
Siste nytt
..............................................................................................................................................................................
..............................................................................................................................................................................

Grøn glede på Voksa Stadium!
Av Kristoffer Strand 04.06.15
.............................................................................................................................
Lukta av nyklippa gras er tilbake på Voksa Stadium, banemannen er heime frå Thailand og aldri har utgangspunktet på bana sett bedre ut i det vi går inn mot ein ny somarsesong.
Betre seint enn aldri er eit kjent utrykk hos Voksa FC. For ei drøy veke sida vart årets første klipp på Voksa Stadium unnagjort, og det i grevens tid skal ein tru banemannen som meiner sjølv gjengen i programmet grøn glede ville hatt problemer med denne hagen.
-Det likna dissa amerikanske kornåkrane, og ein kunne nestan halde på med gøymeleik!
Banemannen har akkurat komen heim etter sitt vanlige vinteropplag i Thailand med godt synlege solmerkar der gummistøvlene slutta. Trass det lange graset er han likevel nøgd med situasjonene, og meinar utgangsponktet etter ein lang vinter aldri har vore betre enn i år.
VFC nett har laga eit samandrag av det to timar lange foredraget banemannen hald for oss:
Det var veldig lite slitasjeskadar på netta som er fyste gong sidan bana vart laga! Alle patentar er noenlunde intakt og med god hjelp frå banemann 2 og 3, er den spente gras-situasjonen no under kontroll. Banemann tre er også godt i gang med rydding av innpåslitande tre. På den negative sida måtte flaggstonga og målet på "north end" i år som alle andre år gi tapt for vinterstormen.
Meir om desse punkta og rykta om at det har vore aktivitet på Voksa Stadium kjem snart, så ta turen attende!
Medaljens bakside
Av Kristoffer Strand 14.05.15
.............................................................................................................................
Missnøgde supportarar gjekk til handling mot ein hardt pressa klubbdirektør. Det har vore ein dramatisk vinter skal ein tru leiinga i klubben, som no er på tokt for å vinne tilbake tilliten hos supportarane.
Det har sportslegsett vore lite suksess for Voksa FC etter at klubben i 2012 vann SR Grendacup. Mange trudde det heile var over og at klubben skulle leggast ned etter at klubben ikkje stelte istand noko som helst i klubbens jubileumsår som var i fjor. Mange supportarar vart djupt såra og vonbroten og vende klubben ryggen, klubbdirektør Kristoffer Strand vart så pressa opp i eit hjørne at han måtte grave seg gjennom veggen for å kome seg unna. Etter gjentatte demonstrasjonar utanfor heimen hans, vart det så ille at han måtte flytte frå Trondheim og bor no på ei hemmeleg adresse en annan stad.
Sidan har ingen høyrt noko frå han eller resten av leiinga. Hendinga skjedde i vinter og etter å ha snakka med augevitnar på staden var det ein svæt spent og uheldig situasjon for klubbens framtid.
VFC Nett har kom i kontakt med ein talsmann frå supportarklubben som hadde dette å seie om saka.
"Vi har starta kronerulling slik at vi kan leige eit fly som skal fly over Voksa Stradium med eit skilt kvar det står: Nokon må gå, helst klubbdirektøren!"
Klubbens framtid er meget spent og usikker, men ein ting er sikkert og det er at vi kjem tilbake med meir om denne saka straks det skjer noko.
Nok ein gong dramatisk
Av Eirik V. Bringsvor 28.12.14
.............................................................................................................................
Voksa FC kom nok ein gong i fokus då årets Castrol Cup vart avvikla i dag. For vår eigen del gjekk det som så mange gongar før - og så altfor ofte - sånn sirka åt skogen. Forutan imponerande dårleg dømming, var det fleire ting som vi i ettertid kan stusse litt i.
For det første spelte laget som gjekk vidare på Voksa FC si bekostning - og som attpåtil slo VFC - med ein spelar som eigentleg skulle spele for eit anna lag. Dersom han også spelte for sitt eigentlege lag (etter VFC-fylgjet var heimreist), er dette ei svært interessant sak.
Dei som hugsar eit år tilbake i tid, veit nemleg at vår eigen Vegar Prozenko vart nekta å spele for VFC fordi han skulle representere eit lag i ei anna klasse.
Dersom laget hadde vorte diska, ville Voksa FC fått tre poeng i den inbyrdes kampen, og dermed stått med ni poeng og avansement.
Klage vart derimot ikkje lagt inn fordi arrangøren er korrupt.
Men over til det sportslege. Trass i exit etter gruppespelet, gjekk laget i null når det kjem til sigrar kontra tap i løpet av dagen. To vunne og to tapte kampar gjorde innsatsen ikkje så verst likevel.
Voksa FC stilte med denne troppen:
Før cupen: Castrol Cup 2014
Av Eirik V. Bringsvor 28.12.14
.............................................................................................................................
Klokka er 06.00, snøen lavar ned og Voksa FC sine spelarar er oppe før fugl skit på golvet i Olivinhallen. "Alle" er "klare" for dagens bataljer.
Troppen til dagens er ubekrefta og som følger: 1 Lasse Strand Gule, 3 Vegar Prozenko, 7 Sondre Voksøy Bringsvor, 9 Eirik Voksøy Bringsvor, 11 Thomas Voksøy Bringsvor, 14 Kristoffer Strand, x Geir Inge Myskja og x Marcus Beitveit.
Som de sikkert legg merke til, har vi i dag to nye debutantar - ikkje til forveksling med dei gamle debutantane...
Korleis det vil gå i dag er nok "spennande" for mange. Verdt å vite i så måte er at laget trente på snø i november 2010, noko som skulle styrke aksjane i dagens snøvêr.
Først er det altså fire gruppespelskampar, før det deretter eventuelt er ein eventuell semifinale, før det eventuelt eventuelt eller eventuelt ikkje er ein høgst eventuell finale like før klokka 14 i ettermiddag. Truleg "gidd" ikkje VFC å vere til stades heilt til det.
Men under har hendt før.
Innepakka juleoverrasking
Av Eirik V. Bringsvor 23.12.14
.............................................................................................................................
Det har vore stille som grava i Voksa FC i fleire månadar. Kvelden før kvelden kan vi med glede meddele at det vert det ein slutt på. I alle fall for ei stakka stund. Laget er nemleg tradisjonen tru påmeldt Castrol Cup 2014.
Komande søndag, den 28. desember, deltek Voksa Football Club i denne turneringa for fjerde gong. Så å seie kvar gong har det gått skeis, men det var sjølvsagt gløymt då jula nok ein gong byrja nærme seg, og alternativa til julesprell gjekk an å telje på ein finger. Ein får håpe at spelarane får ut fingeren og kjem metallrike attende frå vanylvslandet.
Kampoppsettet er kome ut, og kan finnast her: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=1406107&CatId=30552
Når det gjeld tropp til cupen, har nettredaksjonen fått svært lite informasjon. Rykte om både ein og annan nyspelar har drive i land saman med salt sjø, men vi understrekar at dette må takast med både ei og to klyper vatn. Truleg kjem vi med all nødvendig info laurdag kveld. Men for no, kvelden før kvelden, god raud jul til alle!
Dessverre ikkje meir feiring
Av Eirik V. Bringsvor 17.08.14
.............................................................................................................................
Det vert dessverre ikkje noko meir av den mykje lova og litt annonserte femårsjubileumsfeiringa av Voksa FC. Dette kjem fram av ein offisiell uttale frå klubbleiinga, som seier seg leie for at fansen dermed går glipp av potensielle hendingar på Voksa Stadium. Dermed vert treninga som vart halde den 29. juni ståande som einaste markering av jubileet. Kanskje kan vi som plaster på såret sjå fram til eit større arrangement neste år, men for denne gong er ein ting sikkert - festen er over!
Tidenes sitat
.......................................