Nyheitsarkivet

Oppdatering: Endelig er det her!

Av Kristoffer Strand 30.09.12
..............................................................................................................................

Om rykta stemmer denne gongen blir det premiere på VFC TV 8 ca kl 20.23 i KVELD! TV-redaksjonen vil ikkje røpe kven, kva, kvisleis eller kvar, men seier at heile TV-redaksjonen har gått gjennom ein revolusjon som dei håpar publikum vil like.

Den hemmelighetsfulle TV-redaksjonen understrekar likevel, at om denne sendinga ikkje blir nokon større suksess enn den forrige så blir det mest truleg den siste som blir produsert. Trass eit slikt varselskot er TV-redaksjonen sparsomme med opplysningar rundt sendinga, men etter det VFC Nett har klart å grave fram vil sendinga ikkje uventa stort sett handle om SR Grendacup 2012 og lengda på programmet skal vere rekordkort.

-Vi håpar å fange publikums merksemd frå første spark og satsar på at ballen ikkje stoppar å rulle før sendinga er over. Vi håpar at det nye konseptet vil skape ei føling av at publikum ikkje får nok og vil sjå meir. Ellers vil eg seie god fornøyelse, sa ein meget spent produsent Kristoffer Strand. Så er det store spørsmålet, vil det nye konseptet funke nok til å snu den negative publikumsutviklinga til det positive? Det gjenstår å sjå, TV-redaksjonen har i alle fall gjort sitt for at det skal skje.



Oppdatering: VFC TV 8!

Av Kristoffer Strand 26.09.12
..............................................................................................................................

Det kom fram forrige veke at TV-redaksjonen la kameraet på is til ubestemt tid, men global oppvarming ser ut til å ha smelta isen og blåst nytt liv i redaksjonsgjengen. 

Skal vi tru rykta denne gongen er VFC TV 8 allereie under full produksjon til og med kanskje snart ferdig! Som konsekvens av den "feiden" vi (VFC Nett) hadde med TV-redaksjonen forrige veke vil ikkje produsent Kristoffer Strand verken bekrefte eller avkrefte om det er hald i desse rykta. Klubbdirektøren har forståelse overfor TV-redaksjonen, men håpar likevel VFC 8 kjem ut.

-Det er lov til å håpe, men eg stiller meg bak TV-redaksjonen, for å gå ifrå nærare 200 til 42 sjåarar sist program og ei pil som held fram med å peke nedover kan no gjere at kvar og ein miste motivasjonen. Vi er sjølvsagt glad på vegne av dei 42 som såg sist sending, men det er forlite rett og slett. Eg vil også seie at eg stiller meg svært kritisk til VFC Nett, for er det ein ting eg som klubbdirektør ikkje likar, så er det folk innad i klubben som kritiserer kvarandre! sa ein kritisk klubbdirektør som meiner denne saka kunne blitt løyst annleis. 

Etter oppfordring frå klubbdirektøren vil VFC Nett beklage hendinga forrige veke og håpar vi sjølvsagt ei sending nummer åtte kjem ut og at den negative utviklinga i form av lite sjåarar kan snu slik at pila igjen kan peike oppover. Så ta turen innom vår Facebook-side og stem for at VFC TV ikkje skal leggast ned!

Her er det viktig at alle seier si meining, trykk på denne linken om du vil VFC TV skal halde fram:

http://www.facebook.com/groups/143973315649902/




VFC TV 8?

Av Kristoffer Strand 22.09.12
..............................................................................................................................

Rykta skal ha det til at VFC TV nr 8 er under produksjon, men om det er hald i desse rykta er slett ikkje sikkert etter forrige sendings fiasko. Klubbdirektøren fryktar no at TV-redaksjonen har sett seg lei av mangel på sjåarar, noko som fører til svært usikker framtid for den visuelle delen av VFC!

Blir det ei sending nummer åtte? Kva grep kan ein ta for å vinne tilbake sjåarar? Kva klede skal programleiaren ha på? Dette er berre nokre av svært mange spørsmål som har dukka opp den siste tida. VFC TV-redaksjonen har ikkje uventa valt å halde korta tett til lerretet etter siste tidas fiasko. - Sist sending hadde kun 42 sjåarar! Årets mål-avstemming og andre små produksjonar har heller ikkje fått den responsen vi hadde håpa på, sa ein svært skuffa Kristoffer Strand som stort sett er programleiar i VFC TV.

Årets mål videosnutten var ikkje meir poppulær enn at kun halve spelargruppa såvidt gadd å gi ein stemme. Dermed vart konkurransen ein stor fiasko og det er enno ikkje avgjort kven som skåra årets mål i fjor. Dette har skapt hovudbry for TV-redaksjonen som no vurderer om dei i det store og heile skal halde fram! VFC Nett er ikkje nøgde med TV-redaksjonens haldning, noko som har ført til usemje mellom partane. Dette har igjen ført til ekstra hovudbry for klubbdirektøren som ikkje ser anna utveg enn å halde ei offentleg avstemming der dei i og rundt klubben kan svare på spørsmålet: 

Trass den kraftige nedgangen i antall sjåarar, vil du at VFC TV-redaksjonen skal halde fram med å produsere VFC TV og andre små produksjonar?

Her er det viktig at alle seier si meining, trykk på denne linken om du vil VFC TV skal halde fram:

http://www.facebook.com/groups/143973315649902/



"Supporter shop!"

Av Kristoffer Strand 16.09.12
..............................................................................................................................

Voksa FC i samarbeid med VFC Nett jobbar stadig for å gi nettopp deg eit best mogleg tilbod. Denne gongen har vi oppretta ei heilt ny side spesielt for våre supportarar, kva ventar du på? Ta turen innom VFCSC og sjekk ut den nye veksande sida!

Sida inneheld alt du treng av informasjon, prisar og produkt. VFC Nett har snakka med klubbdirektøren for å høyre kva syn han har på saka. -Eg er glad vi endeleg har fått eit skikkeleg tilbod på plass for den veksande gruppa med supportarar. Det er viktig å ta godt vare på dei, sa ein fornøgd klubbdirektør Kristoffer Strand som sjølv kjem til og benytte seg av den nye sida.

Den nye sida heiter "Supportar Shop" og inneheld ein rekke gode tilbod, du vil kunne kjøpe alt ifrå VFC-drakter til medlemsskap i supportarklubben og mykje mykje meir. Så ta turen innom, du finn garantert noko du likar.

"Supporter Shop" finn du her!



Manageren missnøgd med lite speletid!

Av Kristoffer Strand 12.09.12
..............................................................................................................................

Trass missnøya gjorde Voksa FC sin manager Lasse Strand ein heiderleg innsats under årets SR Grendacup, både sportsleg og utansportsleg.

Usikkerheita rundt om eit Larsnes og Åramlag i det heiletatt skulle kome, spredde seg raskare enn ein skogbrann på Antarktis veka før avspark i årets SR Grendacup. Dermed var senarioet at berre 2 lag i aktivklassa skulle delta, men det var heilt til Lasse Strand tok saka i eigne hender og sette igong mobiliseringa for å skaffe eit tredje lag.

Plana var eigentleg å annskaffe eit Larsneslag, men ettersom det viste seg og vere umogleg gjekk turen vidare til Åram, Vanylven og så langt som til Åheim før ein utladda mobil og manager kl. 1 cupnatta kunne melde at mannskapet var på plass. Oppi alt dette var også Lasse med på førebuinga til cupen sportsleg og utansportsleg, og var til stor hjelp sjølv om mykje av tida jekk bort i å ringe rundt for å skaffe den tredje motstandaren.

Trass alt positive var alikavel ikkje manageren heilt fornøgd, sjølv om laget han spelte på kom til finala og laget han er manager for (Voksa FC) vant turneringa. Han enda nemleg opp med å spele for laget han "timane" før hadde annskaffa, mykje grunna sikkra speletid. Han føler nemleg at klubben har valgt å sjå bort ifrå hans iver etter å få spele og heller valgt å satse enda yngre. Med det føler han at alderen 14,5 burde halde, og at han snart kan ta steget opp ifrå manager til spelar.

- Graset er også grønt på andre sida av gjerde og eg kan ikkje vere i skuggen av klubben eg eigentleg er manager for til evig tid.

Så gjenstår det å sjå om manageren har fått nok eller om dette berre var eit varselsskot etter som jaktsesongen er igong. VFC Nett vil fylje saka tett og kome med oppdateringar straks det skjer noko.


           

VFCSC: Meld deg inn no!

Av Eirik V. Bringsvor 07.09.12
..............................................................................................................................

Det store styret i høve sommaren sin Grendacup har no lagt seg og det er dermed på tide å ta fatt på kvardagen. Ikkje minst ser vi i Voksa FC framover. I haust er det ikkje store sportslege planar for klubben, men på den usportslege sida er det litt av kvart i vente. Blant anna kan du no skaffe deg tilgong til supporterklubben sitt eksklusive medlemsblad "Voksa-patrioten".

Men for å få det, må du melde deg inn i supporterklubben VFCSC. Det er ganske enkelt. Send ein e-post til voksafc@hotmail.com med informasjon om namn og adresse. Du kan så velge om du vil betale kontant eller via nettbank. Dette sender vi ein faktura på. Per dags dato er medlemskontigenten på 50 kr for enkeltperson, og 100 kr for familiar med tre eller fleire personar (barn må vere under 18 år).

Finn meir informasjon om supporterklubben her!

Du får mange fordelar som medlem av VFCSC. Blant anna produserer vi eit magasin med ujamne mellomrom som berre er for medlemmene våre. Hittil har vi laga to utgåver, og den tredje er venta fram mot juletider i år. Dersom du melder deg inn før neste utgåve er ferdig, får du automatisk bladet frå august i år. Her er ein smakebit frå Voksa-patrioten 2. utgåve:

__________________________________________________________________________________________

LEIINGA FLESKAR TIL MED STADIONPLANAR:

SMALL MONEY - BIG PLANS

Det har vel lege i korta ei stund allereie, at Voksa FC ønskjer å utbetre fasilitetane på Voksa Stadium. Til no har klubben måtte ta til takke med ei nokså ulendt, men dog nokså grøn bane, der treningane anten vert mot- eller utforbakkeløp - alt etter kva veg ein spelar. Men no har korta vorte blåste ut av kortstokken av ein liten kuling som rådar over Voksa for tida. I sommar var vi på stadion og møtte klubbleiinga som gladeleg la ut om dei store planane.

__________________________________________________________________________________________


Dersom du vil lese meir om dette og anna, er det berre ein ting å gjere - meld deg inn no!



Cupen alle vil gløyme

Av Kristoffer Strand 02.09.12
..............................................................................................................................

Trass i alt det positive den siste tida "må" vi desverre lage riper i den ellers så skinande lakken til Voksa FC i form av å vise ei tre minutt lang oppsummering frå årets fadese på Eidså, nemleg ÅVK Summer Games. 

Dei fleste har nok allereie gløymt turneringa som skapte mykje oppstyr i og rundt fotballklubben Voksa FC. Ueinigheit i styret, ultimatum, og eit tafatt VFC var mykje av det som svirra på Voksa Stadium dagane etter 07.07.12. Heldigvis for nokon vart det ikkje endringar i VFC-leiinga og drygt ein månad etter, var alt det negative gløymt i form av siger i årets SR Grendacup.

Klubbdirektøren, som mildt sagt vart pressa opp på Voksafjellet i desse tider, seier i ein kort kommentar til VFC Nett at han håpar klubben har tatt nyttig lærdom av den svake innsatsen og at sigeren under årets SR Grendacup var eit tegn på at spelarane reiste seg betrakteleg. Han understrekar også at samhaldet mellom spelarar og leiinga også har vore viktig for utviklinga etter den skuffande turneringsinnsatsen. På spørsmålet om ambisjonar var svaret kort og godt: - Klubben har ambisjonar om å vere med i toppen i mange år framover og resultatet i ÅVK Summer Games har gitt oss styrke som vi tek med oss vidare for å unngå at slikt skjer igjen.

VFC TV valgte å ikkje ta med noko frå denne cupen i eventuelle planar om ei sending nummer åtte, men tillot VFC Nett å legge ut denne tre minutt lange oppsummeringa istaden.  

For å sjå fadesen trykker du på "play"-knappen i midten av biletet, deretter fullskjerm knappen nederst til høgre.



Dagleg leiar ser framover

Av Eirik V. Bringsvor 25.08.12
..............................................................................................................................

Dagleg leiar Eirik Voksøy Bringsvor har endeleg hatt nokre dagar å summe seg på dei siste to vekene, etter at det vart jobba dag og natt den siste tida før Grendacupen. Han seier seg godt nøgd med gjennomføringa av arrangementet, og ikkje minst ser han framover. Neste år vil SR Grendacup etter alt å dømme gå av stabelen laurdag 22. juni, og det er nokre ting han kan tenke seg å rette på til det.

- Først av alt vil eg nytte høvet til å gratulere alle involverte med ein flott cup arrangementsmessig, og ikkje minst vil eg gratulere klubben og spelarane med sigeren, seier ein tydeleg nøgd dagleg leiar to veker derpå.

I fjor vart Eirik kjent som "nattleg leiar", då han, og resten av klubbleiinga, jobba til langt på natt siste kvelden før cupdagen. Historia gjentok seg ikkje overraskande også i år. - Vi i arrangementskomiteen bestemte oss tidleg for å få i gang arbeidet med cupen i god tid, slik at vi kunne unngå det same i-siste-liten-arbeidet som i fjor, seier Eirik før han legg til: - Planane var også større i år enn i fjor, så vi visste at det likevel kunne bli ein del arbeid siste veka, og siste dagen, ikkje minst.

- Og førebuingane gjekk bra dei. Tre veker før cuphelga intensiverte vi arbeidet og fekk på plass ein heil del fortløpande. Det var alt frå kiosk og speakeranlegg, til plakatar og blinkvegg. Det største usikkerheitsmomentet var nok deltakarlaga. Kampoppsettet vart ikkje spikra før siste ettermiddagen (fredag 10. august), men heller ikkje då kunne ein garantere noko. Eg vil heilt forsiktig gi eit lite stikk til Åram som lenge lova å stille lag, men som utan å gi beskjed ikkje kunne kome likevel, seier Voksøy Bringsvor med ein viss forbannelse mellom linjene.

For arrangementet gjekk knirkefritt. Sola skein frå klar himmel heile dagen, og med ein liten sørvest bris var speletilhøva nær perfekte. Dei fem laga som hadde meldt sin ankomst, kom, og ein unngjekk uheldige ulukker med påfylgjande helikopterbesøk slik som i fjor. Men der var ein ting Voksa FC sin daglege leiar sette fingeren på.

- Ja, publikumsoppmøtet kunne vore betre. I alle fall hadde vi håpa på at fleire tok turen til Oshaugane på ein slik dag. Kanskje var det meir populært det som skjedde ved Rosenlund på Sandshamna, men dette vert berre spekulasjonar. Vi har allereie diskutert kva grunnen kan vere, og manglande publisering om arrangementet kan vere ein av grunnane. Det var litt kjedeleg då dei fleste som var ferdige med sine kampar, valte å forlate stadion.

- Neste år vil vi altså byggje vidare på alt det positive, og også rette på desse småtinga. Eit ledd i å få alt fokus på arrangementet, er å finne ein dato som passar. Slik det ser ut no, vert SR Grendacup 2013 arrangert laurdag 22. juni. Det er sannsynlegvis same dagen som jonsokfeiringa på Sandsøya, men denne brukar vanlegvis å starte først i fem/seks-tida. Såleis passar det perfekt, sidan mange utflytta sandsøyingar kanskje vil ta turen på ein slik dag.



Ein debutant med gull for auge!

Av Kristoffer Strand 21.08.12
..............................................................................................................................

Når Voksa FC er i aksjon er det ikkje heilt uvanleg at det dukkar opp ein debutant eller to. Årets SR Grendacup var intet unntak med heile tre debutantar og eit comback på menyen, og endeleg, etter over tre år i klubben var tida inne for at fuglen skulle forlate redet - og det med stil!

Vi startar med det fyrste fyrst, nemleg combacket til Vebjørn S. Bringsvor. For etter å ha vore borte frå fotballbana i godt over eit år, var  den offensive høgrebacken endelegtilbake i VFC-drakta. Han starta på benken, men kom innpå ganske fort og markerte seg med scoring allereie i fyrste kampen. Han var alt i alt godt nøgd med eigen innsats, sjølv om han meinte at kondisjonen har vore betre.

Eit anna og kanskje meir ukjent navn som dukka opp i startoppstillinga til VFC i fyrste kamp var "Martiniusen". Han kjem opprinnelig frå Oslo, men brukar å ta turen til Sandsøya på sommarstid. Han kom til øya i dagane før turneringa og rakk ikkje så mykje som ei trening med laget før han vart kasta i ilden. Klubbdirektøren og resten av leiinga takkar for innsatsen som vart lagt ned av mannen som vart "henta" som ein meget midlertidig erstattar for kaptein Anders Bringsvor.

Debutant nr. 2 var av den yngre sorten, Christoffer Bringsvor som kom inn no og då, og ikkje minst fekk inn eit mål i sjølvaste finala for Voksa FC.

Endeleg! Etter over tre år i klubben utan eit einaste innhopp klarte ikkje mannen som eigentleg deltok på turneringa som kameramann å halde føtene frå bana lenger. Etter å ha filma fyrste kampen for Voksa FC, forsvant den etterlengta debutanten, og då det kun var att eit kvarter til VFC skulle møte dagens andre motstandar Kvamsøy, kom han gåande med VFC-drakt og fotballsko i handa. Den tidlegare storscoraren hadde endeleg bestemt seg, han skulle debutere - og gullet skulle heem!

Ingar S. Bringsvor fekk sin debut allereie mot Kvamsøy og viste at sjølv om han er ute av trening kan han framleis spele fotball. Voksa FC tok leiinga i kampen og gjorde ein del bytter med tanke på finala. Då det var Ingar sin tur ut, nekta han å bytte, men ga seg etter kvart, noko klubbdirektøren og manager Lasse Strand ser på som svært positivt.

- Ja det er alltid positivt når ein spelar ikkje vil bytte ut, då føler han seg ikkje heilt ferdig og trivast med det han gjer, sa manager Lasse Strand til VFC Nett etter turneringa. Lasse skulle vise seg å ha veldig rett, for i finala scora han heile to mål og står no med to mål på to kampar, noko so etter klubbdirektøren sine mattekunnskapar gir eit mål i snitt per kamp. Som toppspissar flest meinte han at han burde scora fleire, men leiinga i Voksa FC var sjølvsagt strålande nøgd med at han hjalp klubben til gull i debuten og håpar dei to måla ga meirsmak.

- Han veit framleis kvar ballen er og kvar målet står, det gjer han til ein viktig tillvekst i Voksa FC, sa ein meget nøgd klubbdirektør.

Så gjenstår det om toppscorartittelen som no ligg på tolv mål er noko å trakte etter for den tidlegare storscoraren Ingar S. Bringsvor. Time will show!

   

Mange besøkande den siste tida!

Av Eirik V. Bringsvor 20.08.12
..............................................................................................................................

Besøkstala for nettsida gjekk til himmels for om lag ti dagar sidan. Spesielt helga for SR Grendacup var det stor trafikk her på voksafc.yolasite.com. Som bildet over viser, var det rundt 50 unike personar som var inne og kika på nettsidene våre.

Interessa for Voksa FC og SR Grendacup må kunne seiast å ha vore stor. Som tala viser, var det markant fleire som besøkte heimesidene cuphelga enn tidlegare. Dette må ein nok takke arrangementssida på Facebook, der det vart lagt ut linkar til og smakebitar frå artiklane som vart skrive her på sida. Truleg var det mange nye fjes som fekk sjå desse sidene.

Dagleg leiar Eirik Voksøy Bringsvor er godt nøgd med oppslutninga rundt klubben i høve det suksessrike arrangementet: - Vi må seie oss veldig godt nøgde med innsatsen den siste tida, då vi har stått på både dag og natt for å gi våre trufaste følgjarar eit fullgodt tilbod. Nettsida byrjar verkeleg å bli skikkeleg bra, og cupen var solid både arrangementsmessig og sportsleg, seier han i ein nokså lang kort kommentar.

Og alle veit vel no korleis den sportslege biten i SR Grendacup 2012 gjekk for Voksa FC...


Gullet kom heem!

Av Kristoffer Strand 19.08.12
..............................................................................................................................

Etterlengta debutant(ar), eit flott preparert anlegg, etterlengta sol, dramatikk til siste spark, mykje fin fotball og mykje mykje meir var berre noko av det årets SR Grendacup hadde å by på.

Alt gjekk vel så og seie som det skulle da Voksa FC saman med Sandsøy IL inviterte til årets hending, nemleg SR Grendacup på Oshaugane stadion laurdag 11. august. Det vart jobba på spreng til siste slutt med all førebuinga som skulle gjerast i dagane før cupen og den siste natta vart ikkje lysa i Oshaugane sløkte før klokka slo slaget halv 1 på natta.

- Vi har med god hjelp frå andre jobba hardt, ikkje berre for å få på plass alt til cupen, men også for å kunne sette ein standard slik at vi kan få den tradisjonsrike cuppen på kartet igjen, sa ein fornøgd klubbdirektør til VFC Nett. Han meiner også at cupen har tatt eit stort steg i riktig retning i høve fjoråret, men at det fortsatt er mykje å gå på.

- Vi lærer undervegs, vi skulle gjort slik eller vi skulle gjort sånn, men all lærdom er nyttig lærdom så får vi fortsette å byggje på det positive. Det er godt å sjå når det blir lagt ned så mykje arbeid at det kjem ein del folk og ikkje minst spelarar, sjølv om tre lag trakk seg frå turneringa, avslutta ein alt i alt meget nøgd klubbdirektør.

Da den store dagen var komen hang sola over Oshaugane akkurat som bestilt og med litt vind i håret var forholda til å sparke igong årets SR Grendacup nær perfekte. VFC TV med eit 3.19 timar langt oppsumeringsprogram samt eit utdrag ifrå baneopninga for 30 år sidan vart vist på ein skjerm i eit telt som var sett opp. Moglegheit for diverse merketaking i form av heading, teknikk og skyting m.m. var der. Ein skytevegg for dei treffsikre og eit bordtennisbord samt eit flott sekreteriat med speakerannlegg, kiosksal og ikkje minst mykje god fotball var noko av det SR Grendacup 2012 hadde å by på.

Som kjent klatra Voksa FC til topps og tok med det første trofeet i klubbens historie og det utan kaptein Anders Bringsvor bak roret på VFC skuta. Han spelte så og seie på alt anna enn Voksa FC, men da kapteinen "svikta", gjorde VFC spelarane mytteri og fekk skuta fort på rett kurs att. Det skal seiast at Anders fekk løyve frå leiinga.

Voksa FC varta til tider opp med festfotball og med resultat som: 3-0, 1-0 og 4-1 var det kun ein som ikkje var heilt nøgd med resultatet i siste kamp.

- Ja, målet var å halde nullen gjennom heile turneringa, så da er det ekstra surt at den sprekk i siste kampen, men alt i alt er eg strålande nøgd, sa VFC sin sisteskanse Magne Olsen som fekk god skryt frå det opmøtte publikumet.

Old boys-spelarane, som la ned god innsats, var også nøgde med dagen. Dei (Sandsøy mot Kvamsøy) spelte 2x20 minutt før Kvamsøy etter ein dramatisk straffekonk vart ståande att som vinnarar av old boys-klassa. VFC Nett gratulerer dei og minner på at ettersom dei stakk av med vandrepokalen, er dei nødt til å kome tilbake og forsvare den til neste år.

VFC Nett vil også kome tilbake med fleire detaljar rundt Voksa FC og SR Grendacup og du vil få svar på kven som endeleg debuterte for VFC.


        

Klubbdirektøren gratulerer klubben

Av Kristoffer Strand 15.08.12
..............................................................................................................................

Det har no gått nokre dagar sidan Voksa FC klatra til topps i årets SR Grendacup og etter at den prestisjefulle vandrepokalen har vore på vandring blandt spelarane i VFC, ankom den endeleg Voksa Stadium til klubbdirektørens store begeistring.

Det var manager Lasse Strand og spelar Kristoffer Strand som brakte pokalen til Voksa Stadium etter at den kvelden før var hos bringsvoringane Eirik og Thomas. Der vart det feira til langt på natt med mykje godt i "koppen" (pokalen). VFC Nett kjenner ikkje til detaljar rundt feiringa, men etter rykta og døme var det berre tvist pokalen var fylt med.

Den tidlegare hardt pressa klubbdirektøren i VFC var ein glad mann etter helgas prestasjon, og han storkosa seg med å halde klubbens første trofe. - Eg er stolt over å kunne stå her og halde klubbens første trofe, eg vil gratulere spelarane, leiinga, ja heile Voksa FC med eit vel gjennomført arrangement både sportsleg og utanomsportsleg, sa klubbdirektøren før han rettar merksemda mot ambisjonssaka. - Dette er eit bevis på at Voksa FC er ein hardtarbeidande klubb med ambisjonar om å nå til topps. Eg håpar no at vi kan rette merksemda mot det sportslege og at eg kan være med å drive klubben i rett retning.

Dermed er det berre ei utfordring att før trofeet er i boks, nemleg å byggje eit premieskåp det kan oppbevarast i. 



Voksa FC og Kvamsøy til topps i SR Grendacup 2012!

Av Eirik V. Bringsvor 12.08.12
..............................................................................................................................

Det var arrangørlaget og øynaboane i sørvest som stakk av med vandrepokalane då årets fotballturnering for dei nærmaste bygdene vart avvikla i Oshaugane på Sandsøya i går. Arrangementet må seiast å vere ein suksess, sjølv om ein nok kunne tenkt seg meir publikum i det strålande vêret. Alt gjekk uansett knirkefritt arrangementsmessig, og ikkje minst; Voksa FC tok heim sin første tittel i klubben si hittil tre år lange historie!

I kampprogrammet til cupen stod det skrive: "Gullet ska' hem!". Og slik gikk det, i alle fall delvis. For i old boys-klassa måtte "heimelaget" Sandsøy ta til takke med ein heiderleg andreplass etter at oppgjeret mot Kvamsøy måtte avgjerast frå straffemerket. Der var forresten kvaliteten imponerande høg, då berre eitt forsøk ikkje gjekk i nota - og dette gjekk endåtil i tverrliggaren og ned på streken før ballen spratt ut att. Nokon av spelarane meinte at ballen var over streken, men film frå VFC TV viser at så ikkje var tilfelle. Dermed skal vandrepokalen for old boys-klassa overvintre på Kvamsøya.

Men i aktiv-klassa gjekk det vegen for "heimelaget". Voksa FC leverte solid innsats, og med berre eitt innsluppe mål var det heilt fortjent at ein gjekk til topps og tok heim sin første tittel i klubbhistoria. Denne gongen stilte VFC eit sterkare lag enn nokon gong før. Rett nok var ikkje Anders Bringsvor på laget denne gongen, sidan han skulle representere Sandsøy sitt old boys-lag. Men jammen meg dukka han opp for Kvamsøy i kampen mot Voksa FC, heldigvis til ingen nytte for dei oransje naboane. Det mest gledelege for VFC var at brørne Ingar og Vebjørn Støyle Bringsvor høvesvis debuterte og gjorde comeback med braksuksess. Vebjørn var med frå første kamp, og gjorde ein imponerande og solid innsats, medan Ingar i utgangspunktet skulle filme cupen for VFC TV. Det kribla nok i beina der han sat på taket til det som var kombinert speakerbu og filmetårn.

Før den andre kampen til Voksa FC, mot Kvamsøy, drog han heim for å hente drakt og fotballsko. Dermed gjekk han rett inn på laget. Mot Kvamsøy vart det berre nesten, men i finalen viste han alle dei eigenskapane vi veit han har, då han hjalp laget til siger med to fine scoringar. Elles gjorde Martinus Helland, austlending med familie frå Sandsøya, ein fin gjesteinntreden i forsvaret til VFC. Torstein Helland Hansen var også tilbake i den raude drakta, medan det er verdt å merke seg at Vegar Prozenko var fråverande. Duoen Sondre Voksøy og Christoffer Bringsvor, begge elleve år i år, fekk også speletid i samtlege kampar. Det er også verdt å nemne at keeper Magne Hauge Olsen var sterkt delaktig i den suksessrike og solfylte laurdagen, den 11. august 2012 - ein dag vil stå med gullskrift i Voksa FC si stolte historie.


Kampfakta:
AKTIV-KLASSA: INNLEIANDE KAMP
Voksa FC - Larsnes 3-0
Dommar: Petter Lyshol
Mål VFC: Kristoffer Strand, Vebjørn S. Bringsvor, Eirik V. Bringsvor
Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Martinus Helland - Eirik V. Bringsvor | Torstein H. Hansen - Thomas V. Bringsvor - Stian Sande | Kristoffer Strand
Innbytte: Sondre V. Bringsvor, Christoffer Bringsvor, Emil G. Sandsbakk, Vebjørn S. Bringsvor
Kampen: Opningskampen var det dei raud-svarte vertane og eit Larsnes-lag beståande av vel så mange vanylvingar som sandssokningar som fekk æra av å spele. Med sola oppe på ein himmelblå himmel og ei grusbane i verdsklasse, låg det an til fin fotball. Og det vart det, i alle fall delvis. I starten var det mest ein stillingskrig på midten av bana utan dei store sjansane, men etter kvart vart det tydeleg at Voksa FC var laget med dei beste ferdigheitene, totalt sett. Heimelaget var nok litt usikre på dei unge "larsnesingane", men så snart ein fekk prøvd seg fram, vart det meir og meir sting i VFC-spelet. Tre ballar gjekk i løpet av dei 20 minutta inn bak larsneskeeperen. Dei to første var frå kort hald ved Kristoffer Strand og Vebjørn Støyle Bringsvor, medan Eirik Voksøy Bringsvor fekk eit godt treff på det siste målet, då ballen vart plassert fint nede i venstre hjørne på halv volley.


OLD BOYS-KLASSA: FINALE - 1. KAMP
Sandsøy - Kvamsøy 1-0
Dommar: Tor Arne Bringsvor
Mål SIL: Anton Helland
Kampen: Det var knytta ein del spenning rundt dei to old boys-laga som stilte opp for å måle krefter. Spente var dei nok sjølve også, og alle veit at å gå rett frå mange år utan trening rett til ein prestisjefylt kamp med tøffe duellar sjeldan er noko lurt med tanke på skader osv. Difor var innleiinga nokså roleg. Lite prating og synleg engasjement, mykje spel rundt midten, og få målsjansar var mest dekkande for dei første minutta. Etter kvart tok det seg derimot opp, og Sandsøy fekk eit lite overtak spelemessig. Det resulterte også i eit mål og eit godt utgangspunkt til "returkampen" (andre omgang) 40 minutt etterpå.


AKTIV-KLASSA: INNLEIANDE KAMP
Larsnes - Kvamsøy 5-0
Dommar: Petter Lyshol
Mål LIL: Foreløpig ukjent
Kampen: Det var etter første kampen ei viss spenning om Larsnes kunne utfordre eit Kvamsøy-lag beståande av ein sterk stamme, men også med ein del usikre kort. Kanskje var første kampen ei god gjennomkøyring (ikkje minst tilvenning til grusunderlag) i så måte. For Kvamsøy hadde trøbbel frå start til slutt med dei unge og kvikke gultrøyene. Til tider var det stor Larsnes-dominans, og dei ga seg ikkje før det stod 5-0 i målprotokollen. Eit sterkt tilbakeslag, og ein kjedeleg opningskamp for Kvamsøy, som dermed måtte slå Voksa FC i siste kamp for å kunne gå til finale.


FINALE - 2. KAMP
Kvamsøy - Sandsøy 4-3 (samanlagt 4-4, Kvamsøy vinn 5-3 på straffer)
Dommar: Tor Arne Bringsvor
Mål KIL: Runar Kvamme 3, Martin Ball
Mål SIL: Anton Helland, Kenneth Rusten, Endre Vorren
Kampen: Om den første finalekampen var kjedeleg og sjansefattig, vart dei avgjerande siste 20 minutta alt anna enn det. Kvamsøy hadde eitt mål å ta igjen, og viste tidleg at dei var til å rekne med. Sandsøy tok først leiinga ved målsniken Anton Helland, før Kvamsøy snudde til 2-1. Endre Vorren utlikna for SIL, men gjestane, anført av ein opplagt (og litt vel ung...?) Runar Kvamme, gjekk så opp til 4-2 (4-3 samanlagt). Det hyggelege bekjentskapet engelskmannen Martin Ball putta også, til stor jubel frå publikum. Men vertane nekta å gi seg der, og heilt på tampen fekk Kenneth Rusten (ur-Sandsøying busett på Kvamsøya) godt treff og sette inn utlikninga samanlagt. Likevel gjekk vandrepokalen til Kvamsøy, etter at dei sette fem av fem straffer i mål, medan Sandsøy missa på eitt i den avgjerande straffesparkkonkurransen.


AKTIV-KLASSA: INNLEIANDE KAMP
Kvamsøy - Voksa FC 0-1
Dommar: Svein Helge Bringsvor
Mål VFC: Thomas V. Bringsvor
Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Martinus Helland - Eirik V. Bringsvor | Torstein H. Hansen - Thomas V. Bringsvor - Vebjørn S. Bringsvor | Ingar S. Bringsvor
Innbytte: Sondre V. Bringsvor, Christoffer Bringsvor, Emil G. Sandsbakk, Stian Sande, Kristoffer Strand
Kampen: Premissane var klare; Voksa FC klarte seg med uavgjort, medan Kvamsøy måtte vinne. Samtidig var dette siste kampen før finalen, og med berre 20 minutt pause før den, låg det i bakhovudet til VFC-spelarane at ein burde bruke minst mogleg krefter. Kampen bar også preg av dette. Dei første minutta (eigentleg heile kampen) var nokså jamnspelte og utan store sjansar. Kvamsøy var frampå eit par gongar, men det var Voksa FC som tok leiinga då eit framlegg frå Thomas Voksøy Bringsvor gjekk rett i mål etter effektiv forstyrring frå Kristoffer Strand. Deretter ebba kampen eigentleg ut med 0-1, men spenninga var heile tida til stades. Hadde Kvamsøy fått sitt første mål, kunne mykje fort sett annleis ut. Elles er det verdt å nemne at Anders Bringsvor spelte FOR Kvamsøy MOT Voksa FC i denne kampen, fordi dei oransje frå sørvest pussig nok leid av mannskapsmangel.


AKTIV-KLASSA: FINALE
Voksa FC - Larsnes 4-1
Dommar: Petter Lyshol
Mål VFC: Ingar S. Bringsvor 2, Kristoffer Strand, Christoffer Bringsvor
Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Martinus Helland - Eirik V. Bringsvor | Kristoffer Strand - Thomas V. Bringsvor - Stian Sande | Ingar S. Bringsvor
Innbytte: Sondre V. Bringsvor, Christoffer Bringsvor, Torstein H. Hansen, Vebjørn S. Bringsvor
Kampen: Endeleg var den der, finalen i aktiv klassa! Voksa FC hadde venta på denne i over eitt år sidan det forsmedelege nederlaget for Åram i 2011-utgåva. Denne gongen skulle det gå annleis - det var heile laget klare over. Ringen for dagen og cupen var på mange måtar slutta, i og med at motstandarlaget var Larsnes, akkurat som i opningskampen. Men i finalen var bildet endå klarare. VFC tok kommandoen frå start, og gultrøyene på motsett halvdel var nok klare over at her måtte dei spele og duellere over evne for å ha ein sjanse i det heile. Anført av Ingar Støyle Bringsvor, i sin andre kamp for klubben, gjekk Voksa FC rett i angrep. Han bidrog sterkt med sine to mål, begge skot frå om lag åtte meter, og han serverte også Kristoffer Strand på det tredje målet. Det fjerde målet var det ungguten Christoffer Bringsvor som stod for - ei flott avslutning etter eit gjennomspel i midten. Det var difor ei mager trøyst for Larsnes då dei etter mykje klabb og babb i feltet fekk tuppa inn ei redusering. Men denne dagen var det ingen som kunne ta i frå Voksa Football Club sin første tittel i klubbhistoria. Ironisk nok hadde dei fleste gått, då pokalen vart delt ut og laget avbilda framfor reklameskiltet for cupsponsor Sande Rekneskap AS. Berre dei mest ihuga supporterane (2-3 stk) stod igjen...


Bilder vert lagt ut i fotogalleriet



Null!

Av Eirik V. Bringsvor 11.08.12
..............................................................................................................................

Så er dagen komen - i dag går den omfattande fotballturneringa SR Grendacup av stabelen på Oshaugane Stadion på Sandsøya! Etter lang tids planlegging, og kortare tids gjennomføring av planar, er endeleg det meste på plass, og alt ligg til rette for ein artig fotballdag. Oppmøte er såleis obligatorisk, og arrangøren kan lokke med diverse aktivitetar og visuelle godbitar i tillegg til kampane som skal avviklast.


Laurdag 11. august har vi sett fram til i lang tid. No er dagen komen. Fokus for ein slik dag må då vere å gripe augneblinken for alt den er verdt, og gjere dagen til ein dag vi seint vil gløyme.

Samanlikna med fjorårets relativt suksessrike Grendacup, er årets utgåve ein del større. I år stiller to old boys lag, Sandsøy og Kvamsøy, til dyst i tillegg til tre lag i aktiv-klassa. Desse er i år Larsnes, Kvamsøy og Voksa FC. Dermed blir det seks kampar totalt. Elles på bana er det lagt opp til diverse aktivitetar av ulikt slag. Bordtennis, minifotballbane, blinkvegg og merketaking er verdt å nemne.

Denne gongen har det også vorte sett opp eit telt, der det vil bli vist film langs med cupen. Det er i hovudsak eigeprodusert VFC TV og tilbehør, men også nokre klipp frå baneopninga i Oshaugane frå 1982 er med i totalpakken som TV-redaksjonen har sydd saman. I teltet vil det også vere mogleg å kjøpe medlemsbladet VFCSC ved å melde seg inn i supporterklubben. Arrangementsstaben har også rigga til ei kombinert speaker-bud og filmetårn. Dermed vil det vere musikk på høgtalaranlegg, speakerteneste og filming av det aller meste av det sportslege. Kiosken vert også vidopen frå start til slutt, som vanleg.

Laga vart denne veka omsider bekrefta. Eit kampoppsett er sjølvsagt klart, men endringar er ikkje å sjå bort i frå. Dette oppsettet vart publisert for deltakarlaga:

Tid                       Kampnr.              Klasse                   Lag

13.00                     01                       Aktiv                   Voksa FC – Larsnes

13.30                     02                       Old boys               Sandsøy – Kvamsøy

14.00                     03                       Aktiv                    Larsnes – Kvamsøy

14.30                     04                       Old boys                Kvamsøy – Sandsøy

15.00                     05                       Aktiv                     Kvamsøy – Voksa FC

15.40                     06                        Finale, aktiv          Nr. 1 Aktiv – Nr. 2 Aktiv


Voksa FC har også denne gongen sett saman ein slagkraftig tropp. Vebjørn Støyle Bringsvor gjer comeback i VFC-trøya etter halvanna år på sidelinja, og vert såleis spennande å fylgje. Emil Gashi Sandsbakk er med også i år, og i tillegg har ein lukkast med å knytte til seg ein spennande spelar i Martinus Helland. Det er ein austlending med røter frå Sandsøya. Kanskje er også Torstein Helland Hansen med for Voksa FC, men det er i skrivande stund meir usikkert.

Når vi legg til at Stian Sande er tilbake for fullt, og at Anders Bringsvor sannsynlegvis vil spele berre for Sandsøy Old Boys (!), er troppen fullført - for dei faste travarane Kristoffer, Thomas, Magne og Eirik er sjølvsagt med. I bakhand har ein unggutane Lasse og Sondre - pussig nok manager og assistentmanager også...


Voksa FC stiller dermed slik:

1 Magne H. Olsen

x Emil G. Sandsbakk

x Martinus Helland

7 Stian Sande

8 Vebjørn S. Bringsvor

9 Eirik V. Bringsvor

11 Thomas V. Bringsvor

14 Kristoffer Strand

20 Lasse S. Gule

71 Sondre V. Bringsvor

(Torstein H. Hansen)


Dermed ligg alt til rette for ein heidundrandes dag både sportsleg og psyko-sosialt, og vi oppfordrer alt som kan krype og/eller gå til å ta turen til Oshaugane Stadion kl. 12.30 - gjerne kombinert med ein visitt til Rosenlund på Sandshamna etterpå!



Gratulerer med dagen!

Av Eirik V. Bringsvor 07.08.12
..............................................................................................................................

Midt oppe i alle førebuingane til laurdagens SR Grendacup, nyttar VFC Nett høvet til å gratulere Vebjørn Støyle Bringsvor med 19-årsdagen som er i dag! Klubbdirektør Kristoffer Strand kunne i går melde om at Vebjørn har stilt seg til disposisjon til helga, og dermed kan kome til å gjere eit etterlengta comeback. Men i dag; gratulerer med dagen!



Ventar fortsatt på ein "flying start"

Av Kristoffer Strand 06.08.12
..............................................................................................................................

Voksa FC har hatt mang ein spelar innom klubben i løpet av dei tre åra som har godt sidan fotballklubben vart stifta, men den kanskje mest interessange og irriterande spelaren er nemleg den avdanka og flygande spissen Ingar S. Bringsvor som framleis har til gode å debutere for VFC.

Han har nemleg vore under kontrakt med Voksa FC sidan tidenes morgen, noko som uroar både Manageren Lasse Strand og resten av leiinga som meinar det er på tide at noko skjer. 

- Ja no er det jaggu på tide at Ingar grip sjansen og lettar frå rede, han må bevise at han fortsatt er ein del av laget og få fram potensialet sitt på banen, som er grunnen til at vi signerte spelaren for tre år sidan, sa en ikkje direkte blid manager.

Da Voksa FC bestemte seg for å ta sjansen på å sigere den tidlegare Kvamsøy målmaskina, såg klubben for seg eit heilt anna utganspunkt enn det som no er. Trass missnøya håpar likavel klubbdirektøren at Ingar børstar støv av fotballskoa og leitar tak i VFC drakta, for neste mogligheit for spydspissen kjem allereie til helga.


    

Ein!

Av Eirik V. Bringsvor 04.08.12
..............................................................................................................................

Då er det berre ei einaste veke att. Det meste av planleggingsarbeidet er spikra, avtalar gjorde, og no står berre utføringa att. Den komande veka vil det vere ymse aktivitet i Oshaugane for å klargjere til årets SR Grendacup på Sandsøya. Men viktigast av alt - deltakarlaga må bekreftast.

Sist torsdag vart det arrangert eit lite cupmøte der leiinga i Voksa FC og Sandsøy IL var representert. Ein fekk presisert korleis ein ser føre seg cupdagen vere og oppgåver vart fordelte. Arrangementet står offisielt under Sandsøy IL, med Voksa FC som stolt medarrangør. Sidan både idrettslaget og idrettsbana jubilerer i år, prøver ein å få til forskjellige aktivitetar i tillegg til fotballkampane. Vi kan nemne merketaking, konkurransar og diverse tilrettelegging for aktivisering.

Det som gjenstår med ei veke igjen, er å få bekrefte/avkrefte at dei inviterte laga faktisk kjem. Ganske sikre er Voksa FC og Sandsøy, medan frå Kvamsøy kan aktiv-laget bortimot garanterast, medan old boys-laget er meir usikkert. Når det gjeld Åram, har ein fått garantiar for lag i begge klasser, men det trengst ei bekrefting, då ein ikkje har vore i tale med dei ansvarlege på nesten ein månad. Larsnes old boys kjem truleg til å stille same laget som i fjor (med eller utan bein...). Eit yngre lag frå den såkalla landsbyen var derimot usikkert i lang tid, men det ser no ut til at ein garde av 15-16-åringar vil forsvare den gule drakta.

Cupleiinga vil altså prøve å kontakte dei aktuelle laga innan kort tid for å få bekrefta ankomst neste laurdag. Forresten er det vedteke at cupen startar 12.30, i samband med at ferja kjem til Voksa frå Larsnes/Åram 12.15. Kvamsøy spelar sine første kampar rundt 13.30, sidan dei kjem med ferja 13.00. Då er det berre å krysse fingrane og håpe på godt fotballvêr neste laurdag. Om alt går etter planen, vert dette ein stordag for både Voksa FC og Sandsøy IL!


Ymse aktivitetar på garasjeloftet

Av Kristoffer Strand 03.08.12
..............................................................................................................................

Det at Voksa FC er ein klubb som driv med meir enn berre fotball er ikkje eit ukjent fenomen, og når været er som det er kvifor ikkje trekke innandørs?

Det at været denne somaren mildt sagt har våre elendig er ikkje til å stikke under eit grasstrå, men til den veksande gruppa av dei som smør seg med tolmodigheit istaden for solkrem denne somaren, frykt ikkje! Leiinga i Voksa FC har nemleg bestilt godværet til helga rundt den 11. august, for alle veit godt kva som skjer då?

VFC har allereie starta oppkjøringa til den prestisjefulle turneringa som går av hengslane 11. august, men når ikkje været spelar på same lag klarer alikavel spelarane i Voksa FC å halde seg i aktivitet. Denne gongen i form av ei "uhøgtidleg" turnering i bordtennis. Turneringa fann stad søndag 22. juli oppe på garasjeloftet til brødrene Bringsvor. Heile sju deltakarar møtte opp, og den største overaskinga var vel kanskje at brødrene Bringsvor (altså Vebjørn S. Bringsvor og Ingar S. Bringsvor) fann vegen tilbake til flokken.

Etter at nokon var varme, andre ikkje og opsettet var klart, kunne turneringa begynne. Først vart det spelt ein form for tabbel som etterfylgde utslagsspel til det kun sto att to deltakarar til ei finale. Ein spelar som definitivt hadde dagen var Vebjørn S Bringsvor den tidlegare hardtarbeidande backen til Voksa FC, han feide all motstand av bordet, tok 6 strake sigrar og var med det klar for finale. Turneringa varte i godt over 2-3 timar og med ein litt meir trøblete veg, vart Kritoffer Strand klar på motsatt side av finalebordet. Kristoffer tapte 2 kampar (ein av kampane nettopp mot Vebjørn tidlegare i turneringa), han sleit også i kvartfinala mot Voksa FC's lille maskott som tok føringa i kampen med returar i OL klasse. Kampen enda tilslutt 11-7 i Kristoffers favør. 

To som ikkje nådde heilt opp var Thomas V. Bringsvor og Ingar S. Bringsvor som klarte å lage god spenning i b-finala, før Thomas tilslutt satte inn nådesstøtet og kunne klatre opp på podiet som nr. 3. Spenninga var til å ta å føle på gjennom heile turneringa, men ein vinnar måtte kårast og med favorittstemplet godt i lomma låg det ann til at Vebjørn skulle gå ubeseira gjennom heile turneringa og stå att som vinnar. Det ville våre ein stor prestasjon, men ein revansjelysten og godt fokusert Kristoffer sto på motsatt banehalvdel og hadde ingen planer om at det skulle skje. Då finala omsider kom igong såg det ut til at Vebjørn kjende presset og vart fort hengande etter Kristoffer som fortsette å køyre på til det sto heile 11-3 på resultats tavla. Med det stakk Kristoffer Strand av med førsteplassen i turneringa til Vebjørns store fortviling.


Deltakarar og plassering:

1. Kristoffer Strand

2. Vebjørn S. Bringsvor

3. Thomas V. Bringsvor

4. Ingar S. Bringsvor

5. Eirik V. Bringsvor

6. Sondre V. Bringsvor

7. Juliane V. Bringsvor

Det vart mykje Bringsvoringar, men VFC Nett gratulerer Strand med sigeren og laget for ei vel gjennomført økt, kor kanskje den sosiale biten var meir i fokus enn den fysiske.



Medlemskontigenten!

Av Kristoffer Strand 30.07.12
..............................................................................................................................

Har du hugsa å betale medlemskontigenten? Om ikkje, er det kanskje på tide. Det er veldig enkelt, det einaste du treng å gjere er å sette deg i godstolen, lene deg tilbake og vente på at regninga skal lande i nettopp di postkasse.

Regninga blir å finne no i desse tider saman med ei aldri så lita overrasking. På regninga vil du finne eit kontonr, medlemsnr ditt, fakturanr som er viktig og det beløpet du skal betale for det komande året. Om du vil kan du også betale for hand. Da puttar du pengane i ein konvolutt markert med navnet ditt, medlemsnr, fakturanr og puttar det i postkassa på voksa eller oppsøker ein av dei ansatte i klubben.

Vi i Voksa FC utviklar oss stadig for å gi nettopp deg eit betre tilbod. Denne gongen får du eit medlemskort som du kan referere til når du bestiller noko frå klubben eller berre som eit bevis på at du er medlem her hos oss. 

Så bli medlem i dag og du vil symje i moglegheiter!



To!

Av Eirik V. Bringsvor 28.07.12
..............................................................................................................................

Denne helga er vi allereie halvvegs i nedtellinga til SR Grendacup laurdag 11. august. I dag er det berre to veker igjen, og den siste veka har ein del brikkar falle på plass. Men som vanleg står det framleis også ein del att.

Forrige søndag gjorde cupkomiteen eit stort framsteg, då ein inngjekk avtale med Helge Johnny Voksøy og Rosenlund Marina AS om lån av både speaker-/høgtalaranlegg og "storskjerm". Denne skjermen, eit lerret på 2 x 2 meter med tilhøyrande kanon, vert sett opp i eit telt for å skjerme skjermen for sollys (vonleg blir det nettopp det!). I motsett fall for å halde det tørt ved regnvêr. Eit slikt telt er også tinga hos ungdomslaget. Dette er på om lag 3 x 6 meter, og kan bli brukt til skjerming av skjerm. Kanskje vert det nytta til speaker- og alt-mogleg-telt. I så fall må "storskjermen" plasserast i ei anna løysing.

På den sportslege fronten står ein eigentleg på staden kvil. Det einaste nye er at Larsnes-laget til aktiv-klassa ikkje kan garanterast enno, men sjølvsagt jobbar ein med saka. Arrangementskomiteen prøver også å få til eit samarbeidsmøte med sentrale personar tidleg i neste veke for å lufte diverse idear for cupdagen og for å sjekke ståa for t.d. Sandsøy Old Boys.

Dermed ser det ut til at det blir ein stor dag, laurdag om to veker. Utover i neste veke håper vi at meir vil falle på plass, og vi er tilbake med neste artikkel i nedtellinga om sju små dagar!

PS: Vi kan også nemne at eit nytt nummer av supporterbladet Voksa-patrioten vil kome ut i løpet av dei to neste vekene. Har du ikkje meldt deg inn i supporterklubben enno, så bør du gjere det no, for bladet ser absolutt ut til å vere verdt å lese - der er meir eksklusivt stoff enn her på nettsida. Det vil også vere mogleg å kjøpe bladet, og dermed også medlemsskap, på cupdagen. Kontigenten er på usle 50 kr. Du kan også sende ein e-post til voksafc@hotmail.com eller send SMS til anten 994 22 824 eller 932 61 120.


Tre!

Av Eirik V. Bringsvor 21.07.12
..............................................................................................................................

Tida flyg i kjend stil, men arrangementstaben står på stedet hvil! Det er i korte ordelag dekkande for kvar vi i dag står, når det er tre veker igjen til SR Grendacup 2012 på Sandsøya!

Dersom ein les mellom dei to korte linjene, fårstår ein altså at den siste veka ikkje har ført til yttarlegare framgong i planlegginga og førebuinga til årets turnering. Det vi likevel kan melde om når det denne helga berre er dryge 20 dagar til elden vert tent, er at det dei komande dagane vil kome til å skje tilsvarande mykje. For no må det meste spikrast og dei konkrete planane setjast ut i livet på ein eller fleire måtar.

Fylg med i dagane framover, så kanskje kjem det rykande ferske nyhende om cupen. Neste helg er vi i alle fall tilbake med ei oppsummering når berre to små veker gjenstår!



Fire!

Av Eirik V. Bringsvor 14.07.12
..............................................................................................................................

Nedtellinga til årets største hending startar offisielt denne helga. Det er no berre fire veker igjen, og sjølv om ein stor del av planleggingsgrunnlaget er lagt, står det att ein del arbeid til å gjere desse siste vekene. Uansett ser det no ut til at augusthelga også i år vert å trakte etter. Vi snakkar sjølvsagt om SR Grendacup 2012!

Kvar veke fram mot cupen den 11.august vil VFC Nett kome med oppdateringar rundt arrangementet. Denne gongen kan vi berre melde om at dei fleste laga har meldt at dei vil delta, og at planane elles for hendinga ikkje er kome lenger enn planleggingsstadiet. Men fortvil ikkje, til gjengjeld er desse planane spektakulære! Vi kan nemne at ein prøver å få til eit telt med storskjerm inni, der det vil bli vist klipp frå baneopninga i 1982 og ymse frå det VFC TV har produsert.

Neste helg vil vi kome tilbake med enda meir nytt i neste del av nedtellinga!




Manageren hardt ut mot leiinga!

Av Kristoffer Strand 13.07.12
..............................................................................................................................

I kjølvatnet av den middels labre opptredenen under årets ÅVK Summer Games har vinden auka betrakteleg rundt leiinga og klubbdirektøren i Voksa FC. Om det ikkje allereie blåser storm i kasta, har den ellers så stille klubbmanageren Lasse Strand gjort sitt for at vinden ikkje løyer med det første.

I ei fersk uttaling til VFC Nett beklaga manageren sitt fråvær og lover at han blir å finne under neste hending klubben er involvert i. For den som ikkje veit det alt, har manageren tilbrakt tid på Veiholmen utanfor Smøla den siste tida, kor han jobbar ved sida av managerjobben han gjer i Voksa FC. På spørsmålet om han tek del i skulda i høve cupbomba under leikane på Eidså, er svaret kontant "nei", før han utdjupar:

- Hadde økonomien til VFC vore på eit meir seriøst plan, hadde eg ikkje vore nødt til å ha ein deltidsjobb, og med det kunne eg konsentrert meg 100% om det eg likar best, nemleg det å lede Voksa FC på nye eventyr.

Med denne uttalinga rettar han serleg pekefingeren mot klubbeigaren, og han meiner også at det er på høg tide at noko skjer.

- Ja, eg føler at nokon må gå, seier han og er fult klar over at dette kan få konsekvensar for eiga stilling. - Eg er fullstendig klar over at dette kan gå utover meg og mi stilling, men eg føler at tida er inne for å seie ifrå, og kanskje eit bytte innad i klubben er nødvendig kanskje til og med før krisemøtet som er sett til 21 eller 22. juli.

Med det heller han bensin på VFC-bålet som allereie er overtent på Voksa.



Direktørens spalte: Ikkje heilt etter planen?

Av Kristoffer Strand 08.07.12
..............................................................................................................................

Draumen om å gjenta den suksessrike bedrifta frå fjorårets deltaking i ÅVK Summer Games gjekk i vasken for Voksa FC, draktene gjekk også i vasken og no krev leiinga og supporterane i VFC ein real oppvask innad i klubben.

Det gjekk kanskje ikkje heilt etter plana for eit uheldig Voksa FC og det velkjende utrykket "Gullet skal heeem!" vart om til "å tulle si heem". Klubbleiinga sit no i tenkeboksane sine for å finne ut kva som skjer vidare, for det var ikkje berre det sportslege på bana som svikta.

Den solide backen Vegar Prozenko svikta laget berre 20 min før fyrste kamp da han vart frelst av englane til Erlend. (VFC Nett vil kome tilbake med meir om denne saka, for den er vist meir omfattande enn som så) Den antatt hemmelege nye signeringa til VFC svikta også, og no ser det ut til at venstrefoten til Kristoffer Strand har svikta den og.

- Det var rett og slett berre synd, sa ein hardt pressa klubbdirektør som var ein slagen mann etter dagen og forlot arenaen straks Voksa FC var ute av cupen. Rykta skal ha det til at han skulle rett heim til Trondheim, men som alt anna svikta også bussen og han vart sist observert i ein tine melk lastebil på veg til Smøla.



Heiderleg innsats trass i nedtur totalt sett

Av Eirik V. Bringsvor 07.07.12
..............................................................................................................................

Det gjekk ikkje heilt som ein hadde håpa på for Voksa FC i dagens ÅVK Summer Games. To tap etterfulgt av ein sterk siger gjorde at det vart stopp i gruppespelet. Som så mange gonger før kom VFC i gruppe med laget som til slutt gjekk heile vegen, eit lag ein til tider spelte nokså jamt med.

Dermed vart det ein snarleg visitt over fjorden for Voksa FC denne gongen. Mannskapstrøbbel frå ende til annan gjorde at laget til slutt bestod av dei faste fem, i tillegg til unytta reserve og fungerande manager Sondre V. Bringsvor. Samanlikna med fjorårets bragder på same stad, kan det altså seiast å vere ein moderat nedtur. Voksa-laget kom aldri skikkeleg i gang, noko tre korte kampar på 9 minutt (og mangelfull oppvarming) må ta ein del av skulda for. Det typiske i det typiske var likevel at Vegar Prozenko - som etter mykje om og men spelte for eit av motstandarlaga - vart matchvinnar mot VFC i første gruppespelskamp.

Opningskampen var ei rein einvegskøyring, men likevel vart det tap 1-2. Motstandarlaget fekk ta to staffer før kampstart pga. av ein regel om at med tre eller fleire jenter på laget får ein det. Dei scora på den første av desse. I kampen hadde VFC eit tallaust antal skot på mål, men ballen ville ikkje inn meir enn den eine gongen. Og så kontra altså Prozenko inn 2-0 målet mellom beina på Magne H. Olsen.

Den andre kampen var mot laget som til slutt stod igjen som vinnarar av dei sokalla sommar-leikane. VFC kom tilbake frå underlege 0-1, men måtte mot slutten sjå poenget gleppe. Innsatsen var upåklageleg, men ferdigheitene med og utan ball var alt i alt for dårlege. I siste kamp klamra ein seg til eit håp om avansement, og gjekk for å slå motstandaren, og så skjedde. Ein sterk 2-0-siger vart resultatet. Dermed gjekk Voksa FC også denne gongen ned med flagget til topps og med klar beskjed om at neste gong vert det å reise den berømte kjerringa!

Fungerande manager Sondre V. Bringsvor (som så mange gonger før) tok nederlaget med fatning, sjølv om han sjølvsagt var skuffa over at ein ikkje makta å avgjere verken jamne eller ujamne kampar. - Første kampen var mot eit klart dårlegare lag enn oss sjølve, men leiinga dei fekk før kampstart (scora på éi av dei to straffene dei fekk pga. fire jenter på laget...) gjorde at vi måtte gå høgt ut å angripe. Ikkje utypisk scora dei på ei kontring, men likevel kunne og burde vi ha teke tre poeng her. Vi var ikkje nøyaktige nok og bomma på sjansar der til og med eg hadde scora!

- I den siste kampen heva vi oss sterkt, og det var viktig at vi viste kva vi eigentleg kan. Eg er skuffa over at det ikkje vart avansement, men eg meiner heilt klart at vi faktisk var det nest beste laget i turneringa, og difor burde ha gått rett til finalen, sa han avslutningsvis.

Så får vi heller tolke det dit vi vil, og det gjenstår å sjå om jobben er trygg for V. Bringsvor etter den noko skuffande dagen på Eidsåvoll.


Kampfakta

Voksa FC - Erlends Engler 1-2

Mål VFC: Thomas V. Bringsvor

Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Eirik V. Bringsvor - Anders Bringsvor | Kristoffer Strand - Thomas V. 

Bringsvor


Team Årvik - Voksa FC 2-1

Mål VFC: Thomas V. Bringsvor

Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Eirik V. Bringsvor - Anders Bringsvor | Kristoffer Strand - Thomas V. 

Bringsvor


Voksa FC - Flø 2-0

Mål VFC: Eirik V. Bringsvor 2

Lagoppstilling VFC: Magne H. Olsen | Eirik V. Bringsvor - Anders Bringsvor | Kristoffer Strand - Thomas V.

Bringsvor


Tabell, gruppe A

1 Team Årvik                    3            2        0        1         6 p

2 Erlends Engler                3            2         0       1         6 p

3 Voksa FC                       3            1         0       2          3 p

4 Flø                                3            1         0       2          3 p


Meir kjem.



Før cupen: ÅVK Summer Games

Av Eirik V. Bringsvor 07.07.12
..............................................................................................................................

Det er no berre timar til Voksa FC igjen skal i aksjon, og som i fjor stiller ein sterkt (?) i sommar-leikane på Eidsåvoll Stadion i Vanylven. Kampoppsettet er klart og her kjem all nødvendig - og unødvendig - informasjon om dagens hendingar for den etterkvart tradisjonsrike fotballklubben Voksa FC!

Årets turnering er noko mindre i omfang enn fjorårets. Sju lag er påmeldt, det er tre færre en i fjor. Då var det to grupper av fem lag, der dei to beste gjekk vidare til semifinale. Som kjent gjorde VFC maksimalt ut av dagen og spelte seks kampar av seks moglege. Som kjent enda det med tap i finalen, men uansett ein heiderleg andreplass etter historisk god innsats.

I år kom Voksa FC i gruppe A saman med tre andre lag. Det er Erlends Engler, Flø og Team Årvik. VFC har aldri nokon gong spelt mot nokon av desse laga. Dermed blir det eitt av fleire spenningsmoment i dag. Den andre gruppa består av tre lag; VisomelskerÅskriveOGblogge, Torvikfeltet og El Imporable Ocho. Sistnemnde lag har tydlegvis gode tankar om seg sjølv, sidan namnet tyder noko slikt som "dei uslålege åtte".


Kampoppsettet for Voksa FC ser slik ut:

12.20 Voksa FC - Erlends Engler

12.40 Team Årvik - Voksa FC

13.10 Voksa FC - Flø

Dersom VFC kjem på tredjeplass, ventar kamp mot trearen i den andre gruppa for å spele om femteplassen. Første- og andreplass gir semifinale, men det er viktig å presisere at førsteplassen møter andreplassen i gruppe B.

Eventuelle sluttspelskampar:

13.40 Trear gr. A - Trear gr. B

13.50 Semi: Nr. 2 gr. B - Nr. 1 gr. A

14.00 Semi: Nr. 2 gr. A - Nr. 1 gr. B

14.20 Finale: Semifinalevinnarane

Vi veit lite om laga Voksa FC kan og/eller skal møte, men det spelar vel heller ei ganske lita rolle. Nøkkelen til suksess ligg uansett ein eller annan annan stad. 



Troppen klar??

Av Kristoffer Strand 07.07.12
..............................................................................................................................

Etter mykje om og men og att og fram (som vanleg) ser det sterkt på overtid ut til at Voksa FC sin tropp på 8 endeleg er spikra. Det er ikkje lenger eit nytt fenomen at klubbleiinga i VFC må jobbe overtid dei siste dagane før ein cup for å få dei siste bitane til å falle på plass.

Det har som kjent lenge våre uvisst om den hardtlesande keeperen til Voksa FC ville bli og finne mellom stengene, så Kristoffer Srtrand hadde allereie hanskane klare, men no ser det altså ut til at den ivrige Ålesunderen Magne Keeper har klart å legge matteboka til sides og vil vokte buret for VFC.

Trekløveren Eirik V., Thomas V. og Anders Bringsvor er også klare etter at dei hadde eit samanstøt med seg sjølv og kvarandre under torsdagens trening. Sistnemte sto også over Fredagens trening, men etter det VFC Nett veit er kapteinen klar til cuppen.

Så kjem den kanskje mest omsnakka mannen Vegard Prozenkho, han har heile veka flørta med andre klubbar og såg lenge ut til å gleppe, men det heilt til VFC leiinga satte ned foten. Han har no kome med ei forsiktig undskylding og har blitt tatt inn i varmen igjen.

Kristoffer Strand skal også etter alt å døme være klar til dyst, og skulle det være krise er også assistent/manager Sondre V. Bringsvor med som reserve.

Det vankar fortsatt uvissheit i om den antatt nye signeringa til Voksa FC blir å finne blant dei 7 men VFC tar ingenting forgitt før fløyta går. Slik Ser laget ut 10 timar før kampstart:

                                                            Magne H. Olsen

                                     Eirik V. Bringsvor              Anders Bringsvor 

                                               Thomas V. Bringsvor

Benk:                                                          Kristoffer Strand

Vegard Prozhenko

Sondre V. Bringsvor



RE: ÅVK Summer Games?

Av Eirik V. Bringsvor 01.07.12
..............................................................................................................................

Blir det ÅVK Summer Games i år? Det var i alle fall spørsmålet som vart stilt forrige torsdag. I kveldens EM-oppladning kan klubbleiinga med glede melde om at det blir det. Tidlegare i dag (søndag) vart påmeldinga sendt arrangøren, og det ligg dermed an til nye sportslege hendingar neste helg, laurdag 7. juli. I tillegg kan vi nemne at det også ligg an til at SR Grendacup går av stabelen som planlagt den 11. august.

Det kan altså bli nok ein innhaldsrik sommar for Voksa FC. Først står ÅVK Summer Games på agendaen komande helg, og kanskje vert det ei uhøgtideleg treningsøkt på Voksa-graset i løpet av veka - mest truleg anten torsdag eller fredag. I høve deltakinga laurdag, vil vi kome tilbake i løpet av veka med meir info om både det eine og det andre (kampoppsett, vurderingar, eige lag osv.).

Vi vil også kome tilbake med ytterlegare informasjon om det komande arrangementet SR Grendacup, som går av stabelen laurdag 11. august. Til no har aktuelle lag vorte kontakta, og fleire har gitt positive tilbakemeldingar med tanke på å bidra med sine blide åsyn denne augusthelga.

Men først er altså alt fokus retta inn mot komande laurdag og nye bragder for Voksa Football Club i ÅVK Summer Games 2012!
 
 
 
Make a Free Website with Yola.