Back in "Bissniss"
Av Kristoffer Strand 31.03.13
...............................................................................................................................
Ein flau vind er alt som har halde liv i segla til ei nesten drivande VFC-skute i innleiinga av 2013. Det store spørsmålet er, vil vinden halde fram, eller er det berre stille før stormen?
Sjølv om grasklipparen framleis står spent og ventar på at den idylliske, men dåg humpete grasmatta på Voksa skal riste av seg vinterpelsen og igjen bokstaveleg talt blomstre, svirrar tankane allereie godt om hos leiinga i klubben.
Årets Grendacup, supporterblad og "smånytt" er berre noko av det som står på programmet den komande våren. Kva VFC TV driv på med er sanneleg ikkje godt å vite, men at dei stadig satsar nye vegar for å vinne tilbake sjåarane frå gullåret (sjåartal tatt i betraktning) er ikkje ukjend.
Når, er enno eit mysterium, men konklusjonen om at det blir Grendacup for tredje året på rad, kjem nærare og nærare. Når det kjem til supporterbladet så kan vi ikkje seie meir enn at bladet vil innehalde eit innhaldsrikt innhald! Når bladet eventuelt kjem ut er enno ikkje kjent, men er du ennå ikkje medlem byrjar det å haste.
Da du las framadordet "smånytt" måtte du kanskje slå opp i framandordboka. "Smånytt" er nemleg den nye undersida, kvar du vil finne alt av VELDIG lokale nyhendingar på Voksa. Du vil etter kvart som den blir til få eit djupare innhogg i kva som eigentleg skjer i og ved det flotte anlegget på Voksa. Det ryktast også at VFC TV på sett og vis vil blande seg inn her i håp om å kapre nye sjåarar. Det som er verdt å merke seg, er at denne sida vil bli passordbeskytta, noko som betyr at den vil bli tilgjengeleg KUN for Voksa FC si hardaste kjerne, nemlig medlem!
VFC Nett vil kome tilbake med meir om den nye sida straks det skjer noko!
Manageren fyller år
Av Eirik V. Bringsvor 16.02.13
...............................................................................................................................
Ein hoppande glad spelande manager, Lasse Strand Gule, blir i dag hylla for å ha nådd milepælen 15 år. Eit mini-jubileum går sjeldan ubemerka hen, så også i dag vil vi tru. Gratulerer med dagen!
Grendacup på agendaen
Av Eirik V. Bringsvor 08.02.13
...............................................................................................................................
Som det første innlegget her på sida fastslo, er vi no godt i gang med eit nytt år med nye moglegheiter. No når dagane blir lysare og nettene kortare, er det tid for at også nye og gamle idear ser dagens lys. Sjølv om ein dato er føreslegen, er det likevel usikkert om dei siste to år sin reinkarnerte tradisjon SR Grendacup vil gå av stabelen også i år.
Det er av erfaring ein lur idé å skrive ordet "Grendacup" på ein lapp og henge den opp på korktavla. For skal arrangementet bli ein realitet for tredje året på rad, etter ein fire år lang pause frå 2007 til 2011, er det ingen tvil om at fleire klutar må setjast i sving. Helst så tidleg som mogleg.
Begge dei føregåande åra har cupen vore eit samarbeidsprosjekt mellom Voksa FC og Sandsøy IL. Eigentleg var det SIL som hadde arrangementet i fleire år før naboklubben vart fødd, men då cupen hadde lege brakk i fire år, var det VFC som stod i bresjen for å få den opp og gå igjen. Mest av alt var det eit forsøk på å lage ei hending for klubben sjølv, det skal seiast.
Men no er Grendacupen på Sandsøya tilbake som eit fast sommarinnslag, vonleg, og diverse pådrivarkrefter i Voksa Football Club vil nødig la det ein har opparbeidd seg, sakte men sikkert rotne opp. Difor er det nødvendig å forbetre delar av arrangementet. Spesielt det sportslege er utfordrande. Eit sterkare samarbeid mellom klubbane er ønskjeleg. Første sjanse i så måte er årsmøtet i Sandsøy Idrettslag 1. mars. Ved eit slikt høve vil det vere gunstig å spikre eit stort skilt med påskrifta "Grendacup" opp på døra slik alle ser og veit. Så spørst det om nokon evnar, vil og kan...
Nytt år, nye moglegheiter
Av Eirik V. Bringsvor 03.01.13
...............................................................................................................................
Eit nytt og ubrukt år kom med eit smell, og det gamle er historie. Etter ein anstendig innsats i Umbro5Cup og eit godt 2012 totalt sett, er det no på tide å rette nasen framover mot nye høgder. For det er vonleg mykje å sjå fram til også i 2013.
Men aller først vil klubben som eining seie vel blåst og godt nytt år til alle og einkvar som kikar innpå nettsidene til Voksa FC i ny og ne. Vi håper at nyttårsfeiringa var storarta, og at ein no er svoltne på meir suksess, meir ståhei og fleire hendingar for klubben vår.
Året som gjekk vart til slutt eit godt VFC-år sportsleg sett. Rett nok var ÅVK Summer Games i juli ein einaste stor fiasko både sportsleg og usportsleg, men deretter tok det seg kraftig opp for den raude armeen. Gullet kom som kjent heim under SR Grendacup i august, og heilt på tampen av året gjorde laget ein kanskje vel så god prestasjon i Umbro5Cup siste helga før jul.
Meir om alt dette og meir frå året som gjekk kjem vi tilbake til seinare!
I 2013 held VFC-eventyret vonleg fram. Framleis noko laust, men likevel nokså konkret, er ei ny utgåve av den tradisjonsrike Grendacup-turneringa på Sandsøya planlagt å gå av stabelen laurdag 22. juni 2013. Dette vert truleg neste store hending for raudtrøyene frå den kringfløydde holmen. Tradisjonelt har ikkje første halvdelen av året vore prega av sportslege hendingar for Voksa FC sin del.
Elles går vi inn i eit nytt år med mange ubesvarte spørsmål som ventar på å få eit svar. Mange saker er uoppklarte og nye prosjekt vil bli starta. Vil til dømes Anders Bringsvor gjere comeback i den raude trøya eller går det mot at skorne vert lagde på hylla? Og var Ingar Støyle Bringsvor sin inntreden på laget sist sommar berre eit blaff, eller vil VFC sin nummer ti nokon gong få sin tredje kamp for klubben?
Time will show.