
Nyheitsarkivet

VFC TV 9?
Av Kristoffer Strand 27.08.13...........................................................................................................................
Skal ein tru rykta er altså sending nr. 9 av VFC TV ferdig innspelt, men det mange klør seg i hovudet etter er; kvar blir det av sendinga?
Det var ikkje berre framfor sceneteppet det gjekk føre seg under sommarens voksaveke, skal ein tru rykta vart det også jobba bak teppet med innspelinga av VFC TV. Veka etter vart det bekrefta av klubbdirektør Kristoffer Strand at det var hald i desse rykta, men det mange lurer på ein månad seinare er; kvar blir det av sendinga?
VFC Nett tok kontakt med TV-redaksjonsleiar Kristoffer Strand for å få klarheit i saka, dette var svaret VFC Nett fekk:
-Innspelinga gjekk ca. som planlagt, så det blir snart.
Kjenner vi redaksjonen rett blir det ikkje så alt for lenge til VFC TV 9 blir å finne på vår nettside, til då er det berre å plukke poteter og vente i spenning på premieren.
Vellukka arrangement på Voksa!
Av Kristoffer Strand 28.07.13...........................................................................................................................
Etter tre lange dagar med blodslit, grasklipping og mygg, vart det heile torsdag ettermiddag runda av med grillfotball på Voksa Stadium. Sjølv om klubben skrapa klubbkassa og la nesten alle pølsene på bordet, er klubbdirektør Kristoffer Strand sikker på at dette berre er byrjinga på ein stor tradisjon!
Sola skein og graset var klippet heile to gongar med ein times mellomrom, likevel var ikkje den kravstore banemannen heilt nøgd. –Nei, bana vart bra den, men den skulle absolutt ha blitt vatna i forkant av treningsøkta, men la gå for denne gong.
Burger, pølse, brus, medlemsblad og fotball var berre noko av det som sto på menyen torsdag ettermiddag. Da klokka slo slaget 18:00 og Aina Strand sette fyr i grillen, kom folk strøymande til Voksa Stadium. Heile 18! Små og store fann vegen til det ny renoverte og praktfulle stadionanlegget på Voksa, og med eit alderssprang på heile 74år, var det duka for ein triveleg aftan.–Eg er nøgd med dagen og ikkje minst med frammøtet, eg trur dette arrangementet er komen for å bli! Klubben allereie har mange idear og tankar til kva som kan gjærast til neste år. Sa ein fornøgd klubbdirektør Kristoffer.
Etter at burgeren hadde lagt seg var det duka for sesongens første trening, og det var eit par overraskingar. Ingar var endeleg å så igjen, sjølv om han tok det heile med ro og vokta buret i velkjent stil, var det triveleg å sjå han tilbake på treningsfeltet. (Som kjent er Ingar ute med blå tå, meir om dette kjem seinare.) Elles var den etter rykta nye Manageren Bjørn Voksøy på plass og brukte tida til å speide eller observere, før han kom ned på bana sjølv for å vise kvar målet ikkje står. (Meir om den antatt nye manageren og kvifor den gamle har vorte avsett kjem snart!)Sponsorane til Voksa FC var også til stades både på og utanfor bana, noko som var kjekt for både klubben og spelarane. –Det at dei kjem tydar på at dei er interesserte i sjå kva dei investerer pengane i, så det er triveleg. Pengar veks ikkje på tre her på Voksa, så det at vi har Sande rekneskap AS som sponsor er vi veldig takksame for! Sa ein glad Kristoffer Strand. –Elles vil eg takke Aina Strand (mamma) for innsatsen ved grillen, og Lasse Strand (banemann 2) for innsatsen han har lagt ned på og rundt bana den siste tida.Bekrefta: Voksa-veka for tur
Av Eirik V. Bringsvor 21.07.13...........................................................................................................................
Voksa FC kan i dag bekrefte rykta om at det vil skje ting på Voksa Stadium og området rundt den komande veka. Klubbleiinga har offentleggjort eit slags program for dei neste dagane i det som vert kalla Voksa-veka. Blant anna er det lagt opp til sosialt samvær for alle i og rundt klubben torsdag kveld.
Det ligg an til eit variert program på Voksa i veke 30. Forhåpentlegvis vert det godt vêr store delar av tida, men det er sjølvsagt ikkje godt å vite sjølv om meldingane ser overtydande gode ut. Voksa-veka markerer den verkelege starten på den nye sesongen for spelargruppa. Det heile startar med uthaldstest frå Voksa Stadium og opp til toppen av Voksehaugen, det berykta "fjellet" som bana ligg ved foten av. Testen vil nok få mange til å tisse i buksa, for såpass krevjande er det.
Deretter blir det ein oppstartande dugnad på stadion. Det er mykje som skal gjerast før bana er klar for fotballsparking, så leiinga oppmodar alle som kan til å stille opp i morgon måndag 22. juli kl. 19.00. Tirsdag og onsdag vert det framhald i dugnaden (mest på detaljnivå) i tillegg til ei eller to treningsøkter, dersom det blir tid. Planen er også å rive det som er igjen av hoppbakken som ligg like ovanfor fotballstadion.
Torsdag blir ein litt større dag for Voksa FC. Då inviterer klubben spelarar og supporterar til sosialt samvær og fotball for dei som vil og er i stand til det. Ein jobbar med å få til ein treningskamp, men dette er langt frå sikkert at ein får til. Viss ikkje, blir det uansett ein kjekk kveld. Heile opplegget for kvelden er ikkje bestemt, men truleg startar det heile ein gong frå kl. 18 og utover. I alle fall blir det grilling, fotballsparking, diverse reklamering for supporterklubben (kanskje TV-skjerm med VFC TV) og generelt sosial hygge.
Resten av veka er framleis ikkje heilt spikra, men vi kjem tilbake med både info om dette, og oppsummering av det som har skjedd dei ulike dagane. Heng med!
Ingen nye anlet...
Av Kristoffer Strand 21.07.13...........................................................................................................................
Suportarane var knust etter fadesen under årets SR Grendacup og no krev supportarane ei grundig forklaring på kvifor det gjekk som det gjekk. Det er mange teoriar og forklaringar på kvifor det gjekk som det gjekk, men den suportarane har hengt seg mest opp i, er mangelen på nye andlet i spelargruppa.
For første gong i historia var det ingen nye andlet å sjå i startoppstillinga til Voksa FC då årets SR Grendacup vart blåst igong. Skylda har blitt lagt på klubbleiinga, spesielt klubbdirektør Kristoffer Strand og eigar Adrian Tist'an som folk meiner har gjort alt for lite dette året for å forsterke stallen. Klubbdirektøren tek det heile med ei klype og forklarar kvifor det vart slik.
-Klubben jobbar med å få til eit tettare samhald i gruppa og vil satse på dei som vil være med fast.
Er det hald i noko av det klubbdirektøren seier eller er det berre ei ny bortforklaring? Vel, det er det berre klubbleiinga som veit, men Kristoffer beroligar med at klubben for tida jobbar med 2-3 spelarar som klubben har hatt på radaren ei god stund.
-Eg kan ikkje nevne noko navn, heller ikkje i kva stor grad desse spelarane blir ein realitet, men at det er hald i rykta stemmer. Sa ein hemmelighetsfull klubbdirektør, som også understrekar at leiinga hadde eit hastemøte bak lukka dører berre timane etter at cupen var over. VFC.Nett har endå ikkje lukkast i å fange innhaldet av møtet, men at klubben vil reise seg frå grusen og kome sterkare tilbake på gras, har VFC-Nett klokketro på.
Ifølge ein talsmann frå supporterklubben er dette berre spinat og pølsevev, han har ikkje tru på noko av det klubbdirektøren seier og ber leiinga begynne å ause i staden for å bli med skuta ned.
Har VFC skuta virkeleg spronge lekk, eller er dette berre eit varselskot frå supportarane? Vel, time will show.

Spennande veke på Voksa Stadium
Av Eirik V. Bringsvor 19.07.13...........................................................................................................................
Etter ei tids planlegging kan leiinga i Voksa FC i dag fortelje at det neste veke vert liv og røre på stadionanlegget. Kva som står på programmet vil klubben derimot ikkje fullt og heilt avsløre før det er heilt spikra, men vi vil tru at det i alle fall vert arrangert ein dugnad tidleg i veka.
Det ligg an til ei sjeldan samling av alle involverte i Voksa Football Club, noko som i seg sjølv ikkje er særleg lovande. Blant anna har leiinga vedteke å jordfeste målet i nordenden av Voksa Stadium (dvs. gjere det uflyttbart), og dette har ikkje akkurat falle i god jord hos banemannen som mildt sagt er i harnisk. Dette er ein av fleire ting som har stått på den fram til no ikkje datofesta dugnaden, som etter det VFC Nett forstår vil finne stad tidleg i veke 30, altså neste veke.
Oppkøyringa til sesongen 2013/14 starta for ei knapp veke sidan, og vi vil tru at store delar av spelarstallen vi ta del i ei eller fleire treningar når stadion er klar til bruk. I tillegg har låge røyster ymta frampå og delvis avslørt at leiinga for tida jobbar iherdig med å få til ein treningskamp på Voksa Stadium i løpet kort tid. Dette vil i så fall vere tidenes første kamp på heimebana til VFC, og dermed vere ei historisk og merknadsverdig hending som vi vil kome tilbake til med all vår journalistiske kraft!
Meir om dei raude dagane neste veke når klubbleiinga gir oss nødvendig informasjon.
Cup er cup...
Av Kristoffer Strand 11.07.13...........................................................................................................................
Supportarane var knust etter at Voksa FC rauk på straffer og rivalen Kvamsøy stakk av med alt av sølvtøy, og det vart høg temperatur både på og utanfor banen under årets SR Grendacup.
Tradisjonen tru varma sola godt der ho hang over Oshaugane Stadion under årets SR Grendacup som til slutt handla om fire lag: Sandsøy, Kvamsøy og Voksa FC. Old Boys-klassa mellom dei to førstnevnte sparka igang cupen med eit forsiktig brak. Det var ein jamspelt, men målrik kamp mellom to erfarne lag over to omgangar som til slutt enda med både ekstra tid og straffespark for andre året på rad. Det skulle vise seg å være fordel Kvamsøy som trakk det lengste strået i år som i fjor og tok med seg pokalen tilbake til Kvamsøy nok ein gong. Voksa FC vil med det gratulere Kvamsøy med sigeren i Old Boys-klassa!
Den neste kampen mellom Voksa FC og Kvamsøy vart ikkje like målrik, men spennande til siste slutt det vart den. Det var ein kamp kor mykje sto på spel, noko som resulterte i høg temperatur midtvegs ut i andre omgang. Til pause leda Kvamsøy 1-0, men då dommaren bles for full tid var stillinga 1-1. Etter litt ekstra tid vart det også her klart for straffespark. Etter to bom frå VFC var det klart, Kvamsøy kom sigrande ut av årets "straffecup", tok med seg rubbel og bit og for heim til "trofeøya" Kvamsøy.
Klubbdirektør Kristoffer Strand vil på vegne av heile VFC gratulerer Kvamsøy med sigrane, men med bismak i munnen lover han fansen dette:
-Trofeet blir å finne på Voksa Stadium neste år! Det lovar eg, om vi så må ro over fjorden for å hente det! sa klubbdirektøren i ein kort kommentar.
Med det vil Voksa FC takke: Kvamsøy for oppmøte, alle som gjorde ein innsats både før under og etter cupen og ikkje minst dei som kom for å sjå årets begivenheit på Oshaugane Stadion. Alt om cupen finn du under "Grendacupen" i menyen øverst.

Med nasen i andletet
Av Eirik V. Bringsvor 07.07.13...........................................................................................................................
Sesongen 2012/13 er historie, og ein ser no framover mot nye høgder. Spelarane i Voksa FC avviklar for tida ferie på om lag to veker i etterkant av Grendacupen. Oppkøyringa til den nye sesongen vil dermed starte i andre halvdel av juli månad. Klubbleiinga har allereie lagt ein plan eller to for tida framover. Det er i alle fall ingen grunn til å sjå seg tilbake.
I tida som kjem kan du garantert vente deg underhaldning på fleire frontar. Sportsleg er det framleis noko usikkert korleis sesongen 2013/14 vil utarte seg, men om ikkje anna vil du kunne få innblikk i begivenheitene når treningane startar opp att. Men Voksa FC handlar ikkje berre om det sportslege isolert sett. Klubben produserer som kjent kultur på løpande band, og også framover vil det dukke opp litt av kvart. Meir om planane kjem etter kvart som desse vert hundre prosent fastlagde.
Uansett er det ingen grunn til å tru at Voksa FC vil kvile på laurbæra etter nedturen under Grendacupen. Målet må vere som punktum på den nye sesongen å ta tilbake tittelen under neste års cup. Men før det ventar mykje spennande både på og utanfor bana. Følg med, for her fordeler vi godsakene utover sommaren og hausten!
Arkivet
...........................................
Juli-september 2013 (du er her)