Nyheitsarkivet

Klubbdirektøren nøgd med året og innsatsen

Av Kristoffer Strand 28.12.12
...............................................................................................................................

Voksa FC sto fram da VFC TV svikta. Klubbdirektør Kristoffer Strand var godt nøgd med debyen i Umbro5-turneringa, heile tre spelarar debuterte og leverte varene med A-post da klubben kom til kvartfinale!

Det er ikkje mange dagar igjen av året 2012, eit år Voksa FC kan legge bak seg med godt samvit. Klubben deltok i tre turneringar kor utfallet av den eine er gløymd, den andre enda med gull, og den tredje med tap i kvartfinala. Klubbkassa har holdt seg over raudstreken og nettsida utviklar seg stadig. Dermed kan klubben saman med klubbdirektøren legge bak seg eit vel gjennomført år, og håpe at året som kjem blir like innhaldsrikt.

-Eg vil nytte høvet til å seie god jul til alle og alt og ikkje minst, eit vel gjennomført år for Voksa FC, sa den travle klubbdirektøren i ein kort kommentar til VFC-Nett. Det ryktast nemlig at klubbdirektøren er involvert i planlegging av eitt eller anna saman med TV-redaksjonen. Dette er framleis berre på ryktestadiet men du skal ikkje sjå bort ifrå at det dukkar opp ei sending på nyåret.

Umbro5Cup
Som allereie kjend var desverre ikkje VFC TV til stades under årets siste høgdepunkt, Umbro5Cup i Sunnmørshallen. TV-redaksjonen beklagar dette på det sterkaste, og det var mangelen på et kamerateam som satte TV-redaksjonen ut av spel. Som eit plaster på såret var heldigvis VFC Nett sånn halvvegs til stades og fikk knipsa eit par uskarpe bilete til nettsida.

Men ser man bort ifrå det tekniske og heller tek ein titt på det sportslege, vart det ei spennande turnering for VFC. Sjokket etter at VFC huka tak i kvamsøyingen Olav Støylen dagen før turneringa ser no ut til å ha lagt seg hos VFC-fansen og demonstrasjonane har avtatt, mykje grunna innsatsen han la ned under turneringa.

Burvoktaren til Voksa FC var også ein debutant og kanskje den VFC leiinga visste minst om på førehand, og det tok ikkje mange minutta med fotball før han vart sett på prøve. Han redda mange skot og viste klasse gjennom heile turneringa. Dermed senda han eit kraftig signal til VFC sin førstekeeper Magne Olsen om at kampen om keeperplassen er igang!

Den tredje debutanten spelte spiss og var flink til kome til sjansar. Han var ein skikkelig luring, han var så lur at han lurte både motspelarar og medspelarar da han lata som om han skulle skyte frå avspark, men sentra i staden. - Han lurte mei, sa kvamsøyingen Olav Støylen i ein kjapp kommentar etter kampen.
Helge Dimmen som han heiter, lurte seg også inn på skoringslista med heile tre fulltreffarar.       

Alt i alt var det ei vel gjennomført turnering, og det store høgdepunktet var vel den siste gruppekampen da Voksa FC måtte slå Pondus for vidare avansement. Pondus tok leiinga heile to gongar, men da fekk VFC nok og kjempa seg tilbake til ein vel fortjent 4-3 siger. 


Langt, men ikkje lenger

Av Eirik V. Bringsvor 22.12.12
...............................................................................................................................

Voksa FC gjorde i dag ein opplyftande og positiv innsats i Umbro5Cup i Sparebanken Møre Arena i Ålesund, då ein klarte å avansere til sluttspelet etter å ha vorte nummer to av fem lag i gruppe 3. Trass i gode opptredenar i gruppespelet, sa det stopp ved første hinder i sluttspelet. I kvartfinalen vart laget effektivt feia av bana med 0-5 i protokollen etter ferdigspelte 14 minutt.


Dermed kunne VFC-delegasjonen haste seg i bussen og nå ferja på Sulesund, slik at ein vidare også kunne kome seg ut att i øyriket før Barne-TV. Rett nok levde ein under nåde frå B/F Kvam, som slo på stortromma og venta på raudtrøyene i fire minutt og 27 sekund. Dermed kom ein trygt heim, denne gong utan gullet.

Dagen starta ganske bra, med tanke på at ingen forsov seg, og at ein rakk ferja. Men då ferja på Hareid skulle rekkast, etter ein kalkulert stopp i øvre Ulsteinvik, fekk ein eit teikn som kanskje skulle oppsummere dagen. Ti sekund for seint framme, stod ein ansikt til ansikt med ferjelemmen idet bommen gjekk ned og ferja la ifrå. Heldigvis hadde dette ingen vidare konsekvensar med tanke på å rekke første kamp i Ålesund.

Så over til det sportslege. For dagen hadde Voksa FC gått alternative vegar når det kom til spelarsigneringar. Heile tre debutantar tok på seg den raude drakta og alle la ned ein stor innsats for laget. Elles var også Lasse Strand Gule med i troppen på dispensasjon frå arrangøren (eigentleg to månader for ung). Troppen såg dermed slik ut: x Mads Aure, 4 Olav Støylen, 5 Helge Dimmen, 9 Eirik Voksøy Bringsvor, 11 Thomas Voksøy Bringsvor, 14 Kristoffer Strand, 20 Lasse Strand Gule.

Sjølv om spelarane hadde god tid til oppvarming, gjekk første kamp slik det går i nesten alle opningskampar for VFC. Rett nok var motstandaren den beste i gruppa, men likevel kunne Voksa FC ha fått eit betre resultat med litt meir hell og dugleik. Deretter gjekk det slag i slag med passeleg korte pausar mellom kampane. I dei to neste kampane vart det først siger, før ein spelte uavgjort i tredje kamp etter å ha lege under med 2-0.

Før den fjerde, siste og avgjerande gruppekampen, stod Voksa FC med fire poeng. Motstandarlaget, Pondus IL, hadde seks. Dermed måtte VFC vinne for å ta seg vidare. Og det gjorde dei. Ein spennande batalje enda til slutt med raud siger 4-3. Voksa FC var dermed klare for kvartfinale. Sterkt.

Men der enda også deltakinga denne førjulslaurdagen. Laget Flipperdicks var klart best, og var til slutt overlegne og vann enkelt 5-0. Ein litt kjedeleg slutt for Voksa FC, men alt i alt var ein godt nøgde med dagen, føresetnadene teke i betraktning. Dermed bar det rett i bilen og kursen vart sett for Voksa, der jula no skal feirast med ei god kjensle av å ha gjort ein respektabel innsats som avslutning på eit innhaldsrikt år.

Kampfakta:
Voksa FC - VI! Det e vii! (Vi officiale) 1-2
Mål VFC: Kristoffer Strand
Gult kort: Helge Dimmen
Lagoppstilling: Mads Aure | Eirik V. Bringsvor - Olav Støylen | Thomas V. Bringsvor - Kristoffer Strand
Innbytte: Helge Dimmen, Lasse S. Gule
Kampen: Det var som vanleg litt spent i byrjinga av den første kampen. Begge laga gjekk ut i høgt tempo, med hurtig spel i lengderetninga når det var høve til det. VI! Det e vii! (Vi officiale) tok etter kvart leiinga etter å ha vore farleg frampå fleire gongar. Men Voksa FC nekta å kapitulere, og utlikna ved Kristoffer Strand, då han prikka ballen via stonga frå skrått hald. Ei god avslutning. Mot slutten skjedde likevel det som ikkje skulle skje; enda ein ball hamna i feil mål, og VFC måtte sjå seg slått i ein kamp som kunne ha bikka begge vegar. Laget VI! Det e vii! (Vi officiale) vart til slutt vinnar av gruppe 3, og det var såleis god motstand VFC møtte i opningskampen.

Voksa FC - Vika 3-1
Mål VFC: Thomas V. Bringsvor, Helge Dimmen 2
Lagoppstilling: Mads Aure | Eirik V. Bringsvor - Olav Støylen | Thomas V. Bringsvor - Helge Dimmen
Innbytte: Kristoffer Strand, Lasse S. Gule
Kampen: Etter det forsmedelege tapet i den første kampen, bestemte raudtrøyene seg for å rette opp noko av det som gjekk skeis, og slå til mot Vika. Og det gjorde dei. Thomas V. Bringsvor gjorde det viktige førstemålet, før nysigneringa Helge Dimmen putta nummer to og nummer tre. Trass i eit reduseringsmål, var sigeren aldri trua. Ein sterk kamp frå Voksa FC si side, der alle gjorde ein stor innsats. 

Juleribba 2 - Voksa FC 2-2
Mål VFC: Eirik V. Bringsvor 2
Gult kort: Eirik V. Bringsvor
Lagoppstilling: Mads Aure | Eirik V. Bringsvor - Olav Støylen | Helge Dimmen - Kristoffer Strand
Innbytte: Thomas V. Bringsvor, Lasse S. Gule
Kampen: Dette skulle vise seg å vere det dårlegaste laget i gruppa, då alle kampane var ferdige. Men på tidspunktet då Juleribba 2 møtte Voksa FC, hadde dei framleis mykje å spele for, noko som sannsynlegvis var ein grunn til at dei presterte mykje betre enn i den siste kampen, då dei allereie var utslegne. Voksa FC kom tidleg bakpå med både 0-1 og 0-2. Likevel greidde laget å ta seg saman. Litt etter litt tok VFC over banespelet, og pressa Juleribba 2 inn i sitt eige mål. Først reduserte Eirik Voksøy Bringsvor etter corner, før same mann ikkje lenge etter sette inn utlikninga på eit skot. VFC var svært nær å ta med seg alle tre poenga, men keeperen til Juleribba 2 avverga ved fleire høve.

Voksa FC - Pondus IL 4-3
Mål VFC: Helge Dimmen, Lasse S. Gule, Eirik V. Bringsvor 2
Lagoppstilling: Mads Aure | Eirik V. Bringsvor - Thomas V. Bringsvor | Helge Dimmen - Kristoffer Strand
Innbytte: Olav Støylen, Lasse S. Gule
Kampen: Liveoppdaterte resultatlister og tabellar gjorde at ein lett kunne finne ut kva som måtte til før siste kamp, om ein ville gå vidare til kvartfinale. Faktum var enkelt; Voksa FC måtte slå Pondus IL for å avansere. Pondus IL tok først leiinga, men Helge Dimmen utlikna ikkje lenge etter. VFC kom på nytt under med eitt mål, men derifrå og ut, var raudtrøyene best. Lasse Strand Gule utlikna frå kloss hald med sitt første mål for klubben, før Voksa FC gjekk opp til 4-2 etter to mål av Eirik Voksøy Bringsvor. Pondus IL reduserte ein gong, men kampen ebba ut med 4-3. Voksa FC var dermed klare for kvartfinale.

Kvartfinale: Flipperdicks - Voksa FC 5-0
Lagoppstilling: Mads Aure | Eirik V. Bringsvor - Olav Støylen | Thomas V. Bringsvor - Helge Dimmen
Innbytte: Kristoffer Strand, Lasse S. Gule
Kampen: Det vart raskt tydeleg at Flipperdicks skulle bli ein del hakk for store for raudtrøyene frå Voksa. I starten hang ein rett nok med i svingane, men etter fire-fem mållause minutt, gjorde Flipperdicks kort prosess. Då kampen var over hadde dei leikt seg til fem enkle mål. VFC-forsvaret vart spelt trill rundt, og ein kunne gjere lite med overmakta denne gongen. Sigeren kunne og burde ha vore mykje større, men altfor "deilige" avslutningar på angrepa hindra fleire mål. Og godt var det, for elles kunne dette vorte stygt. Uansett ein heiderleg innsats for Voksa Football Club i Umbro5Cup 2012!



Troppen spikra??

Av Kristoffer Strand 21.12.12
...............................................................................................................................

Etter forfall fra sentrale og ikkje så sentrale spelarar, to til tre nye anlet inn dørene på voksa, ser det no ut til at klubben omsider er klar til cup i morgon. Om den endelege troppen no er spikra er svårt å svare på, men eit godt utkast er det i hvert fall i boks.

Etter to år med deltaking i Castrolcup (Olivinhallen), er det i år duka for at Voksa FC går nye vegar. Missnøya etter tilitsbruddet frå Åram under årets SR Grendacup vart ei tung nøtt å svelge for leiinga i VFC, dermed tek klubben årets julehandelen i Ålesund på jakt etter nye trofear og ikkje minst siste innspurt når det kjem til julegavehandel.

Det vart tidligare i desember bekrefta at Keeper Magne Olsen og kaptein Anders Bringsvor ikkje hadde mogligheit til å ta del i årets juleturne(ring). Dette førte til stor usikkerhet om det i det store og heile skulle bli meir fotball før året var omme.

-Vi har mista keeperen og ikkje minst kapteinen vår som er den mest erfarene spelaren i Voksa FC, men vi skal ikkje vippe ta pinnen av den grunn, sa Eirik i ein kort kommentar til VFC Nett. Med det meiner han trass tapet av kapteinen har klubben jobba på spreng (som vanleg) med å samle troppene, og ikkje mins bygget nye. 

Det gyldne talet er per nå (kl23:59) 7stk, om dette er det endelige talet i morgen ved kampstart er enda uviss. Voksa FC har sett langt etter folk denne gongen, skal vi tru rykta har har klubben sikra seg to Ålesundera og til manges store overasking, ein Kvamsøying. Det ryktast også at manageren kjem til og bli involvert på fleire frontar. 

Til dykk som lurar på kven som skal vokte buret til VFC denne gongen, kan vi informere om at det gjer vi i VFC Nett også. Time will Show!


Kampoppsett Umbro5Cup

Av Eirik V. Bringsvor 20.12.12
...............................................................................................................................

Etter at påmeldingsfristen for Umbro5Cup i Sparebanken Møre Arena i Ålesund komande laurdag gjekk ut tysdag kveld, har det vore knytt stor spenning til kvar i kampoppsettet Voksa FC vil figurere. Ikkje mest med tanke på motstandarlag, men derimot med tanke på kva tid på dagen kampane skal gå. For det første leiinga må finne ut, er kva tid ein må reise frå Voksa, og kva tid ein kan rekne med å kome att.

Totalt fekk arrangøren inn 20 påmeldingar, noko som har gitt fire grupper med fem lag i kvar. Voksa FC har kome i gruppe 3. Første kamp vert spelt 12.45 og siste gruppespelkamp går 14.30. Dei andre laga i gruppa er "VI! Det e vii! (Vi officiale)", "Vika", "Juleribba 2" og "Pondus IL". Kampane er 1x14 minutt lange.

Gruppekampane går som følger:
12.45 Voksa FC - VI! Det e vii! (Vi officiale) (K1290 - Bane 2)
13.15 Voksa FC - Vika (K1285 - Bane 1)
13.45 Juleribba 2 - Voksa FC (K1287 - Bane 1)
14.30 Voksa FC - Pondus IL (K1292 - Bane 1)

Eventuelle sluttspelkampar går frå kl. 15.05 og fram til 16.15:
15.05 Kvart4 Vinnar gr. 4 - Toar gr. 2 (K1311 - Bane 2)
15.05 Kvart1 Vinnar gr. 1 - Toar gr. 3 (K1308 - Bane 1)
15.25 Kvart2 Vinnar gr. 2 - Toar gr. 4 (K1309 - Bane 1)
15.25 Kvart3 Vinnar gr. 3 - Toar gr. 1 (K1310 - Bane 2)

15.50 Semi1 Vinnar K1308 - Vinnar K1309 (K1306 - Bane 1)
15.50 Semi2 Vinnar K1310 - Vinnar K1311 (K1307 - Bane 2)

16.15 Finale Vinnar K1306 - Vinnar K1307 (K1305 - Bane 1)

(Kampar VFC kan hamne i er understreka)

Seinast i løpet av morgondagen vil troppen til Voksa FC bli spikra og dermed bli offentleggjort. Det er framleis noko usikkert kven som kjem til å reise til SBM Arena for å spele jula inn, men dette må på plass snarast. I same slengen kjem ei lita statusoppdatering og førehandsomtale av cupen som blir den første sidan Voksa FC henta gullet heim under SR Grendacup 2012 i sommar.


Påmeldt Umbro5Cup

Av Eirik V. Bringsvor 14.12.12
...............................................................................................................................

Voksa Football Club vert å sjå i aksjon igjen allereie neste helg. Laget er no påmeldt turneringa Umbro5Cup som går av stabelen i Sunnmørshallen, eller rettare sagt Sparebanken Møre Arena, laurdag 22. desember 2012. Etter lange forhandlingar med opptil fleire aktuelle spelarar, har leiinga klart å få på plass ein foreløpig tropp. Deriblant har eit par nye fjes meldt si deltaking.

Dermed har leiinga i VFC valt å boikotte Castrol Cup. Det hadde naturlegvis vore fysisk mogleg å ta del i begge arrangementa, men dette har visstnok vorte sett på som uaktuelt frå klubben si side. Ikkje så rart det kanskje - med berre utgifter er det vanskeleg å drive profesjonelt fleire gongar i månaden. Særleg i desember. Rykter seier at klubbleiinga førebuer eit eksklusivt julebord i romjula, og då kan det vere greitt å ha gjort seg ferdig med det sportslege...

Når det gjeld troppen Voksa FC sender til Ålesund neste laurdag, vil meir om dette kome over helga når det nærmar seg. Kampoppsett og reisetider vil truleg kome i løpet av onsdag. Deretter vil VFC Nett kome med ein fyldig førehandsomtale av laget si første deltaking etter sigeren i SR Grendacup i august i år. 

Avslutningsvis kan vi også nemne at den nyaste utgåva av medlemsbladet "Voksa-patrioten" går i trykken i desse dagar, og vil vonleg vere distribuert til alle medlemmer før jul. Er du ikkje medlem, kan du melde deg inn no og få det rykande ferske bladet rett i kassa du også. Alt du treng å vite, finn du her: http://voksafc.yolasite.com/vfcsc.php



På randen av boikott?

Av Eirik V. Bringsvor 02.12.12
...............................................................................................................................

Spørsmålet rundt Voksa FC si deltaking i årets Castrol Cup har stått ubesvart i over ein månad. Framleis har ikkje leiinga kome fram til ei endeleg slutning, men den siste veka har det vore intens telefonering og anna mobilisering mellom den heilage treeininga i klubben. Konklusjonen er langt frå klar, men delar av leiinga kan i alle fall røpe noko av innhaldet i det som no vert kviskra om bak VFC sine tre veggar.

Dagleg leiar Eirik Voksøy Bringsvor kan seint i kveld melde om hektisk aktivitet internt i leiinga av Voksa FC den siste veka. Styret er som kjent spredt for alle vindar. To blad er stasjonert i trønderhovudstaden ein stad, medan den siste kniveggen er laustbuande her i distriktet. - Etter lang tids prøving og feiling, har eg endeleg fått kontakt med klubbdirektøren no nyleg, og vi har kome fram til ein slags slagplan for å børste støvet av Voksa FC og prøve å få til noko sportsleg att no som det nærmar seg jul, seier Eirik.

Som kjent har klubben dei to første sesongane i klubben si hittil korte historie hatt for vane å tilbringe ein føremiddag i romjula på Åheim i Vanylven, der innandørsturneringa Castrol Cup går av stabelen årleg. Suksessen har til no vore fråverande, så klubben vurderer no andre alternativ.

- Vi har som vanleg ei rekkje namn på blokka, og vi prøver no å lufte dei ulike alternativa for desse spelarane for å kunne ta ei avgjerdsle om kva det blir til, kan dagleg leiar fortelje. - Det er avgjerande å høyre kva spelargruppa sjølv vil, legg han til.

På spørsmål om vi no ser antydingar til ein aldri så liten boikott av ÅVK sitt arrangement Castrol Cup, svarer Bringsvor kort og kontant.

- Ja, det skal du ikkje sjå bort i frå.

Kva alternativ det er snakk om, får du kanskje vite seinare, men dersom du er ein smule observant, kan du finne ut litt om det allereie her og no!



Castrol Cup også i år?

Av Eirik V. Bringsvor 01.11.12
...............................................................................................................................

Sidan hendingane i sommar har det vore stilt på den sportslege fronten i Voksa Football Club. Men når det no nærmar seg jul med stormskritt, er det naturleg å tenke på å samle troppene igjen. Det store spørsmålet er difor om "meisterlaget" også i år har tenkt å ta del i Castrol Cup.

Det har førebels ikkje lukkast nettredaksjonen å kome i kontakt med klubbleiinga for kommentarar vedrørande denne saka. Ein finn det likevel ikkje usannsynleg at klubben atter ein gong kjem saman og stablar på fote eit lag slik at Voksa FC igjen vert å sjå i kampoppsettet til Castrol Cup.

Turneringa går i år av stabelen laurdag 29. desember og det er som vanleg Åram/Vankam FK som arrangerer. Olivinhallen på Åheim er som vanleg staden for hendinga. Du kan lese meir om cupen på nettsidene til ÅVK http://idrett.speaker.no/organisation.asp.

Spekulantar har dei siste månadane sådd tvil om VFC kjem til å delta i årets Castrol Cup. Dette pga. den systematiske boikotten vanylvingane gjennomførte i høve Sandsøy IL og Voksa FC sitt eige arrangement i sommar, nemleg SR Grendacup.

Du kan i mellomtida, før svaret på om Voksa FC vil melde på eit lag kjem, lese korleis klubben gjorde det i Castrol Cup i 2010 og 2011. Dette finn du på desse sidene:


Storleiken tel!

Av Anonym 21.10.12
...............................................................................................................................

Røyster høgt oppe i VFC-systemet har ymta frampå at laget kanskje har hatt større sukksess 7-ar- enn 5-ar-fotball. Sjølv kor behageleg ein har det, kan ein ikkje slappe av når toppleiinga krev gransking. Nettredaksjonen har difor den siste tida sett alle krefter i sving med eit djupdykk i klubben si stolte historie.

Nyleg henta Voksa FC heim sin første pokal etter SR Grendacup 2012. Det viser seg at det nok ikkje var tilfeldig at sju par knyttnevar, og ikkje fem, kunne reise seg etter siste fløytesignal. Statistikken er klar; Voksa hevar seg med fleire på bana.

I alt har supporterskaren per 5. september kunne følgje laget sitt 23 gongar. Som regel har dei berre fått sjå fem om gongen. Dette har skjedd ved 16 høve, medan ein sju gongar har hatt to mann/gutefantar ekstra på bana. Altså meir enn nok til å luke ut statistisk usikkerheit.

Med fem på bana kan ein vise til seks sigrar og sju tap, medan ein ved tre høve har gått av bana utan ei avgjersle. I prosent blir det sjåande slik ut: S: 37 - U: 19 - T: 44. Ser ein på mål for og imot, har VFC sjølv putta 23 gongar, medan 27 ballar har funne vegen inn bakdøra. Med andre ord -4 i målskilnad.

Det heile ser langt lysare ut på sjuar-fronten. Av sju kampar er heile fem vunne, og berre to tapte. Følgjande ein sigersprosent på dryge 70. Målskilnaden her lyd på ambisiøse 20-4! Voksa FC sin matematiske talsmann uttrykker ekstase då han får høyre siffera.                                                             - Dette gjer meg like glad og stolt som den gongen eg løyste mi første lineære, andre ordens differensiallikning, seier han i ein kort kommentar.

Årsakene kan vere mange til denne tydelege forbetringa. Mellom anna er alle sjuarkampar spelt på ærverdige Oshaugane Stadion. Med fansen og nordavinden i ryggen, er det ikkje anna enn å vente at prestasjonane er på topp. Likevel kan dei som følgjer klubben tett fortelje at laget verkar meir homogent og slagkraftig i sin velkjente 2-3-1-formasjon, i motsetnad til den meir uortodokse 2-2-varianten. Ikkje minst kan Voksa sine taktisk drivne nøkkelspelarar styre laget meir effektivt med fleire sjakkbrikkar i spel.

Det verkar klart at Voksa FC bør satse stort framover. Ein kan nesten smake suksessen allereie dersom ein klarer å stable elleve brikkar på brettet samtidig!



Mykje nytt på "menyen"

Av Kristoffer Strand 12.10.12
..............................................................................................................................

Er det lenge siden du har snusa litt rundt her på sida? Då er det kanskje på tide, det er ikkje farlig. Sidan sommaren har det nemleg kome mykje nytt her hos oss, her er en smakebit på kva som er på den nye menyen!

Tidlegare såg menyen slik ut: 

Heim      Siste nytt     A-laget   Om klubben   VFCSC   Diskusjonsforum   Fotogalleri   VFC TV.

Det som har skjedd er at A-laget har blitt bytta ut med Sesongen og Diskusjonsforum har blitt til Grendacupen. Dette er forandringar som skal gjere det enklare og meir oversiktleg for deg som skal finne fram her på sida. 

Sesongen inneheld det same som før berre på ein meir oversiktleg måte. Går du inn på sida finn du adelskalenderen akkurat som før, men til venstre finn du ein meny som inneheld mykje godsaker. Der har du ei fyldig og oversiktleg oversikt over dei tre sesongane til VFC så langt. Etter kvart vil du også finne spelarstallen til Voksa FC per dags dato og ei oversikt over dei utlånte spelarane.

Diskusjonsforumet har blitt om til Grendacuppen. Grunnen til det er hovudsakleg fordi diskusjonsforumet ikkje akkurat har blomstra med innlegg. Går du inn på Grendacupen finn du absolutt alt du måtte lure på i forbinding med Grendacupen. PS: Diskusjonsforumet er flytta til VFCSC.

Går du inn på VFCSC vil du heilt til venstre finne ein meny som inneheld diskusjonsforumet og ikkje minst suportershop. Har du enno ikkje besøkt Supporter Shop, er det jaggu på tide! Der finn du mykje mykje rart til ein billig penge, kanskje til og med ein julegåve eller to? Lenger ned på VFCSC-sida finn du ei full oversikt over alle som er medlem i supporterklubben per dags dato. Vidare så oppdaterar vi fotogalleriet i ny og ne slik at du kan sjå kva klubben driv på med til ei kvar tid. 

Sist men ikkje minst; VFC TV 8 kom ut for ikkje så alt for lenge sidan. Har du enno ikkje sett sendinga, ja da er det jaggu på tide! Sendinga finn du om du går inn på VFC TV oppe i menyen, eller midt på framsida. Der vil sendinga ligge ei stund framover.

Så snok ein runde rundt på sida og få med deg kva som er nytt, du vil ikkje angre! Kanskje du til og med kjem over noko du ikkje alt visste om klubben.?


Hektisk overgangsvindauge på Voksa Stadium!

Av Anonym 04.10.12
..............................................................................................................................

«Deadline Day» skapte ingen panikk i luftromet over Voksa. Sjølv om helikoptera glimra med sitt fråvær siste dagen i august, kan speidarar, kontraktsforhandlarar og sjekkskrivarar seie seg nøgde med sommaren. Spelarlogistikken var ikkje alltid like logisk, men med resultata i hand, særs vellukka.

Allereie før vindauget stod på gløtt, svirra sommarens store overgangssaga blant media. Dei siste månadane har nok ikkje vore berre lett for forsvarsbautaen Vegard Prozenko med så mykje usportsleg mas. Dersom alle rykta var sanne, hadde Prozenko på deg fleire lag med drakter då han til slutt debuterte for Erlends Engler i juli. Det er usikkert om det er snakk om eit utlån eller ein permanent overgang. VFC-leiinga kan bekrefte at ingenting er sikkert i denne saka.

I starten på august drog ytterlegare to spelarar ut ferjebommen på Voksa. Her var det ikkje snakk om noko permanent, verken hos frisøren eller i den nye kontrakten. Kaptein Anders Bringsvor blei frakta over Voksevegen til Sandsøy Old-Boys med lovnader om gull og grøne reker. Lasse Strand Gule tok turen over fjorden grunna manglande lovnader om speletid frå manageren. Trenarstaben i VFC håper at spisstalentet skal kome tilbake med meir erfaring når låneperioden utgår om kort tid.

Spelarar ut betyr spelarar inn. To nye fjes kunne stolt aksle den raude trøya under SR Grendacup. Solide Martinus Helland blei henta inn på korttidskontrakt etter å ha vore fri agent ei kort stund. I tillegg kan talentspeidarane i klubben slå seg på brystet etter å ha snappa stortalentet Christoffer Bringsvor framfor nasa på Hødd. Bringsvor fekk heile tre kampar under beltet på Grendacupen. Likevel må han nok belage seg på spel for det talentfulle juniorlaget til VFC den næraste tida. Akademiet til Voksa blomstrar for tida, og kan reklamere med heile to spelarar. I tillegg til ny-signeringa har ein jo allereie vedunderbarnet Sondre Voksøy Bringsvor i rekkene.



 
 
 
Make a Free Website with Yola.