- Voksa Stadium har blitt invadert og rasert av sauer 3 år på rad.
Om:
Voksa Stadium er Voksa's mest praktfulle idrettsanlegg på somarstid. Når sola skin og graset er nyklipt er det ikkje mykje som er betre enn å ta seg ei god treningsøkt på den flotte bana. Riktig nok ber anlegget særpreg av ei viss halling på bana, men bytter ein side no og da, så blir det likt for alle.
____________________________________________________________________________________________________________
Fakta:
Underlag: Gras og tre
K-punkt: 7 m
Bakkestørelse: 9 m
Rekord: 10,2 m (fredag 13.februar 2009 Ingar Støyle Bringsvor)
Tribunefasilitetar: Naturtribune
Tilskodarkapasitet: N/A
Tilskodarrekord: 3 (26.desember 2011 trening)
Viste du at?
- Voksa Flyklubb vart bygt hausten 2008.
- Det har blitt arangert heile 5 offisielle konkurransar i bakken.
- Anlegget kosta ca 1000 kr å bygge.
- Største hoppbakken nokon gong bygt på Voksa.
- Noko av grunnkonstruksjonen inneheld vrakfjøler.
- Sist det vart hoppa i bakken var 26. desember 2011.
Om:
Grunna den enorme størrelsen døypte Kristoffer Strand bakken til "Voksa Flyklubb". Anlegget vart bygt hausten 2008, men pga mangel på vedlikehald har bakken sakte men sikkert falle frå kvarandre. Framtida ser ikkje lys ut for bakken som vart bygt for dei virkelige lange hoppa og etter at "Dagmar" var innom på eit vått besøk, røska han laus ei av platene og etterlot store skadar på anlegget. Bakken er ikkje lenger sikker og nokåo må gjerast.
____________________________________________________________________________________________________________
Volleyballbana
Fakta:
Underlag: Gras
Banestorleik: 16x8 m
Netthøgd: 2,1 m
Tribunefasilitetar: Naturtribune
Tilskodarkapasitet: N/A
Tilskodarrekord: 0
Om:
Vollyballbana vart bygget som eit prøveprosjekt i 2008, men etter eit par år med seriøst vedlikehald og fraværande interesse har bana sida stått for fall. Ein grunn er at nette aldri heilt vart ferdigutvikla og i åra etter vart det bygget ei betre plassert bane på eit jorde hos brødreparet Bringsvor. Dermed ser det dessverre ut til at Vollyballbana på Voksa har sett sine beste dagar.
____________________________________________________________________________________________________________
Viste du at?
- Det vart klipt eit innleggsområde til Voksa Stadium som etter kvart utvikla seg til å bli ei flott volleybalbane.
- Volleyballbana har sett sine glansdagar etter at det for nokre år tilbake vart bygga ei volleyballbane på Sandsøya.
- Volleyballbana var ikkje så veldig populær, men det har blitt spelt heile 2 kampar på bana.
- Første kampen nokon gong spelt, fann stad heilt tilbake i 2008 og tok brått slutt ut i tredje sett pga at volleyballen hamna i ein piggbusk og sto ikkje til å redde.
VFC TV-studio
Fakta:
Byggår: Hausten 2010
Storleik: 2,40 H x 3,60 B
Bygget av: Kryssfinerplater og grønmaling
Publikumsfasilitetar: Stolar
Tilskodarkapasitet: 6
Tilskodarrekord: 0
Viste du at?
- Den første VFC TV-sendinga fann stad i green-rommet (studioet) jula 2010, før redaksjonsgruppa kunne med å fjerne den grøne bakgrunnen.
- Under innspeling er det stort sett ingen som står bak kamera.
- Sending nr 4 er det nest lengste programmet med ei lengde på 28.50min og det mest sette programmet med heile 178 sjåarar!
- Sending nr 8 er det kortaste VFC-TV programmet med ei lengde på berre 14.52min, ikkje nok med det. Det er også det programmet med lågast sjåartal berre 45...
Om:
Kvar ideen om å lage eit tv-konsept ved navn VFC TV kom frå er ikkje heilt klart, men det som er klart er at det kan ha hatt ein samanheng med den noværande tv-redaktørsjefen Kristoffer Strand sitt ihug etter å fange virkeligheita på film. Det er ein fin måte å oppdatere og ikkje minst informere dei rundt klubben med kva som foregår. Det mest vanlege er at VFC TV på eit eller anna vis klarar å rote seg med på det som skjer av cupar og andre høgdepunkt i klubben.