
SR Grendacup 2012
Velkommen til SR Grendacup 2012!
...............................................................................................................................................................................
Oshaugane Stadion på Sandsøya laurdag 11. august kl. 12.30
Året 2012 er eit jubileumsår for Sandsøy IL på fleire måtar. Idrettslaget fyller i september 40 år, og i april var det 30 år sidan Oshaugane Stadion vart opna. I høve dette arrangerer vi uhøgtidleg fotballturnering for dei nærmaste bygdene arrangementet vart i fjor innhaldsrikt både på den eine og andre måten, og vi satsar på strålande sol og mykje folk i anlegget også i år!
Bane 60x40 meter - sjuarfotball - kampar à 1x15 minutt
Diverse aktivitetar for små og store på bana elles - konkurransar, merketaking osv.
Om kvelden spelar Steinar Engelbrektson Band på Rosenlund

...............................................................................................................................................................................
.........................................
DELTAKARLAG AKTIV-KLASSA
Voksa FC • Kvamsøy • Larsnes
...............................................
DELTAKARLAG OLD BOYS-KLASSA
Sandsøy • Kvamsøy
...............................................................................................................................................................................
Samleside for alle nyheitsartiklar om cupen:
Førehandsstoff
Av Eirik V. Bringsvor 11.08.12Så er dagen komen - i dag går den omfattande fotballturneringa SR Grendacup av stabelen på Oshaugane Stadion på Sandsøya! Etter lang tids planlegging, og kortare tids gjennomføring av planar, er endeleg det meste på plass, og alt ligg til rette for ein artig fotballdag. Oppmøte er såleis obligatorisk, og arrangøren kan lokke med diverse aktivitetar og visuelle godbitar i tillegg til kampane som skal avviklast.
Tid Kampnr. Klasse Lag
13.00 01 Aktiv Voksa FC – Larsnes
13.30 02 Old boys Sandsøy – Kvamsøy
14.00 03 Aktiv Larsnes – Kvamsøy
14.30 04 Old boys Kvamsøy – Sandsøy
15.00 05 Aktiv Kvamsøy – Voksa FC
15.40 06 Finale, aktiv Nr. 1 Aktiv – Nr. 2 Aktiv
Oppsummering
Av Eirik V. Bringsvor 12.08.12Det var arrangørlaget og øynaboane i sørvest som stakk av med vandrepokalane då årets fotballturnering for dei nærmaste bygdene vart avvikla i Oshaugane på Sandsøya i går. Arrangementet må seiast å vere ein suksess, sjølv om ein nok kunne tenkt seg meir publikum i det strålande vêret. Alt gjekk uansett knirkefritt arrangementsmessig, og ikkje minst; Voksa FC tok heim sin første tittel i klubben si hittil tre år lange historie!
Statistikk
Kampfakta:
Toppscorarlister:
AKTIV-KLASSA:
|
Kampar og resultat SR Grendacup 2012.docx Size : 14.91 Kb Type : docx |
|
Oppslag SR Grendacup 2012.docx Size : 815.514 Kb Type : docx |
|
Invitasjon SR Grendacup 2012.docx Size : 812.237 Kb Type : docx |
Invitasjon SR Grendacup 2012
...............................................................................................................................................................................Dato: Laurdag 11.august
Klasser: Aktiv-klasse: Old Boys-klasse:
> Spelarar over 16 år > Spelarar over 35 år
> Kan få dispensasjon > Maksimum 2 aktive spelarar
Klokkeslett: 12.30-16.00
Avvikling/reglar: Sjuarfotball med tilhøyrande regelverk
Speletid 1x15 eller 1x20 minutt
Alle spelar mot alle, deretter finale mellom dei to beste (etter tabell)
• OPEN KIOSK •
• SPEAKERTENESTE •
• FRAMVISING AV VFC TV OG BANEOPNINGA FRÅ 1982 PÅ LITEN «STORSKJERM» •
VEL MØTT!