- Anlegget på Voksa
- Gammalt nytt
God jul frå banemennene!
Av Kristoffer Strand 24.12.13
.............................................................................................................................
Ikkje nok med at graset på bana veks og blomane spirar på sjølvaste julaftan, men graset er også framleis nesten like grønt som det var i somar.
-Ein treng jo ikkje reise til Thailand i jula lenger når temperaturen tilseier shortsvær her i noreg! Sa ein fornøgd banemann 1 før han legg til at banemann 2 har gjort ein fremragande jobb med å halde graset grønt.
-Eg veit ikkje heilt kva han har gjødsla med, men funkar det gjær det! God jul alle raude!
______________________________________________________________________________
Flagget er borte!
Av Kristoffer Strand 03.08.13
.............................................................................................................................
Alt var klart kvelden før grilldagen skulle sparkast i gong på Voksa Stadium, netta var oppe, graset var klippet både med klipper og saks, hjørneflagga var kommen på hjørnestengene og flaggstanga sto endeleg loddrett att. Banemennene sto oppe på haugen og speida utover anlegget ein siste gong, og då, då fekk dei auge på at flagget mangla!
Skuffa kvar flagget har sin kvileplass vart opna, banemennene leita rundt i ho, men flagget var ikkje der! Skuffer vart reven opp, skåp vart opna og innhaldet vart snudd på hovudet, men flagget var borte!
Torsdagen kom og det var perfekt flagg vind på Voksa, men nedanfor flaggstonga sto det to banemenn og kleia seg i bakhovudet. Klubbdirektør Kristoffer Strand kalla inn til eit krisemøte med banemennene og idear som å lage eit provisorisk flagg av genseren til banemannen vart diskutert utan hell.
Dag vart til ettermiddag, grillen var varm og Voksa Stadium opna for gjestar, men flagget var og forblei borte. Trass eit bortkomen flagg vart det eit vellukka arrangement kor supporterar og spelarar fekk snakka og grilla saman før sesongens første trening vart gjennomført. Som nemnt tidlegare trur klubbdirektøren dette er eit arrangement ein kan byggje vidare på til neste år, og han lovar på vegne av leiinga og banemennene at til da er flagget komen til sitt rette.
-Leiinga og banemennene ser på denne hendinga som svært alvorleg og vi skal ha eit nytt møte i slutten av august kvar temaet vil være det forsvunne flagget. Der vil vi diskutere kva vi skal gjære om flagget ikkje blir funnet, skal det investerast i nytt eller skal vi prøve å kontakte den lokale kunstnaren som mala det førre som ei billigare løysning? Vel ikkje veit eg, akkurat no fokuserast det på å finne flagget. Det som ikkje er brent eller stålen kjem til sitt rette før eller seinare, sa ein snakksam men irritert klubbdirektør.
VFC Nett vil kome tilbake med meir om denne saka straks det skjer noko. Har du sett høyrt eller lukta noko om denne saka, så ta kontakt på 93261120!
______________________________________________________________________________
Voksa-veka 2013: Dag 2 og 3!
Voksa-veka 2013: Dag 1!
Målet er å stå støtt!
Den i utgangspunktet "geniale" ideen skulle vise seg ikkje å vere så genial likevel, så no ligg målet på North Stand og forfell.
Då Voksa Stadium først vart tatt i bruk, vart det bygd eit fotballmål på sørenden av stadion. Det vart slått godt ned i jorda slik at det skulle tåle både "vær" og vind. Vind har det tålt, for til og med Dagmar var innom på eit vått besøk utan å lykkast, men når det kjem til "vær" eller sauer har det ikkje gått like bra. (Meir om dette kan du lese i sjølvbiografien til målet i sør med navnet "Målet i sør" som kjem ut denne hausten.)
Det tok ikkje lange stunda frå det første målet var sett opp før mål nr 2 var under planlegging. Dette skulle ikkje berre vere eit alminneleg fotballmål, men målet var å lage eit mål som var solid nok til å kunne flyttast rundt utan å stikke stengene ned i jorda. Grunnen til at det skulle være flyttbart var etter oppfordring frå banemannen: - Viss målet er flyttbart, kan ein flytte rundt på det, var beskjeden. Kjenner ein banemannen og les mellom linjene så meinte han eigentleg at: Er målet flyttbart, så sparer ein underlaget for slitasje ved å flytte rundt på det.
Målet vart ferdig og såg ikkje så aller verst ut. Flyttbart var det òg, men flytta rundt vart det ikkje. Målet vart ståande på staden kvil og graset vart oppsparka akkurat som banemannen hadde spådd. Grunnen var nemleg at målet vart for tungt og upraktisk anlagt til å kunne flyttast.
Målet har kollapsa fleire gonger grunna vind og "vær", men det har også blitt sett opp igjen. Over tid har dette tært på treverket og då vinden no i vår bestemte seg for å trekke eit andedrag, trakk målet det siste.
Sidan da har målet blitt liggande og gitt VFC-leiinga ekstra hovudbry, men no har klubbdirektør Kristoffer Strand og resten av leiinga fått nok.
- Denne gongen blir ikkje kjeppane stukke i hjulet, men i jorda! sa ein prega klubbdirektør.
Det går også rykter om at det skal avholdast dugnad på Voksa Stadium i sommar, men dato og stad er i følge klubbdirektøren ennå ikkje avklart.

Mykje nytt!
Banen var for "kul" i påska
Av Kristoffer Strand 08.04.13
..............................................................................................................................
Påska kom tidleg i år, og sidan Kong Vinter ikkje klarte å sleppe taket i tide, vart påska ei humpete affære for dei som møtte til den første uoffisielle treningsøkta på Voksa Stadium.
Vêret var upåklageleg og vinden hadde gått i ly, og mens nokre av VFC sine spelarar var opptatt med å springe raskast på sju toppar, gjennomførte brødreparet Lasse og Kristoffer Strand årets første trening på Voksa Stadium. Det vart ei humpete oppleving på delar av bana, og ifølge brødreparet må nok frosten sleppe taket, graset byrje å gro og ikkje minst må ein få ei godkjenning frå banemannen sjølv før ein kan spele skikkeleg fotball på Voksa Stadium.
VFC Smånytt kjem tilbake med meir straks graset gror.