
Nyheiter SR Grendacup 2012
Gullet kom heem!
Av Kristoffer Strand 19.08.12..............................................................................................................................
Etterlengta debutant(ar), eit flott preparert anlegg, etterlengta sol, dramatikk til siste spark, mykje fin fotball og mykje mykje meir var berre noko av det årets SR Grendacup hadde å by på.
Alt gjekk vel så og seie som det skulle da Voksa FC saman med Sandsøy IL inviterte til årets hending, nemleg SR Grendacup på Oshaugane stadion laurdag 11. august. Det vart jobba på spreng til siste slutt med all førebuinga som skulle gjerast i dagane før cupen og den siste natta vart ikkje lysa i Oshaugane sløkte før klokka slo slaget halv 1 på natta.
- Vi har med god hjelp frå andre jobba hardt, ikkje berre for å få på plass alt til cupen, men også for å kunne sette ein standard slik at vi kan få den tradisjonsrike cuppen på kartet igjen, sa ein fornøgd klubbdirektør til VFC Nett. Han meiner også at cupen har tatt eit stort steg i riktig retning i høve fjoråret, men at det fortsatt er mykje å gå på.
- Vi lærer undervegs, vi skulle gjort slik eller vi skulle gjort sånn, men all lærdom er nyttig lærdom så får vi fortsette å byggje på det positive. Det er godt å sjå når det blir lagt ned så mykje arbeid at det kjem ein del folk og ikkje minst spelarar, sjølv om tre lag trakk seg frå turneringa, avslutta ein alt i alt meget nøgd klubbdirektør.
Da den store dagen var komen hang sola over Oshaugane akkurat som bestilt og med litt vind i håret var forholda til å sparke igong årets SR Grendacup nær perfekte. VFC TV med eit 3.19 timar langt oppsumeringsprogram samt eit utdrag ifrå baneopninga for 30 år sidan vart vist på ein skjerm i eit telt som var sett opp. Moglegheit for diverse merketaking i form av heading, teknikk og skyting m.m. var der. Ein skytevegg for dei treffsikre og eit bordtennisbord samt eit flott sekreteriat med speakerannlegg, kiosksal og ikkje minst mykje god fotball var noko av det SR Grendacup 2012 hadde å by på.
Som kjent klatra Voksa FC til topps og tok med det første trofeet i klubbens historie og det utan kaptein Anders Bringsvor bak roret på VFC skuta. Han spelte så og seie på alt anna enn Voksa FC, men da kapteinen "svikta", gjorde VFC spelarane mytteri og fekk skuta fort på rett kurs att. Det skal seiast at Anders fekk løyve frå leiinga.
Voksa FC varta til tider opp med festfotball og med resultat som: 3-0, 1-0 og 4-1 var det kun ein som ikkje var heilt nøgd med resultatet i siste kamp.
- Ja, målet var å halde nullen gjennom heile turneringa, så da er det ekstra surt at den sprekk i siste kampen, men alt i alt er eg strålande nøgd, sa VFC sin sisteskanse Magne Olsen som fekk god skryt frå det opmøtte publikumet.
Old boys-spelarane, som la ned god innsats, var også nøgde med dagen. Dei (Sandsøy mot Kvamsøy) spelte 2x20 minutt før Kvamsøy etter ein dramatisk straffekonk vart ståande att som vinnarar av old boys-klassa. VFC Nett gratulerer dei og minner på at ettersom dei stakk av med vandrepokalen, er dei nødt til å kome tilbake og forsvare den til neste år.
VFC Nett vil også kome tilbake med fleire detaljar rundt Voksa FC og SR Grendacup og du vil få svar på kven som endeleg debuterte for VFC.
Klubbdirektøren gratulerer klubben
Av Kristoffer Strand 15.08.12..............................................................................................................................
Det har no gått nokre dagar sidan Voksa FC klatra til topps i årets SR Grendacup og etter at den prestisjefulle vandrepokalen har vore på vandring blandt spelarane i VFC, ankom den endeleg Voksa Stadium til klubbdirektørens store begeistring.
Det var manager Lasse Strand og spelar Kristoffer Strand som brakte pokalen til Voksa Stadium etter at den kvelden før var hos bringsvoringane Eirik og Thomas. Der vart det feira til langt på natt med mykje godt i "koppen" (pokalen). VFC Nett kjenner ikkje til detaljar rundt feiringa, men etter rykta og døme var det berre tvist pokalen var fylt med.
Den tidlegare hardt pressa klubbdirektøren i VFC var ein glad mann etter helgas prestasjon, og han storkosa seg med å halde klubbens første trofe. - Eg er stolt over å kunne stå her og halde klubbens første trofe, eg vil gratulere spelarane, leiinga, ja heile Voksa FC med eit vel gjennomført arrangement både sportsleg og utanomsportsleg, sa klubbdirektøren før han rettar merksemda mot ambisjonssaka. - Dette er eit bevis på at Voksa FC er ein hardtarbeidande klubb med ambisjonar om å nå til topps. Eg håpar no at vi kan rette merksemda mot det sportslege og at eg kan være med å drive klubben i rett retning.
Dermed er det berre ei utfordring att før trofeet er i boks, nemleg å byggje eit premieskåp det kan oppbevarast i.
Voksa FC og Kvamsøy til topps i SR Grendacup 2012!
Av Eirik V. Bringsvor 12.08.12Det var arrangørlaget og øynaboane i sørvest som stakk av med vandrepokalane då årets fotballturnering for dei nærmaste bygdene vart avvikla i Oshaugane på Sandsøya i går. Arrangementet må seiast å vere ein suksess, sjølv om ein nok kunne tenkt seg meir publikum i det strålande vêret. Alt gjekk uansett knirkefritt arrangementsmessig, og ikkje minst; Voksa FC tok heim sin første tittel i klubben si hittil tre år lange historie!
SR Grendacup stadig nærmare - dato framleis uviss
Av Eirik V. Bringsvor 21.05.12..............................................................................................................................
Som tidlegare nemnt har vi lova å kome tilbake med meir info så snart det skjer noko vedrørande årets Grendacup. Og det har det. For det første har Sande Rekneskap, Voksa FC sin hovudsponsor, gått inn som ein del av namnet til cupen, og for det andre har ein kome eit par steg nærmare i å få på plass lag til cupen. Det einaste usikkerheitsmomentet er dato for den store dagen...
- Laurdag 16.juni - sikkert i tidlegaste laget, men elles er der ingenting i vegen for denne dagen.
- Laurdag 23.juni - jonsokaftan med feiring på Sandshamna på ettermiddag/tidleg kveld, elles perfekt (kanskje perfekt uansett..?)
- Laurdag 7.juli - Stedje-helg på Rosenlund. Kanskje ikkje best likevel, med tanke på at det er første helga i fellesferien.
- Laurdag 11.august - kanskje det beste alternativet, sidan det i år ikkje er Kong Arthur-spel. Men klarer vi vente sååå lenge då...!?!?
Planlegginga av årets cup er i gang!
Av Eirik V. Bringsvor 01.05.12..............................................................................................................................
Våren er komen og vêret vert stadig varmare. Voksa FC er no godt i gang med planlegginga av årets SR Grendacup som forhåpentlegvis vil gå av stabelen ein laurdag i månedsskiftet juni/juli. Det meste er framleis usikkert, men her kan du lese kva planane for i år er!
- Old Boys-klasse for spelarar over 35 år - maksimalt to stk. per lag kan ha spelt fotball på aktivt nivå i år.
- Aktiv-klasse for spelarar over 16 år - kan gi dispensasjon for underårige.
- Kampar i 5ar-, 6ar- eller 7ar-fotball alt etter kor mange spelarar kvart lag klarer å stille med.
- Speletid på 10-15 minutt per omgang.
- Deltakarlag i Old Boys: Sandsøy, Kvamsøy, Larsnes + evt. fleire.
- Deltakarlag i Aktiv: Voksa FC, Kvamsøy, Åram, Larsnes + evt. fleire.

Null!
Av Eirik V. Bringsvor 11.08.12Så er dagen komen - i dag går den omfattande fotballturneringa SR Grendacup av stabelen på Oshaugane Stadion på Sandsøya! Etter lang tids planlegging, og kortare tids gjennomføring av planar, er endeleg det meste på plass, og alt ligg til rette for ein artig fotballdag. Oppmøte er såleis obligatorisk, og arrangøren kan lokke med diverse aktivitetar og visuelle godbitar i tillegg til kampane som skal avviklast.

Ein!
Av Eirik V. Bringsvor 04.08.12Då er det berre ei einaste veke att. Det meste av planleggingsarbeidet er spikra, avtalar gjorde, og no står berre utføringa att. Den komande veka vil det vere ymse aktivitet i Oshaugane for å klargjere til årets SR Grendacup på Sandsøya. Men viktigast av alt - deltakarlaga må bekreftast.
Cupleiinga vil altså prøve å kontakte dei aktuelle laga innan kort tid for å få bekrefta ankomst neste laurdag. Forresten er det vedteke at cupen startar 12.30, i samband med at ferja kjem til Voksa frå Larsnes/Åram 12.15. Kvamsøy spelar sine første kampar rundt 13.30, sidan dei kjem med ferja 13.00. Då er det berre å krysse fingrane og håpe på godt fotballvêr neste laurdag. Om alt går etter planen, vert dette ein stordag for både Voksa FC og Sandsøy IL!

To!
Av Eirik V. Bringsvor 28.07.12Denne helga er vi allereie halvvegs i nedtellinga til SR Grendacup laurdag 11. august. I dag er det berre to veker igjen, og den siste veka har ein del brikkar falle på plass. Men som vanleg står det framleis også ein del att.
PS: Vi kan også nemne at eit nytt nummer av supporterbladet Voksa-patrioten vil kome ut i løpet av dei to neste vekene. Har du ikkje meldt deg inn i supporterklubben enno, så bør du gjere det no, for bladet ser absolutt ut til å vere verdt å lese - der er meir eksklusivt stoff enn her på nettsida. Det vil også vere mogleg å kjøpe bladet, og dermed også medlemsskap, på cupdagen. Kontigenten er på usle 50 kr. Du kan også sende ein e-post til voksafc@hotmail.com eller send SMS til anten 994 22 824 eller 932 61 120.

Tre!
Av Eirik V. Bringsvor 21.07.12............................................
Tida flyg i kjend stil, men arrangementstaben står på stedet hvil! Det er i korte ordelag dekkande for kvar vi i dag står, når det er tre veker igjen til SR Grendacup 2012 på Sandsøya!
Dersom ein les mellom dei to korte linjene, fårstår ein altså at den siste veka ikkje har ført til yttarlegare framgong i planlegginga og førebuinga til årets turnering. Det vi likevel kan melde om når det denne helga berre er dryge 20 dagar til elden vert tent, er at det dei komande dagane vil kome til å skje tilsvarande mykje. For no må det meste spikrast og dei konkrete planane setjast ut i livet på ein eller fleire måtar.
Fylg med i dagane framover, så kanskje kjem det rykande ferske nyhende om cupen. Neste helg er vi i alle fall tilbake med ei oppsummering når berre to små veker gjenstår!

Fire!
Av Eirik V. Bringsvor 14.07.12............................................
Nedtellinga til årets største hending startar offisielt denne helga. Det er no berre fire veker igjen, og sjølv om ein stor del av planleggingsgrunnlaget er lagt, står det att ein del arbeid til å gjere desse siste vekene. Uansett ser det no ut til at augusthelga også i år vert å trakte etter. Vi snakkar sjølvsagt om SR Grendacup 2012!
Kvar veke fram mot cupen den 11.august vil VFC Nett kome med oppdateringar rundt arrangementet. Denne gongen kan vi berre melde om at dei fleste laga har meldt at dei vil delta, og at planane elles for hendinga ikkje er kome lenger enn planleggingsstadiet. Men fortvil ikkje, til gjengjeld er desse planane spektakulære! Vi kan nemne at ein prøver å få til eit telt med storskjerm inni, der det vil bli vist klipp frå baneopninga i 1982 og ymse frå det VFC TV har produsert.
Neste helg vil vi kome tilbake med enda meir nytt i neste del av nedtellinga!