
Nyheitsarkivet
Foreløpig uviss Grendacup
Av Eirik V. Bringsvor 14.03.14
...........................................................................................................................
Det har allereie gått to og ein halv månad av 2014. Altså er det berre dryge tre månader att til slutten av juni. Likevel føreligg det ingen info om kor vidt Grendacupen i det heile teke vert arrangert i år.
Alle dei tre føregåande åra har planlegginga starta i desse tider. At det no ikkje er noko som skjer, kan dermed bety to ting. Arrangørane veit kva dei må gjere og når det er tidsnok, eller at det ikkje vert Grendacup 2014.
Det einaste vi veit er at klubbleiinga har signalisert at dei vil prøve å få til fotballturneringa også i år, og at det er ei svært vanskeleg øving å få til noko som eigentleg ikkje er liv laga. Det fekk ein dessverre bekrefta under fjorårets cup, då det endte opp med to lag i kvar av dei to klassene, der veldig mange spelte på to av laga. I realiteten var det nok spelarar til eit og eit halvt lag i kvar klasse.
Så vi vil nok ikkje bli veldig overraska om kroken på døra for den tradisjonsrike sommarturneringa er i ferd med å bukke ned for godt.

Jaktande raudehundar
Av Eirik V. Bringsvor 18.01.14
...........................................................................................................................
Det har allereie gått tre veker sidan Voksa FC var i aksjon på Castrol Cup. Alle har no reist kvar til sitt og kvardagen går sin vanlege gang. Både vi her på nettsida og redaksjonane for VFC TV og Voksa-patrioten vil prøve/har planar om å halde hjula flytande også i tida framover. I dag tek vi fram eit bilete som var på trykk i lokalavisa for Vanylven veka etter cupen.
Der vert VFC-spelarane omtala som "jaktande raudehundar". Biletet er teke under kampen mot Krokedal, ein kamp som forøvrig enda med tre poeng til dei såkalla raude hundane. Til bilettekst skriv Synste Møre (avisa som trykte biletet) at spelaren på motstandarlaget synte god balanse og ballkontroll. Vi i VFC Nett var til stades under cupen, og meiner med handa på hovudet at Voksa FC i så fall har eksepsjonelt gode fotballferdigheiter i og med kampen enda 2-1 i hundane sin favør. Og fortent var det også.
________________________________________________________________________________________

Vinnar av Romjulsnøtter!
Av Kristoffer Strand 06.01.14
...........................................................................................................................
Fjorårets romjulsnøtter vart ein real oppsving for TV-redaksjonen til Voksa FC, og per dags dato så har romjulsnøttenes seks episoder håva inn nesten 400 views! Det er dessverre ikkje like mange som har sendt inn løysningsordet til nøttene, men TV-redaksjonen er meget nøgd med dei som gjorde ein innsats og sendte inn svar.
Det vart sagt at vinnaren skulle trekkjast 2. januar 2014 og det vart han/ho, men for dei som kriblar av spenning og ventar på svar må nok halde seg på pinebenken ei stund til. Det har seg nemleg slik at vinnaren blir offentleggjort i neste sending av VFC TV. Det er endå ikkje fastsatt noko dato for når neste sending har premiere, men at den er i pre-produksjonsfasa kan bekreftast.
- Det må desverre bli slik, sa ein kortfatta redaksjonsleiar Kristoffer Strand til VFC Nett.
Som kjent så vil vinnaren av romjulsnøttene få det flotte kruset som er avbilda over i posten. Kven det blir.. vel, time vil show. Meir info om sendinga og romjulsnøttene kjem etter kvart, til då så er det berre ein ting å gjere... Nemleg vente.
_____________________________________________________________________________

Gode besøkstal i jula
Av Eirik V. Bringsvor 04.01.14
...........................................................................................................................
Nettsida har hatt ein solid opptur dei siste to vekene. I jula har det vore fleire besøkande enn på lang tid. Det kan vi i stor grad takke Romjulsnøttene for.
Året som gjekk
Av Eirik V. Bringsvor 02.01.14
...........................................................................................................................
Eit gammalt er forbi og eit nytt er i gang. Folk i og rundt Voksa FC ser som alltid framover mot nye høgder, og det er eit spennande år vi no har begynt på, sidan klubben har store planar for 2014. Før vi legg fjoråret bak oss for godt, tek vi eit tilbakeblikk på kva som vart skrive om her på sida.
Arkivet
Januar-mars 2014 (du er her)
Tidenes sitat
.......................................