Nyhetsarkivet

Nytt andlet på VFC Nett!

Av Kristoffer Strand 31.03.12
.............................................................................................................................. 

Tidlegare denne månaden utlyste VFC-Nett ut ei stilling som skribent her på vår nettside. Grunnen til
det var/er for å gi nettopp deg eit betre tilbod her hos oss. 

Heile ein person slapp igjennom nålauget (av ein søkar) og måtte på eit omfattande jobbintervju der han 
etter observasjonar frå vår utsente speidar og døme stillte i finstas. Du trur kanskje dette var eit vanleg 
intervju som forekom på ein vanleg måte? Nå nei, da kjenner du ikkje denne klubben godt. Intervjuet vart 
nemleg avvikla over telefon, men sidan intervjuobjektet til tider sklei over til ei rar dialekt, var VFC-Nett 
ei stund i tvil om dei i det heiletatt skulle ansette denne mannen. Men etter ein rask kikk over søkarlista 
vart denne personen ansatt på dagen.

Dermed har VFC-Nett laga ein konkurranse som går ut på at dykk lesarar skal sende inn forslag og idear om kven denne underlige skrivaren er. Han kjem til å legge ut saker under tilnavnet "anonym" til den dagen nokon klarar å gjette rett. (Du skal ikkje sjå bort ifrå at ein litan premie ventar nettopp deg om du gjettar rett! Svaret sender du til denne adressa: voksafc@hotmail.com) Vi håpar at så mange som mogleg tek del i denne spenande konkurransen og ventar i spenning på kven dykk trur det er.


VFC TV: Etterlengta sending angiveleg i gjerde!

Av Eirik V. Bringsvor 11.03.12
..............................................................................................................................
 
Nettredaksjonen har i dag fått diverse hint og signal frå VFC TV om at ei sending nummer sju visstnok skal vere rett rundt hjørnet. Det tyder altså at vi kan vente oss ei etterlengta sending om ikkje lenge. TV-avdelinga antyder at programmet kan vere på nett i løpet av komande veke. Vi må difor framleis smøre oss med tolmod, men eit kjent slagord i Voksa FC er "betre seint enn aldri"! Den nye sendinga, altså den sjuande i rekka sidan premieren for knappe 15 månader sidan, oppsummerer dei to sportslege hendingane sidan forrige sending - ÅVK Summer Games og Castrol Cup - i tillegg til å innehalde diverse usportslege saker. Dermed er det berre å vere på alerten og fylgje med her på nettsida den komande veka!

Betre seint enn aldri, gratulerer så mykje!

Av Kristoffer Strand 17.02.12
.............................................................................................................................. 

Da ein skulle tru at bursdags kaoset var over dukka det jaggu meg opp en bursdag til. Datoen er eigentleg den 16. Februar og vår kjære manager Lasse Strand har skifta frå ulykkestalet 13 til det kanskje meir magiske talet 14. VFC Nett vil på vegne av heile klubbe ynskje deg til lykke med gårsdagen og informere deg om at du no ikkje er langt unna å kunne ta steget opp frå manager til spelar eller kanskje spelandes manager? Det ser ut til at du allereie svevar høgt med den tanken, gratulere med gårsdagen.

Endeleg er den her!

Av Kristoffer Strand 17.02.12 / Eirik V. Bringsvor 18.02.12
..............................................................................................................................
 

Det er irriterande lenge sidan du har sett noko frå VFC TV. Det veit vi, så difor kan vi i desse tomme tider (unnteke ei drøss med gebursdagar...) glede sjåarane våre med 1.30 minutts latterleg seanse! På forsommaren i fjor reiste nemleg TV-redaksjonen den lange vegen over fjorden for å lage reklamefilm for hovudsponsor Sande Rekneskap AS. Skodespelarane vil helst vere anonyme, og vi innfrir dette ønsket sidan dei etter dette vil bli meget populære! Sjå og nyt - og vil du ha pluss, så er SR firmaet for deg!


Den 14.februar er ingen valen dag!

Av Kristoffer Strand 14.02.12
..............................................................................................................................

Dagen i dag er ein spesiell dag, og alle veit jo kva som er så spesielt med nettopp denne dagen? Korrekt, det er nemlig bursdagen til vår kjære daglege leiar Eirik V. Bringsvor. Han har endeleg klart å ta det lange steget frå 17 til heile 18 år! I den anledning vil klubbdirektøren  på vegne av heile klubben (også VFC Nett) ynskje deg til lykke med 18-årsdagen og tida som kjem framover.

Oppsummering av sportsåret 2011

Av Kristoffer Strand 19.01.12
..............................................................................................................................

Klubbdirektør Kristoffer Strand vil gjerne gratulere Voksa FC med ein strålande innsats under fjorårets Castrol Cup 2011. Litt sisteliten trøbbel og diverse forfall hald på å stikke kjeppar i jula for heile deltakinga. Med det er klubbdirektøren meget stolt over at klubben klarte å ro seg i land også denne gongen.

Vidare vil klubbdirektøren informere om at du kan finne ei lita oppsumering av året/sesongen 2011 om du går inn på "Om klubben" eller trykker på "Play" over.

Januarvindauget

Av Kristoffer Strand 22.01.2012
..............................................................................................................................

Etter ein relativt stille haust har vinden plutselig festa eit nytt grep kring Voksa FC. Rykta har gått som toga til NSB den siste tida, men denne gongen er det ikkje klubben og klubbleiinga i seg sjølv som er i fokus, men spelarar klubben har på radaren.

Det ryktast at Voksa FC jaktar heile 2 nye spelarar som skal halde god stand og ikkje minst forsterke den allereie sterke stallen. Det er for tidlig å kome med noko namn, men den eine skal vere ein godt erfaren spelar i byrjinga av 30 år som trivst bak på banen. Den andre skal visstnok vere ein ung og kanskje lovandes spelar som enno ikkje har nådd 20 år. Han kjem frå Ålesund, trivst helst bak på bana og har ein brukandes venstrefot. Det ryktast også at klubbdirektør Kristoffer Strand er utsenda for å ta ein nærare kikk på denne spelaren, men dette kan verken bekreftast eller avkreftast.

Den førstnemnte spelaren er kanskje ikkje så ukjend for dei fleste som fyljer med, men interessa rund denne spelaren er enorm og sjansane for at ei slik supersignering skal gå i orden er nøyaktig minimale. Begge desse spelarane er for augneblinken utan klubb og kan hentast gratis, men så gjenstår det å sjå da om Voksa FC kan freiste med eit tilbod andre konkurrentar ikkje kan!

PS! VFC-nett vil kome tilbake med fleire oppdateringar rundt denne saka og andre aktuelle saker som angår spelarane i VFC snarast vi veit meir.

Hipp, hipp, hurra: Direktøren når eit femtedels sekel!

Av Eirik V. Bringsvor 14.01.12
..............................................................................................................................

Vi gratulerer i dag klubbdirektør Kristoffer Strand med den store dagen, som i år fyller sensasjonelle 20 år, ein prestasjon berre det! Han går dermed over i rekkene som gammal og erfaren. Heile Voksa Football Club nyttar uansett høvet til å ønskje Strand alt godt i dag og i framtida. Å vere ein femtedel på veg til 100 år er ingen spøk, og styret i klubben kan no prise seg med enda meir tyngde og visdom - får ein i alle fall tru... Gratulerer med dagen! 


 
 
 
Make a Free Website with Yola.