Nyheitsarkivet

Slått etter straffer

Av Eirik V. Bringsvor 30.06.13
...........................................................................................................................

Berre to lag i aktiv-klassa sette ingen dempar på spenninga under gårsdagens SR Grendacup. To resultatmessig jamne kampar mellom Voksa FC og Kvamsøy gjorde at årets vinnar måtte kårast etter straffesparkkonkurranse. Dessverre feila laget då det galdt som mest.

To bom på dei to første, og to treff på dei to neste forsøka frå åttemeteren før Kvamsøy scora på det femte, gjorde at Voksa FC denne gongen måtte bite i den sure svela og sjå tittelen som regjerande meister  reke over fjorden.

Første kamp starta noko rufsete, og ein kom ikkje skikkeleg inn i kampen før mot slutten. Kvamsøy si eine scoring sytte for underlege halvvegs. Ein old boys-oppvarma Anders Bringsvor kom inn på laget i siste og avgjerande kamp, og var med på einvegskøyringa. Kvamsøy var farlege på kontringar, og når keeper i tillegg stengde buret, vart det vanskeleg for VFC. Det måtte eit straffespark til for å utlikne til 1-1. Thomas Voksøy Bringsvor missa først, men fekk eit nytt forsøk fordi keeper gjorde opptil fleire ureglementerte sprell.

Dermed gjekk oppgjeret til ekstratid. Fem minutt var ikkje nok til å få inn den avgjerande scoringa, så det heile måtte avgjerast med straffesparkkonkurranse. Anders Bringsvor og Kjell Even Toftesund missa på dei to første, medan Kristoffer Strand og Thomas Voksøy Bringsvor fekk nettsus. Men Voksa fekk aldri ta si femte straffe, sidan Kvamsøy putta fire av sine fem.

Finale, del 1: Kvamsøy - Voksa FC 1-0
Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Torstein H. Hansen - Thomas V. Bringsvor - Kjell Even Toftesund | Kristoffer Strand - Emil G. Sandsbakk - Sondre V. Bringsvor
Innbytte: Eirik V. Bringsvor

Finale, del 2: Voksa FC - Kvamsøy 1-0
Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Eirik V. Bringsvor - Thomas V. Bringsvor | Kjell Even Toftesund - Anders Bringsvor - Torstein H. Hansen | Emil G. Sandsbakk
Innbytte: Kristoffer Strand

Bilete, alt om cupen og andre saker vil kome etter kvart.
Sjekk fotoalbumet, Grendacup-sidene og følg med på VFC Nett!


Eitkvart vert det!

Av Eirik V. Bringsvor 19.06.13
...........................................................................................................................

Tradisjonen tru har det ikkje berre vore enkelt å få i stand årets Grendacup på Sandsøya. Når det no berre er ti dagar til den 29. juni, ser det ut til at omfanget av cupen vert om lag som i fjor, kanskje mindre. Ei rekkje lag har vorte spurt, men dessverre er ikkje den store entusiasmen gjendande. Per dato ser det ut som at ein i verste fall vert sitjande att med to lag. Men ein ting er sikkert: Eitkvart vert det!


Voksa FC stiller sjølvsagt med eige lag ved eit slikt høve. Sjølv om mannskapet ikkje er hundre prosent spikra, uroar ikkje klubbleiinga seg av den grunn. Ein viss kontroll har ein. Det er allereie klart at Anders Bringsvor igjen vert "avgitt" til Sandsøy Old Boys. I tillegg vil ikkje spelande manager Lasse Strand Gule vere til stades denne laurdagen. 

Sett bort ifrå desse karane, er dei vanlege på plass. Kristoffer Strand, Magne Hauge Olsen og Thomas og Eirik Voksøy Bringsvor er alle sikre kort. Det ser også ut til at Stian Sande representerer dei raudkledde, trass eit tidlegare frieri med Kvamsøy sitt aktivklasselag. Av nye spelarar har ein huka inn ungdommen Kenneth Østlund og Elias Strømsnes. I tillegg har ein spelande assistenttrenar Sondre Voksøy Bringsvor i bakhand.

Arrangøren gjorde tidleg eit framsteg for å organisere Sandsøy sitt Old Boys-lag, men forviklingar gjorde at det så seint som forrige veke vart gjort noko konstruktivt. Det, samt andre variablar, har ført til at dette laget mildt sagt er på gyngande grunn. Lagleiar jobbar framleis med saken, og håpet er å få på plass dei nødvendige resterande fire-fem spelarane.

Kvamsøy har vore engasjert i fleire veker, og arrangøren har fått signal om at desse laga kjem i hamn. Her har ein førespurnad om damelag også lege ute, men responsen er høgst uviss. Ein har også ute følarar for eit tilsvarande damelag på Sandsøya. Planen er å få til ein damekamp innimellom all den mannlege aktiviteten. 

På Old Boys-fronten ligg det ute førespurnader både hos Gursken og Larsnes, der førstnemnde er den mest sannsynlege deltakaren av dei to. Arrangøren har vore i kontakt med såvel Vanylven som Gjerdsvika, men dessverre har dette ikkje vore nokon suksess. Altså ligg det an til to-tre Old Boys-lag, eit par lag i Aktiv-klassa, og kanskje to damelag. Det er uvisst korleis årets Grendacup vert organisert dersom eitt eller fleire av laga mot formoding ikkje stiller likevel. Men eitkvart vert det.



Berre åtte veker igjen

Av Eirik V. Bringsvor 04.05.13
...............................................................................................................................

Planlegginga og førearbeidet til årets SR Grendacup er i desse dagar endeleg kome i gong. Laurdag 29. juni er fastlagt som dagen for det heile, og i tida framover vert det å invitere og overtale aktuelle lag til å delta. Størstedelen av ansvaret for arrangementet ligg i år på Sandsøy IL.

Det er i dag nøyaktig åtte veker til siste laurdagen i juni. Sjølv om Sandsøy IL står som hovudarrangør av årets turnering, har Voksa FC ikkje overraskande ein finger eller to med i spelet også i år. Spesielt det som har med annonsering, promotering og fargelegging av arrangementet er det VFC som bidreg med. I tillegg vil vi sjølvsagt dekke cupen både før, under og etter med eit journalistisk skråblikk.

I år vert Grendacupen arrangert for tredje gong i "nyare" tid. I 2011 og 2012 vart turneringa arrangert a'la VFC. Før dette hadde Sandsøy Idrettslag arrangert old boys-turnering nokre år fram til og med 2007. På 80- og 90-talet gjekk Sandsøy-cupen av stabelen årleg, då med A-laga til dei næraste bygdene sine idrettslag som deltakarlag.

VFC Nett får opplyst frå Sandsøy IL at arbeidet med å invitere lag ikkje er kome i gong enno, men at det vil skje snarast. I mellomtida vil Voksa FC gå ut i frå at det vert eit kvart av same storleik som i 2011 og 2012.

På våre nettsider samlar vi all info om SR Grendacup her, medan idrettslaget har oppretta eit arrangement på Facebook, der all offisiell info vil vere å finne. Dit kjem du ved å trykke her (rett nok berre dersom du har eigen brukar der). Også Sandsøy IL sine nettsider kan vere til hjelp. Dei finn du her.


Smånytt: - Endeleg publisert!

Av Kristoffer Strand 19.04.13
...............................................................................................................................

"Betre seint enn aldri" har blitt det nye slagordet til Voksa FC, men no er altså "Smånytt" klar til bruk. Linken til sida blir å finne øvst her på sida eller her: Smånytt. Så ta turen innom da vel!



Medlemsbladet i emning

Av Eirik V. Bringsvor 16.04.13
...............................................................................................................................

Biletet ovanfor denne saka er eit utsnitt av neste utgåve av medlemsbladet Voksa-patrioten som i desse dagar er i ferd med å bli ferdiglaga. Smakebiten er henta frå ein sak i bladet som handlar om korleis klubben vart til heilt frå den uoffisielle starten i 2006. I bladet får du vite ein del meir enn det du kan lese om her på nettsida.

For å få tilsendt Voksa-patrioten, er det berre ein ting for deg å gjere: Melde deg inn i supporterklubben VFCSC. Korleis du gjer det, finn du ut her. Vi lokkar nye medlemmar med at dei får alle dei tre første utgåvene i tillegg til det nye bladet.

Denne gongen får du 20 sider fylt med informasjon, digresjon, synspunkt, overraskingar og tilbod. Som vanleg er dei faste fragmenta "Direktørens spalte", "Supporter Shop" og "Konkurranse" med. Sidan førre utgåve har Voksa FC sitt lag delteke i ei sportsleg hending, noko som sjølvsagt vert oppsummert og dokumentert på ein nøktern måte.

I tillegg til alt dette får du servert dessert i tre akter. Blant anna har vi som nemnt gått i djupna og sett tilbake på heile historia til fotballklubben - ikkje berre det sportslege. Overskrifta lyder "Der legender vert skapte", noko som refererer både til Voksa Stadium og til klubben som institusjon og organisasjon. For i vel så stor grad som klubben har produsert fotballspelarar, har mange eventyrforteljingar, legender, vorte skrivne i regi av Voksa FC.

Hovudsaka i denne fjerde utgåva av Voksa-patrioten, som bladet heiter, skal vi ikkje avsløre her. Dermed er det einaste du kan gjere å melde deg inn i VFCSC snarast. Dersom du ikkje allereie er det, vel å merke!


Smånytt nærmar seg med store steg!

Av Kristoffer Strand 05.04.13
...............................................................................................................................

Om de las saka "Back in bissniss" som kom ut forige uke har dykk nok allereie høyrt om den komande undersida "Smånytt"? No er endelig premiere datoen for sida sett til den 14. april 2013. VFC Nett kan ikkje avsløre for mykje rundt den nye undersida, men i følge klubbdirektøren er det berre å glede seg!

- Eg trur den nye undersida blir ei flott tilvekst her på heimesida til VFC, sa ein fornøgd klubbdirektør Kristoffer Strand i ein kort kommentar.

For den som enno ikkje har fått det med seg så vil den nye "sida" ta for seg meir lokale og mindre saker som omhandlar klubben, spelarane, anlegget på Voksa og om det ellers måtte vere noko å melde om. Linken til den nye undersida kjem til å bli synleg på framsida her på heimesida. Det går også rykter om at VFC TV kjem til å vere delaktig på denne sida, men kvisleis er enno uavklart.

Kun for medlem?

Det vart nemnt i den tidlegare saka "Back in bissniss" at "Smånytt" KUN vil bli tilgjengeleg for dei raudaste av dei raude, nemleg medlemmar av Voksa FC sin supporterklubb. VFC Nett kan berolige med at det vil bli avgjort gjennom ei rettferdig avstemming som blir avvikla på vår Facebookgruppe: http://www.facebook.com/groups/143973315649902/. Stemmene blir talt opp 12. april 2013!

Dermed er det berre å stemme i veg og ikkje minst merke av datoen 14. april 2013. NB! Det er tross alt berre 9 dagar til!   


  

Første april også på Voksa

Av Eirik V. Bringsvor 02.04.13
...............................................................................................................................

Som du sikkert veit, og sannsynlegvis også fann ut dersom du besøkte denne sida i går, var det første april i går. Og som du sikkert veit medfører det også ein risiko for å bli lurt. VFC Nett publiserte to nye saker i går, begge relativt kontroversielle. Diverse rykter seier at ein stor del av desse var reint lureri utan rot i røyndomen. Vart du aprilsnarr?


 

Klubbeigaren sparka!

Av Kristoffer Strand 01.04.13
...............................................................................................................................

Leiinga i Voksa FC kan med glede melde at Adrian Tist'an ikkje lenger er eigar av klubben! - Dette er gode nyheiter både for økonomien og klubbens utvikling generelt, merk dykk datoen, i dag skal det feirast, sa ein meget nøgd klubbdirektør Kristoffer Strand i ein kort kommentar.

Den slovakiske eigaren kjøpte klubben for heile 1 krone tilbake i 20.. og har sidan trona øverst på rangstigen. Mange meinte då at han hadde ein del likhetstrekk med Chealseas rike eigar Roman Abramovich, men VFC-leiinga kan konstatere at lommeboka skil dei to individa. VFC Nett har enda ikkje lukkast i å oversette meldinga frå ein mildt sagt forbanna slovak, men er open for forslag frå dykk (lesarane).

Boli ste oklamaní blázon apríla má vtip!

Det ryktast at han lenge har vore på kant med leiinga i klubben, og sjølv om ikkje pengane har flagra hos Voksa FC, så har i alle fall ordet gjort det, noko leiinga i VFC såg seg leie av og følte at nok var nok!

Dermed står altså Voksa FC utan eigar, så er du interessert i å kjøpe den raude klubben på Voksa, så ligg prislappen på 100 kr!



Voksa Stadium for fall!

Av Eirik V. Bringsvor 01.04.13
...............................................................................................................................

Det er med sjokk Voksa FC i dag må offentleggjere at stadionanlegget på sørsida av Voksa no ser ut til å bukke under. Den siste tida har ferjetrøbbel vore eit heitt tema på øya, og skandaleselskapet Norled har no fått Vegvesenet og Mesta til å gå med på å flytte ferjekaia. Det ser no ut som Voksa Stadium vert gjort om til ein fylkesveg til og frå den nye ferjekaia.

Det var fredag kveld førre veke at den siste tida sine ferjeskandaler vart toppa, då ferja MF Kvam krasja inn i ferjekaia på Voksa. Ein fekk først reparert skadene i løpet av laurdagen, og parallellt gjorde Norled ei grundig årsaksgransking. Resultatet er at selskapet krev at ferjekaia vert flytta til sørsida av øya. I ei bisetning nemner dei også at dette vil føre til mindre og færre forseinkingar dersom dei må setje inn MF Strandebarm igjen, fordi avstanden mellom anløpsstadane vert kortare.

Leiinga i Voksa FC har ikkje lukkast i å kome i kontakt med Norled eller Vegvesenet. Det einaste ein har fått er ein epost som forklarer situasjonen, og at aktuelle aktørar må få Voksa Stadium til disposisjon i løpet av våren for å kunne starte arbeidet med den nye kaia.

..............................................................................................................................................................................  

 

 
 
 
Make a Free Website with Yola.