
Sesongen 2011/12
Sesongen 2011/12 var ein stabilt god sesong for Voksa FC. Det heile starta med at VFC overraskande tok seg heile vegen til finalen under ÅVK Summer Games 2011, men vart eit par hakk for små for løpssterke Oddvins All Star. Det heile enda med eit 4-0 tap i finalen og ein meget respektabel andreplass.
Neste cup på programmet var Castrol Cup som vart sparka igang romjula 2011. Året før debuterte Voksa FC som fotballklubb nettopp i denne turneringa, og ettersom det enda med ein "ok" respektabel tredjeplass i gruppa, var forventninga og forhåpninga litt høgare framfor årets turnering. Det vart gjort forandringar i oppsettet berre timane før turneringa skulle sparkast igang, noko som førte til at det vart fem lag i Voksa FC si gruppe. Dermed vart konkurransen enda tøffare og sjølv om klubben tok 5 poeng vart det dessverre ikkje nok til å ta seg vidare i turneringa.
Alt i alt ein positiv ok sesong for Voksa FC.
PS. På grunn av flyttinga av Grendacupen på Sandsøya frå juni til august, vart det med to hendingar i sesongen 2011/12.
ÅVK SUMMER GAMES 2011
_____________________________________________________________________________________________________________________________
CASTROL CUP 2011