Nyheiter SR Grendacup 2013

Cup er cup...

Av Kristoffer Strand 11.07.13
...........................................................................................................................


Supportarane var knust etter at Voksa FC rauk på straffer og rivalen Kvamsøy stakk av med alt av sølvtøy, og det vart høg temperatur både på og utanfor banen under årets SR Grendacup.

Tradisjonen tru varma sola godt der ho hang over Oshaugane Stadion under årets SR Grendacup som til slutt handla om fire lag: Sandsøy, Kvamsøy og Voksa FC. Old Boys-klassa mellom dei to førstnevnte sparka igang cupen med eit forsiktig brak. Det var ein jamspelt, men målrik kamp mellom to erfarne lag over to omgangar som til slutt enda med både ekstra tid og straffespark for andre året på rad. Det skulle vise seg å være fordel Kvamsøy som trakk det lengste strået i år som i fjor og tok med seg pokalen tilbake til Kvamsøy nok ein gong. Voksa FC vil med det gratulere Kvamsøy med sigeren i Old Boys-klassa!

Den neste kampen mellom Voksa FC og Kvamsøy vart ikkje like målrik, men spennande til siste slutt det vart den. Det var ein kamp kor mykje sto på spel, noko som resulterte i høg temperatur midtvegs ut i andre omgang. Til pause leda Kvamsøy 1-0, men då dommaren bles for full tid var stillinga 1-1. Etter litt ekstra tid vart det også her klart for straffespark. Etter to bom frå VFC var det klart, Kvamsøy kom sigrande ut av årets "straffecup", tok med seg rubbel og bit og for heim til "trofeøya" Kvamsøy. 

Klubbdirektør Kristoffer Strand vil på vegne av heile VFC gratulerer Kvamsøy med sigrane, men med bismak i munnen lover han fansen dette:
-Trofeet blir å finne på Voksa Stadium neste år! Det lovar eg, om vi så må ro over fjorden for å hente det! sa klubbdirektøren i ein kort kommentar.

Med det vil Voksa FC takke: Kvamsøy for oppmøte, alle som gjorde ein innsats både før under og etter cupen og ikkje minst dei som kom for å sjå årets begivenheit på Oshaugane Stadion. Alt om cupen finn du under "Grendacupen" i menyen øverst. 


Slått etter straffer

Av Eirik V. Bringsvor 30.06.13
...........................................................................................................................

Berre to lag i aktiv-klassa sette ingen dempar på spenninga under gårsdagens SR Grendacup. To resultatmessig jamne kampar mellom Voksa FC og Kvamsøy gjorde at årets vinnar måtte kårast etter straffesparkkonkurranse. Dessverre feila laget då det galdt som mest.

To bom på dei to første, og to treff på dei to neste forsøka frå åttemeteren før Kvamsøy scora på det femte, gjorde at Voksa FC denne gongen måtte bite i den sure svela og sjå tittelen som regjerande meister  reke over fjorden.

Første kamp starta noko rufsete, og ein kom ikkje skikkeleg inn i kampen før mot slutten. Kvamsøy si eine scoring sytte for underlege halvvegs. Ein old boys-oppvarma Anders Bringsvor kom inn på laget i siste og avgjerande kamp, og var med på einvegskøyringa. Kvamsøy var farlege på kontringar, og når keeper i tillegg stengde buret, vart det vanskeleg for VFC. Det måtte eit straffespark til for å utlikne til 1-1. Thomas Voksøy Bringsvor missa først, men fekk eit nytt forsøk fordi keeper gjorde opptil fleire ureglementerte sprell.

Dermed gjekk oppgjeret til ekstratid. Fem minutt var ikkje nok til å få inn den avgjerande scoringa, så det heile måtte avgjerast med straffesparkkonkurranse. Anders Bringsvor og Kjell Even Toftesund missa på dei to første, medan Kristoffer Strand og Thomas Voksøy Bringsvor fekk nettsus. Men Voksa fekk aldri ta si femte straffe, sidan Kvamsøy putta fire av sine fem.

Finale, del 1: Kvamsøy - Voksa FC 1-0
Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Torstein H. Hansen - Thomas V. Bringsvor - Kjell Even Toftesund | Kristoffer Strand - Emil G. Sandsbakk - Sondre V. Bringsvor
Innbytte: Eirik V. Bringsvor

Finale, del 2: Voksa FC - Kvamsøy 1-0
Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Eirik V. Bringsvor - Thomas V. Bringsvor | Kjell Even Toftesund - Anders Bringsvor - Torstein H. Hansen | Emil G. Sandsbakk
Innbytte: Kristoffer Strand

 

Berre åtte veker igjen

Av Eirik V. Bringsvor 04.05.13
...........................................................................................................................

Planlegginga og førearbeidet til årets SR Grendacup er i desse dagar endeleg kome i gong. Laurdag 29. juni er fastlagt som dagen for det heile, og i tida framover vert det å invitere og overtale aktuelle lag til å delta. Størstedelen av ansvaret for arrangementet ligg i år på Sandsøy IL.

Det er i dag nøyaktig åtte veker til siste laurdagen i juni. Sjølv om Sandsøy IL står som hovudarrangør av årets turnering, har Voksa FC ikkje overraskande ein finger eller to med i spelet også i år. Spesielt det som har med annonsering, promotering og fargelegging av arrangementet er det VFC som bidreg med. I tillegg vil vi sjølvsagt dekke cupen både før, under og etter med eit journalistisk skråblikk.

I år vert Grendacupen arrangert for tredje gong i "nyare" tid. I 2011 og 2012 vart turneringa arrangert a'la VFC. Før dette hadde Sandsøy Idrettslag arrangert old boys-turnering nokre år fram til og med 2007. På 80- og 90-talet gjekk Sandsøy-cupen av stabelen årleg, då med A-laga til dei næraste bygdene sine idrettslag som deltakarlag.

VFC Nett får opplyst frå Sandsøy IL at arbeidet med å invitere lag ikkje er kome i gong enno, men at det vil skje snarast. I mellomtida vil Voksa FC gå ut i frå at det vert eit kvart av same storleik som i 2011 og 2012.

På våre nettsider samlar vi all info om SR Grendacup her, medan idrettslaget har oppretta eit arrangement på Facebook, der all offisiell info vil vere å finne. Dit kjem du ved å trykke her (rett nok berre dersom du har eigen brukar der). Også Sandsøy IL sine nettsider kan vere til hjelp. Dei finn du her.



Grendacup på agendaen

Av Eirik V. Bringsvor 08.02.13
...........................................................................................................................

Som det første innlegget her på sida fastslo, er vi no godt i gang med eit nytt år med nye moglegheiter. No når dagane blir lysare og nettene kortare, er det tid for at også nye og gamle idear ser dagens lys. Sjølv om ein dato er føreslegen, er det likevel usikkert om dei siste to år sin reinkarnerte tradisjon SR Grendacup vil gå av stabelen også i år.

Det er av erfaring ein lur idé å skrive ordet "Grendacup" på ein lapp og henge den opp på korktavla. For skal arrangementet bli ein realitet for tredje året på rad, etter ein fire år lang pause frå 2007 til 2011, er det ingen tvil om at fleire klutar må setjast i sving. Helst så tidleg som mogleg.

Begge dei føregåande åra har cupen vore eit samarbeidsprosjekt mellom Voksa FC og Sandsøy IL. Eigentleg var det SIL som hadde arrangementet i fleire år før naboklubben vart fødd, men då cupen hadde lege brakk i fire år, var det VFC som stod i bresjen for å få den opp og gå igjen. Mest av alt var det eit forsøk på å lage ei hending for klubben sjølv, det skal seiast.

Men no er Grendacupen på Sandsøya tilbake som eit fast sommarinnslag, vonleg, og diverse pådrivarkrefter i Voksa Football Club vil nødig la det ein har opparbeidd seg, sakte men sikkert rotne opp. Difor er det nødvendig å forbetre delar av arrangementet. Spesielt det sportslege er utfordrande. Eit sterkare samarbeid mellom klubbane er ønskjeleg. Første sjanse i så måte er årsmøtet i Sandsøy Idrettslag 1. mars. Ved eit slikt høve vil det vere gunstig å spikre eit stort skilt med påskrifta "Grendacup" opp på døra slik alle ser og veit. Så spørst det om nokon evnar, vil og kan...


 

Dagleg leiar ser framover

Av Eirik V. Bringsvor 25.08.12
...........................................................................................................................

Dagleg leiar Eirik Voksøy Bringsvor har endeleg hatt nokre dagar å summe seg på dei siste to vekene, etter at det vart jobba dag og natt den siste tida før Grendacupen. Han seier seg godt nøgd med gjennomføringa av arrangementet, og ikkje minst ser han framover. Neste år vil SR Grendacup etter alt å dømme gå av stabelen laurdag 22. juni, og det er nokre ting han kan tenke seg å rette på til det.

- Først av alt vil eg nytte høvet til å gratulere alle involverte med ein flott cup arrangementsmessig, og ikkje minst vil eg gratulere klubben og spelarane med sigeren, seier ein tydeleg nøgd dagleg leiar to veker derpå.

I fjor vart Eirik kjent som "nattleg leiar", då han, og resten av klubbleiinga, jobba til langt på natt siste kvelden før cupdagen. Historia gjentok seg ikkje overraskande også i år. - Vi i arrangementskomiteen bestemte oss tidleg for å få i gang arbeidet med cupen i god tid, slik at vi kunne unngå det same i-siste-liten-arbeidet som i fjor, seier Eirik før han legg til: - Planane var også større i år enn i fjor, så vi visste at det likevel kunne bli ein del arbeid siste veka, og siste dagen, ikkje minst.

- Og førebuingane gjekk bra dei. Tre veker før cuphelga intensiverte vi arbeidet og fekk på plass ein heil del fortløpande. Det var alt frå kiosk og speakeranlegg, til plakatar og blinkvegg. Det største usikkerheitsmomentet var nok deltakarlaga. Kampoppsettet vart ikkje spikra før siste ettermiddagen (fredag 10. august), men heller ikkje då kunne ein garantere noko. Eg vil heilt forsiktig gi eit lite stikk til Åram som lenge lova å stille lag, men som utan å gi beskjed ikkje kunne kome likevel, seier Voksøy Bringsvor med ein viss forbannelse mellom linjene.

For arrangementet gjekk knirkefritt. Sola skein frå klar himmel heile dagen, og med ein liten sørvest bris var speletilhøva nær perfekte. Dei fem laga som hadde meldt sin ankomst, kom, og ein unngjekk uheldige ulukker med påfylgjande helikopterbesøk slik som i fjor. Men der var ein ting Voksa FC sin daglege leiar sette fingeren på.

- Ja, publikumsoppmøtet kunne vore betre. I alle fall hadde vi håpa på at fleire tok turen til Oshaugane på ein slik dag. Kanskje var det meir populært det som skjedde ved Rosenlund på Sandshamna, men dette vert berre spekulasjonar. Vi har allereie diskutert kva grunnen kan vere, og manglande publisering om arrangementet kan vere ein av grunnane. Det var litt kjedeleg då dei fleste som var ferdige med sine kampar, valte å forlate stadion.

- Neste år vil vi altså byggje vidare på alt det positive, og også rette på desse småtinga. Eit ledd i å få alt fokus på arrangementet, er å finne ein dato som passar. Slik det ser ut no, vert SR Grendacup 2013 arrangert laurdag 22. juni. Det er sannsynlegvis same dagen som jonsokfeiringa på Sandsøya, men denne brukar vanlegvis å starte først i fem/seks-tida. Såleis passar det perfekt, sidan mange utflytta sandsøyingar kanskje vil ta turen på ein slik dag.

 
Make a Free Website with Yola.