Om klubben

Historia om Voksa FC

...............................................................................................................................................................................

Eventyret Voksa Football Club starta i det små då Kristoffer Strand flytta frå Sandsøya til Voksa hausten 2007. Her fann han raskt ut at det var ei ledig mark som passa perfekt til fotballstadion. Kristoffer fekk straks vennegjengen, inkludert brørne Eirik og Thomas Voksøy Bringsvor, med på galskapen, og fotballbana vart sommaren etter ein realitet. Først vart det sett opp eit sjuarmål i sydenden, men ikkje lang tid etter vart nye idear realiserte. Og då var Voksa Stadium plutseleg i boks. Året etter, nærmare bestemt forsommaren 2009, vart ideen om å lage ein eigen fotballklubb til. Voksa FC skulle den få som namn. Ei rekkje magiske kveldar og netter i juni det året førte til at klubben til slutt vart stifta ein gong natt til 12. juni 2009. Etter det har klubben aldri sett seg tilbake, og etterkvart har det vorte utført nye og dristigare prosjekt som for eksempel oppgradering av stadion, innkjøp av eigne drakter med logo og namn, produksjon av eigne Nett TV-program, og you name it!

Det førebelse høgdepunktet i klubben si historie var då Voksa FC deltok i innandørscupen Castrol Cup på Åheim den nest siste dagen i 2010. Det skulle altså gå nokså nøyaktig halvanna år før klubben debuterte i kampsamanheng, det etter tallause treningar både på graset på Voksa Stadium og andre stadar, både ute, inne, på snødekt grusbane, og i ballbingar. Som ein perfekt start på karrieren tok VFC like godt heim sigeren i lagets første kamp, då Aarvika Ballklubb 2010 vart slått. Tidenes første målscorar for klubben vart Vegar Prozenko, som vart handla inn hausten 2010. Dessverre enda dei to neste kampane med tap, så VFC vart slått ut av gruppespelet i Castrol Cup. Men spelarar, leiing, og resten av Voksa Football Club, la seg ikkje ned med knekt rygg av den grunn, så heile klubben gjekk inn i 2011 med store ambisjonar og enda fleire planar enn nokon gong. Framtida ser lys ut for Voksa FC!

Skrive vinteren 2011.
Biletet: Voksa Stadium ein vakker og solfylt sommardag i 2010.


...........................................................................................................................................................................................................................


 Stifting

.....................................................................................................................

  • Voksa Football Club vart stifta 12.juni 2009 av grunnleggarane Kristoffer Strand og Eirik Voksøy Bringsvor.
  • Voksa FC sitt føremål er å gje eit fullgodt fotballtilbud til små og store.
  • VFC er ein uavhengig fotballklubb.
  • VFC si heimebane heiter Voksa Stadium.
  • VFC si offisielle heimeside er voksafc.yolasite.com.

Fakta Voksa Football Club

...............................................................................................................................................................................


Voksa FC
Namn:                            Voksa Football Club
Adresse:                         Voksa Stadium, Voksa
Postnr./-stad:                  6089 Sandshamn
Stifta:                             12.juni 2009
Heimebane:                     Voksa Stadium
Supporterklubb:               Voksa FC Supporters' Club
Debut:                             Castrol Cup 2010, Olivinhallen Åheim 30.12.10
                                      (1. kamp: Seier 1-0 mot Aarvika Ballklubb 2010)
Største seier:                   6-0 mot Larsnes, Grendacup 2011 Oshaugane Stadion Sandsøya 18.06.11
Største tap:                     5-1 mot Isane Turn & Idrettslag, Castrol Cup 2010 Olivinhallen Åheim 30.12.10
Clean sheets:                  14 kampar (pr. 28.12.14)



Voksa Stadium
Adresse:                          Voksa, 6089 Sandshamn, Møre og Romsdal
Underlag:                         Gras
Banestorleik:                    26.5x22 m
Målstorleik:                      7-ar (2x5 m)
Tribunefasilitetar:              Naturtribune
Tilskodarkapasitet:           N/A
Tilskodarrekord:               8 (25. juli 2013, trening)
Offisielle kampar:             0


Styre/leiing:
 

Adrian Tišťan


Eigar

Fakta:


Født: 11.desember 1991 (Ruzomberok)
Nasjonalitet: Slovakia
Høgd: 196 cm
Kjøpte klubben: 2010

Om:

Adrian kom til Norge for å besøke klubbdirektør Kristoffer Strand sommaren 2010, men det som såg ut til å være eit uskyldig lite besøk, enda med at den nesten to meter høge slovaken kjøpte Voksa Football Club for heile 1 kr! 

Sidan har han trona øvst på rangstigen sjølv om både spelarar og leiinga har klaga på den sparsame økonomipolitikken. Så gjenstår det å sjå kor lenge leiinga finn seg i tingenes tilstand.

Kristoffer Strand


Klubbdirektør

Fakta:


Født: 14.januar 1992 (Kristiansund)
Nasjonalitet: Norsk
Høgd: 177 cm
Ansatt: 2010

Om:

Kvisleis Kristoffer Strand enda opp med klubbdirektørjobben er enno uavklara, og sjølv om fjoråret var eit turbulent år kvar direktøren var på veg ut bakdøra, ser det no ut til å vere lys i enden av denne tunellen og.

Kristoffer Strand har gjort sakene sine sidan han vart ansatt i 2010 og kunne stolt skryte av klubbens første trofe etter suksessen under SR Grendacup 2012.

Eirik Voksøy Bringsvor


Dagleg leiar

Fakta:


Født: 14.februar 1994 (Volda)
Nasjonalitet: Norsk
Høgd: 186 cm
Ansatt: 2010

Om:

Som ein av initiativtakarane til klubben som konsept, var Eirik Voksøy Bringsvor sjølvskriven i ein av leiarstillingane. Utan sug om å vere i rampelyset til ei kvar tid, tok han gledeleg på seg rolla som dagleg leiar.

Med tida har VFC sin daglege leiar fått det spøkefulle tilnamnet "nattleg leiar" på grunn av sitt nattbaserte arbeid i høve Grendacup-arrangementa i 2011 og 2012. Å ta seg vatn over hovudet er ei kjend øving for denne karen.

Thomas Voksøy Bringsvor


Sjef for kvalitetssikring

Fakta:


Født: 20.november 1991 (Volda) 
Nasjonalitet: Norsk
Høgd: 189 cm
Ansatt: 2010

Om:

I ein klubb av Voksa FC sitt kaliber trengst det kvalitet i alle ledd, frå banemerking på Voksa Stadium til rettskriving på divese fora. I dette høvet gjorde klubben ein av sine beste, av få, tilsetjingar.

I rolla som kvalitetssikrar har Thomas Voksøy Bringsvor brakt klubben til eit heilt nytt nivå i løpet av få år. No kan supportarane stole på at alt som kjem ut av Voksa-fabrikken er både dobbel- og trippelsjekka, og dermed av høgaste kvalitet.

Make a Free Website with Yola.