SR Grendacup 2013

Årets arrangement

...............................................................................................................................................................................

Også i 2013 vart Grendacupen på Sandsøya arrangert. Berre fire deltakarlag gjorde cupen noko mindre i omfang enn året før, men spenninga vart minst like stor. Begge klassene måtte avgjerast på straffesparkkonkurranse. Resultatet vart at Kvamsøy stakk av med vandrepokalane for både Aktiv og Old Boys. For andre året på rad var publikumsoppmøtet litt skuffande, og arrangøren har uttalt at noko må gjerast dersom det skal vere liv laga å halde fram med Grendacupen i framtida.


_____________________________________________________________________________________________________________


Velkommen til SR Grendacup 2013

...............................................................................................................................................................................

Tid:        Laurdag 29. juni 2013

Stad:      Oshaugane Stadion, Sandsøya

Arr.:       Sandsøy IL og Voksa FC


Sandsøy IL inviterer nok ein gong til årets fotballhøgdepunkt på Oshaugane Stadion. Etter dei vellukka arrangementa dei to siste åra, vil vi også i år prøve å legge til rette for ei artig fotballturnering. Til det treng vi deltakarlag!

Opplegget vert om lag som i fjor. Vi deler opp i klasser for aktiv og old boys. I utgangspunktet vert det sjuarfotball, men det kan bli aktuelt å spele femmar dersom laga ikkje har nok spelarar. Lengda på kampane er avhengig av talet deltakande lag – omtrent 1 time speletid totalt per lag uansett.


OPEN KIOSK          •          SPEAKERTENESTE          •          DIVERSE AKTIVITETAR

_______________________________________________________________________________________


DELTAKARLAG AKTIV-KLASSA

Voksa FC          •          Kvamsøy



DELTAKARLAG OLD BOYS-KLASSA

Kvamsøy          •           Sandsøy



Samleside for alle nyheitsartiklar om cupen:

Her finn du alt som har vorte skrive om SR Grendacup 2013!

Oppsummering/tilbakeblikk

...............................................................................................................................................................................

Slått etter straffer

Av Eirik V. Bringsvor 30.06.13
...........................................................................................................................

Berre to lag i aktiv-klassa sette ingen dempar på spenninga under gårsdagens SR Grendacup. To resultatmessig jamne kampar mellom Voksa FC og Kvamsøy gjorde at årets vinnar måtte kårast etter straffesparkkonkurranse. Dessverre feila laget då det galdt som mest.

To bom på dei to første, og to treff på dei to neste forsøka frå åttemeteren før Kvamsøy scora på det femte, gjorde at Voksa FC denne gongen måtte bite i den sure svela og sjå tittelen som regjerande meister  reke over fjorden.

Første kamp starta noko rufsete, og ein kom ikkje skikkeleg inn i kampen før mot slutten. Kvamsøy si eine scoring sytte for underlege halvvegs. Ein old boys-oppvarma Anders Bringsvor kom inn på laget i siste og avgjerande kamp, og var med på einvegskøyringa. Kvamsøy var farlege på kontringar, og når keeper i tillegg stengde buret, vart det vanskeleg for VFC. Det måtte eit straffespark til for å utlikne til 1-1. Thomas Voksøy Bringsvor missa først, men fekk eit nytt forsøk fordi keeper gjorde opptil fleire ureglementerte sprell.

Dermed gjekk oppgjeret til ekstratid. Fem minutt var ikkje nok til å få inn den avgjerande scoringa, så det heile måtte avgjerast med straffesparkkonkurranse. Anders Bringsvor og Kjell Even Toftesund missa på dei to første, medan Kristoffer Strand og Thomas Voksøy Bringsvor fekk nettsus. Men Voksa fekk aldri ta si femte straffe, sidan Kvamsøy putta fire av sine fem.

Finale, del 1: Kvamsøy - Voksa FC 1-0
Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Torstein H. Hansen - Thomas V. Bringsvor - Kjell Even Toftesund | Kristoffer Strand - Emil G. Sandsbakk - Sondre V. Bringsvor
Innbytte: Eirik V. Bringsvor

Finale, del 2: Voksa FC - Kvamsøy 1-0
Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Eirik V. Bringsvor - Thomas V. Bringsvor | Kjell Even Toftesund - Anders Bringsvor - Torstein H. Hansen | Emil G. Sandsbakk

Innbytte: Kristoffer Strand 

Make a Free Website with Yola.