
Nyheitsarkivet

(Foto: Åram/Vankam FK)
Tap i semifinalen
Av Eirik V. Bringsvor 28.12.13
...........................................................................................................................
Det vart tap i semifinalen av open klasse i Castrol Cup for Voksa FC i dag, etter gruppesiger takka vere to sigrar, ein uavgjort og godt spel.
Det vart ein flott sportsleg opptur og spelarane var godt nøgde med dagens innsats då VFC gjekk ubesigra gjennom gruppespelet, men dessverre måtte gi tapt mot god motstand i semifinalen. Sjølvsagt var det ikkje utan dramatikk denne gongen heller, men dei største skandalene møtte ikkje opp. Klubbleiinga erklærte allereie då sluttspelplassen var eit faktum, at avgjerda om å melde laget på i open klasse var eit sjakktrekk. Og denne genistreken resulterte i at Voksa FC gjekk vidare frå gruppespelet for første gong i klubben si Castrol Cup-historie.
Før cupen: Castrol Cup 2013
Av Eirik V. Bringsvor 28.12.13
...........................................................................................................................
Første VFC-kamp på ganske nøyaktig eit halvt år er berre timar framføre oss. Som vanleg har det vore mykje styr fram og tilbake for å få på plass nok spelarar. Seinast i går kveld skjedde det mykje i så måte. Ingen veit om det også vil skje noko minutta og sekunda før avspark. Dette er status per no.
Den siste veka, etter den skjebnesvangre avgjerda om å melde laget på årets Castrol Cup, har det som seg hør og bør til tider vore dramatisk på Voksa Stadium. Utgangspunktet for troppen var fem spelarar inkludert eit par halvskada og småsjuke. Difor har ein gjort forsøk i å knyte til seg nye fjes. Meir om denne komitragedien kan vi ta ein annan gong.
I går tok leiinga avgjerda om å prøve å få tillatelse til å bruke Vegar Prozenko, sjølv om han skal spele for eit anna lag. Sidan dette laget er i aktiv-klassa og VFC i open klasse, trudde ein at dette var i orden. Men ikkje overraskande frå den kanten, fekk leiinga avslag frå arrangøren. Merkeleg. Dermed var plan C øydelagt. Heldigvis lukkast ein seinare på kvelden i å overtyde Elias Grande Strømsnes frå Sandsøya om at det er speletid å få hos det synkande skipet. Han blir heldigvis med.
Og dette er heller ikkje nokon dårleg spelar, så alt i alt er dagen på langt nær redda. Likevel er det opptil fem spørjeteikn i resten av troppen.
Keeper Magne H. Olsen er verken skadeplaga eller sjuk, men uttrykte under onsdagsøkta mistillit til seg sjølv på grunn av zalotendensar. Klubbleiinga er derimot ikkje det minste i tvil om at han vil finne seg til rette under fire tak, og reknar med storspel som alltid.
Skaptrønder Thomas V. Bringsvor påstår at han ikkje har trena på eit halvt år, noko som i seg sjølv er alarmerande. Kvalitetssikkert er det ikkje, men at han har noko å bidra med - om ikkje anna i alle fall når moglege scenario før siste gruppespelskamp skal finreknast - er heva over einkvar tvil.
Treningsidiot Eirik V. Bringsvor har vore eit av dei sikraste korta før cupen, men har på urutinert vis prestert å dra på seg eit illebefinnande i halsen takka vere våryr galskap både høgt og lågt dei siste tjuefire timane.
Kontaktperson Lasse Strand fekk tidlegare i veka dispensasjon til å delta fordi han eigentleg er ein dryg månad for ung. Har slite litt med sjukdom den siste tida, men er klar for fight. Blir å rekne som ein joker mot vonleg tunge og trege motstandarar.
Medskuldige Kristoffer Strand var sterkt innblanda i det fatale styremøtet som førte til påmelding trass i at han både på dåverande og noverande tidspunkt er sterkt råka av kronisk lyskestrekk. Har erklært seg sjølv som "puttar". Lovar å bruke beina til å stå på, men vil elles bruke andre kroppsdelar til ballkontakt.
Nysigneringa Elias G. Strømsnes kom inn i troppen etter andre tolvte time i går. Er ein av to som tilbringte ein time og tjuesju minutt med kunstgras under beina og hundretusenvis av kilometer over hovudet i går, men er vonleg ikkje råka av noko som helst helsemessig. Sportsleg er dette ei forsterking av laget.
Første kamp er mot laget The Red Devils klokka 14.08. Deretter ventar Inter 15.25, før eit eller anna sannsynlegvis skal avgjerast mot Krokedal kl. 16.46.
________________________________________________________________________________________
Romjulsnøtter!
Av Lasse Strand 25.12.13
...........................................................................................................................
TV redaksjonen i VFC vil no dei neste 6 dagane frå 26.12.13 legge ut Romjulsnøtter. Det vil komme ei nøtt kvar dag klokka 19:00. Nøttene vil vere relatert til jula, og dei som greier å finne løysningsordet er med i trekninga om ein ikkje heilt ukjend premie. Vil du vite meir? Følg med på morgondagens nøtt da vell!
-Dette blir spanande. Eg blir jo nøtt til å følge med seier Lasse i ein kort komentar.
Plana var at første nøtt skulle kome allereide fyrste juledag, men etter voldsomme tekniske problem under opplastinga, såg TV redaksjonen seg nøtt til å utsetja konkurransen med ein dag. Det vil sei at siste nøtt kjem ut på sjølvaste nyttårsaftan istaden for løysninga. Nøttene blir å finne midt ned på framsida!
Spelereglane:
Spelet er enkelt, det kjem ei nøtt kvar dag i 6 dagar. Finn du rette svaret på alle nøttene vil du ende opp med løysningsordet som inneheld 6 bokstavar. Skjemaet med oversikt over nøttene finn du i eiga fil øvst i denne saka.
Last den ned slik at du har oversikt. Når du veit løysninga så sender du løysningsordet til voksafc@hotmail.com med namnet ditt og adressa til kvar du bur. Da er du med i trekninga av eit flott VFC krus (ikkje eit båtkrus). Dykk har frist til neste år, altså 01.01.14 med å sende inn svar og vinnaren vil bli annonsert 02.01.14. Er det noko du lurar på så ta kontakt på 93261120 eller send oss ein straumpost.
Lykke til!
________________________________________________________________________________________

Rett skal vere rett
Av Eirik V. Bringsvor 25.12.13
...........................................................................................................................
Arrangøren av Castrol Cup har gjort seg stor flid i eit omfattande reglement i samband med årets utgåve av turneringa. Blant dei mest kontroversielle punkta er regelen om at keeper uansett ikkje kan kaste ballen direkte i mål. På Voksa er frykta stor for at dette vil ta ifrå laget eit viktig våpen.
Som du kanskje hugsar gjorde VFC seg bemerka under 2011-utgåva, då keeper Magne Hauge Olsen teikna seg på scoringslista ved å kaste ballen frå eige felt og i motstandaren sitt mål. Merkeleg nok skriv arrangøren i førehandsomtalen til cupen at Voksa FC er eit nytt lag i Castrol Cup. Gløymt er dermed både denne hendinga og dei totusen kronene klubben har lagt att fordelt på dei to åra...
I år er det tydelegvis viktig å finlese reglane. Fleire endringar sidan forrige gong VFC var på tur sørover er gjort. Kamplengda er auka til 10 minutt, keeper må kaste ballen etter den har vore ute av spel og keeper kan kaste over midten, men kan altså ikkje kaste direkte i mål. Elles SKAL ballen touche sidelinja ved innspark og i sluttspelet vert det ved uavgjort etter 10 minutt spelt ekstraomgang på 6 minutt der første målet vinn og laga startar med fire spelarar inkludert keeper og ein må ta ut ein spelar for kvart andre minutt. Altså kan ein risikere at laga spelar ein-mot-ein (+ keeper) dei siste to minutta. Scorar ingen av laga i løpet av ekstraomgangen, vert det straffesparkkonkurranse med ei og ei straffe til kvart lag.
________________________________________________________________________________________

Kamoppsettet klart!
Av Lasse Strand 24.12.13
...........................................................................................................................
Store nyhende nådde i går fram til søre luten. Voksa FC fekk nemleg informasjon om kampoppsettet for Castrol Cup 2013 som no er endra og klart.
Der fekk dei beskjed om at dei mellom anna skulle møte ein av dei Internazionale stormaktene innan fotball, nemleg Inter. Det ser ut til at Voksa FC har havna i ei tøff gruppe kvar blodslit og det å sckåre eit mål meir enn motstandaren vil bli den einaste måten å klamre seg vidare på i den knallharde konkurransen.
Etter mykje om og men har kampoppsettet for åpen klasse på Castrol Cup 28. desember 2013 endeleg komme ut. Åpen klasse er også kjend som «old boys-klassa». For Voksa brakar det heile laus klokka 14:08 laurdags formiddag. Då blir det kamp mot «The Red Devils». Deretter er det «Inter» som skal settjast på prøve, før det til slutt blir avgjerande gruppespelskamp mot «Krokedal» klokka 16:46. Om da eventuelt Voksa FC skulle fleske til å gå heile veien, så blir det finale klokka 18:05. Om desse tidene stemmer overens med fergetidene er framleis usikkert, men la gå.
Gruppespel Carisma F2:
14:08 Voksa FC - The Red Devils
15:25 Voksa FC - Inter
16:46 Krokedal - Voksa FC
Semifinalar:
17:19 CF semi Vinner CF 1 - 2.plass CF 2
17:30 CF semi Vinner CF 2 - 2.plass CF 1
Finale:
18:05 CF finale Vinner kamp - Vinner kamp
Førehandsomtale av lag og spelarar til årets Castrol Cup er også offentleggjort på arrangøren ÅVK si heimeside, her under finn du kva omtalar Voksa FC fekk. Det ryktast også at VFC har fått med seg eit talent frå naboøya. Fleire omtalar av lag finn du også på http://www.aavk-fk.no
OVERRASKELSEN: Voksa FC. Eit nytt lag i Castrol Cup som var lovlig seine med påmelding av lag. Denne gjengen består av mykje ung gutar frå Sande og omegn som vi trur kan overraske stort.
VOKSA FC: Påmeldt av en ung kar ved namn Lasse Strand. Spelarar som Magne Olsen, Thomas Bringsvor og Kristoffer Strand er med. Dei har fortsatt nokre spelarar som er usikre, så vi er spente på dette laget. Har alikevel spelarar med brukbart nivå i fotballsamanheng, og vi trur dei kan nå langt i turneringa.
TALENTET: Eirik Bringsvor (Voksa FC) Denne 94 modellen frå Kvamsøya har dei siste åra spelt for Hødd sitt juniorlag og Hødd 2 i 3. divisjon. Ein spelar som har ro med ballen og eit bra blikk for spelet. Vil garantert vise seg fram på årets turnering.
________________________________________________________________________________________

BREAKING NEWS! -Lasse fiksa biffen.

Umbro5Cup...

Digitalt medlemsblad
Av Eirik V. Bringsvor 21.12.13
...........................................................................................................................
Siste utgåve av medlemsbladet Voksa-patrioten er no ferdigprodusert. For å spare klubbøkonomien, har supporterklubben beslutta å distribuere bladet til medlemmane digitalt. Den nye sida "Medlemsbladet" under "VFCSC" i toppmenyen er passordbeskytta og kun for medlemmar. Her er bladet å finne som PDF-fil, slik at ein kan lese det anten på PCen, nettbrettet, mobiltelefonen eller what ever. Informasjon om endringa, samt passord, vert sendt ut til alle som er medlem. Dei som ynskjer det, kan likevel få tilsendt bladet i papirform slik som før.
Kva skjer?
Haust og pengelaust
Av Eirik V. Bringsvor 24.10.13
...........................................................................................................................
Det har allereie gått tre månader sidan den suksessfulle Voksa-veka sist sommar, og den svale vinden som då bles over klubben er ikkje slik som den var. Om den har auka, avteke eller berre kjem frå ei litt anna og ikkje så behageleg retning vitast ikkje, men uansett er det liten tvil om at klubben er inne i ei turbulent tid.

VFC TV 9 denne veka!
Av Kristoffer Strand 15.10.13...........................................................................................................................
Skal ein tru rykta denne gongen kan VFC TV sending nr. 9 bli å finne offentlig allereie denne veka, men det er ikkje berre fryd og gammen om dagen i VFC TV-redaksjonen! Etter ein særdeles stille periode, ser det no endeleg ut til at haustværet kjem feiande med eit og anna på menyen. Stemmer rykta denne gongen blir det action allereie til helga, da det ser ut til at VFC TV 9 har premiere fredags kveld rundt kl 20:01.
Arkivet
Oktober-desember 2013 (du er her)