Nyhetsarkivet

ÅVK Summer Games?

Av Kristoffer Strand 28.06.12
..............................................................................................................................

Blir det ÅVK Summer Games i år? Det er i allefall spørsmålet som svirrar rundt på folkemunnen. Verken VFC Nett eller klubbdirektøren kan enno stadfeste noko som helst, men ein ting er sikkert ifølge klubbdirektøren, og det er at om det blir cup, vil Voksa FC garantert bli å finne blant dei påmeldte.

Det ryktast at om det blir vil den 7. juli være datoen. Det ryktast også at om ikkje VFC leverer eit resultat supporterane blir nøgde med, kan det bety at Kristoffer Strand er med i si siste turnering som klubbdirektør.

Når og om cupen blir, eller om det er hald i desse rykta veit ingen enno, men VFC Nett vil kome tilbake med meir straks noko skjer.


Ikkje einighet i ambisjonssaka

Av Kristoffer Strand 26.06.12
..............................................................................................................................

Det ser ikkje ut til at fansen og leiinga i Voksa FC har kome til noko som lignar einighet i den omfattande ambisjonssaka. Dette har ført til at leiinga i Voksa FC har sett opp eit krisemøte på kalenderen som ser ut til å skulle avholdast  rundt den 20. juli. 

Det som vil bli diskutert da er korleis klubben skal ta tak i denne "mangel på ambisjonssaka" og prøve å vinne tilbake tilitten blant supporterane. Det ryktast at klubbdiren, daglegleiar, kvalitetssikrar, manageren og eit medlem av supporterklubben skal delta på dette møtet som kjem til å bli det mest omfattande i Voksa FC si historie. I tilegg vil klubbeigaren være tilgjengelig på telefon under heile møtet.

Det ryktast at situasjonen har tilspissa seg til ein syl og at klubbdirektøren ligg an til å få sparken om ikkje situasjonen betrar seg snarast, skal vi tru veldig usikre kilder. Kilda hevdar også at dette er uttalelsar frå den ikkje alt for framtredande Klubbeigaren Adrian Tis'tan.

VFC Nett vil halde deg oppdatert i denne saka snarast det skjer noko!


 Historisk milepæl i siktet

Av Anonym 24.06.12
..............................................................................................................................

Ein ny sesong nærmar seg med Dagmar-skritt. Pre-season-treninga er alt i gong, og framover står fleire prestisjefylte turneringar på programmet. Den store snakkisen før sesongen 2012/2013 sparkast i gong er kven som blir førstemann til 25 kampar for VFC.

Det er eit velkjent faktum at alle med eit kvart hekto landskampar for Norge får ei gullklokke og gratis tilgang til alle arrangement i regi av NFF. Då er det klart at ein samlande institusjon for dei beste spelarane i regionen ikkje vil vere noko dårlegare! Klubben melder i dag at ventar stor merksemd til han, ikkje ho, som først når denne milepælen.

Fleire av Voksa FC sine trufaste nøkkelspelarar kan nå dei 25 komande sesong. Fremst i løypa finn ein, som vanleg, ein skokk, eller tre, bringsvoringar. Anders og Eirik står med 17 kampar, medan Thomas har éin mindre. Eit imponerande tal på berre to innhaldsrike sesongar. Det spørst nok om ikkje dei to yngste blada av trekløveren er favorittar, sidan tredje hjulet på sykkelen når som helst kan få ei formsvikt og andre sviktar.

Det er enno ukjent kva som blir premien til han som først når 25 kampar for klubben. Etter det nettredaksjonen erfarer vil det uansett vanke ei utmerking til alle spelarar som passerer denne grensa. Det spekulerast i at prestasjonen vil heidrast med blåklokke og eksklusiv tilgang til alle usportslege tiltak i regi av Voksa Football Club.


 Vær med å stem fram årets mål!

Av Kristoffer Strand 21.06.12
..............................................................................................................................

Det er veldig enkelt, det eneste du trenger å gjøre er å se filmen over, finn ditt favorittmål, gå inn på vår facebookside (http://www.facebook.com/groups/143973315649902/) og stem på det målet DU liker best. Avstemmingen vil fåregå fra og med i dag og ein månad framover, så skynt deg og stem!



Supportarane meiner klubben må handle men, ikkje i matbutikken!

Av Kristoffer Strand 19.06.12
..............................................................................................................................

Det er ikkje lenge til somarens overgangsvindaug på ny opnar og rykta svirrar alereie som knivane til grasklipparen til Voksa FC. Sist overgangsvindauget var opent (januar) var det mange navn ute og gjekk , men ingen av dei klarte da å finne vegen heilt til Voksa.

Etter rykta å døme ser det heller ikkje ut til at dei vil finne vegen i løpet av dette overgangsvindauget  heller. Dette har ført til missnøye blandt dei ellers så tålmodige supportarane til Voksa FC som no meiner at klubben viser mangel på ambisjonar.

- Det er sjølvsakt trist å få ein slik beskjed frå eigne supportarar, men på noværande tidspongt har ikkje klubben Voksa FC tilstrekkelege med middlar til å hente inn nye spelarar, og klubbeigaren er ikkje akkurat tilstede når det trengs med ei hjelpandes  hand han heller akkurat!, sa ein irritert og hardt pressa klubbdirektør Kristoffer Strand i eit intrevju med VFC Nett.

Så gjennstår det å sjå om Strand berre prøvar å skyve problemet vidare eller om han faktisk har eit poeng. VFC Nett vil fylje denne saken med argusøyner framover og kome tilbake med meir så snart det skjer noko! 



VFCSC: Ny utgåve av Voksa-patrioten under utarbeiding

Av Eirik V. Bringsvor 17.06.12
..............................................................................................................................

Supporterklubben kan i desse dagar melde om at andre utgåve av medlemsbladet Voksa-patrioten no er under utarbeiding og vil kome ut ein gong i løpet av sommaren, mest truleg mot slutten av august. Innhaldet er som vanleg konfidensielt og berre for dei supportarane som har "adgang" (les: som er medlem), men likevel kan ein avsløre at noko av godteriet i posen er tilbakeblikk på sesongen som var, portrettintervju med ein eller annan i VFC-systemet, fyldig rapport frå dei sportslege hendingane det siste året, statistikk og kanskje ein og annan eksklusiv artikkel. Dermed er det berre å vente i spenning dersom du er medlem, eller melde deg inn snarast dersom du ikkje er det. Trykk på "les meir her"-linken for yttarlegare informasjon i så måte.

For å ta det siste først, er det like enkelt som det er givande å melde seg inn i supporterklubben. Enten sender du ein e-post til voksafc@hotmail.com, eller så henvender du deg direkte til medlemsansvarleg Kristoffer Strand. Det kan vere på telefonnummer 932 61 120, direkte fysisk samtale eller per brev (evt. brevdue). Dagleg leiar Eirik V. Bringsvor kan også nyttast i slike ærend såvel på dagtid som på nattestid. Her er tastekoda for direktesamtale via mobil telefon 994 22 824. Kontigenten er som før på 50 kr, og denne kan iverksetjast ved utlevering av den nye utgåva av medlemsbladet.

Vi i VFCSC synest at 50 kroner er god valuta for pengane for eit medlemskap. Forutan det fysiske medlemsbladet, må du ikkje gløyme at du gjennom kontigenten støttar drifta av nettsida som du i lesande stund er inne på, og ikkje minst produksjonen av geniale og mindre geniale sendingar frå VFC TV! Gløym heller ikkje at du som betalande medlem har rett på gratis omvisning på Voksa Stadium.

Det er altså berre å glede seg til nye produkt frå klubben som aldri stoppar, men som berre har diverse motortrøbbel av og til, Voksa Football Club!



"Eksteam makeover"

Av Kristoffer Strand 11.06.12
..............................................................................................................................

Arbeidet med gjennoppbygginga av det ellers så nedraserte stadioannlegget starta så smått for 5 dagar sidan. Det var da ein ikkje heilt ukjent banemann satte i gong det hemmelege prosjektet som skulle gjere at fotball ikkje skulle være eit ukjent fenomen på Voksa. Etter kvart såg ting lysare ut på Voksa Stadium, og etter dugnadsarbeidet som vart gjort i går (10.06.12) og ikkje minst kvalitetssikra, skal det igjen bokstavleg tala ha blåst nytt liv i Voksa FC.

Dette førte til at klubbleiinga samla seg etter gårsdagens treningsøkt til eit etterlengta styremøte, der blant anna situasjonen på Voksa Stadium vart diskutert.

- Mykje uklart vart oppklart, og ikkje minst ser det ut til at eit "ekstream makeover" team ha vore på eit besøk. Det som i haust såg trist og mørkt ut har no forandra seg til det motsatte, sa ein godt fornøgd Klubbdirektør Kristoffer Strand, og understrekar at ingenting kan slå den fantastiske dugnads anda intert og rundt klubben.

VFC Nett var ikkje i stand til å finne den velkjente banemannen som vist nok skal ha blåst vind i segla for VFC, men kan låve såpass at det vil komme meir om det flotte stadioanlegget utover somaren.


Ymse aktivitetar i høve jubileet

Av Eirik V. Bringsvor 11.06.12
..............................................................................................................................

I går søndag 11.juni var det stor aktivitet på Voksa Stadium etter lang tids hærverk-fråver. Både den eine og den andre bidrog med sitt (u)blide åsyn og gjorde dagen til ein av det vellukka slaget. På agendaen stod dugnad kl. 16.00 og offisiell treningsøkt kl. 20.00. I tillegg til desse sportslege og usprortslege aktivitetane, var det overraskande mange som tok turen til (forbi) stadion denne stjernespekka EM-kvelden. Likevel måtte tilskuarrekorden frå 2009 nøye seg med å bli tangert.

For ein måtte også denne gongen nøye seg med éin (1) stakkars tilskodar under den vel halvannan time-lange treningsøkta i nordavind (rett nok kraftig redusert pga. skjerming) og etterkvart låg kveldssol. Det same talet greidde ein også den 6.juni for tre år sidan. Denne gongen var det faktisk fleire til stades til saman, men aldri meir enn den eine personen på same tid. Hadde ein teke med alle dei (tilfeldig?) forbipasserande frå kl. 16.00 og utover, hadde talet nok vore tosifra og vel så det. Likevel står altså rekorden frå 2009 seg også etter denne gongen.

Og det er det er dette årstalet denne saken eigentleg handlar om. Då du las overskrifta begynte du kanskje å lure på kva jubileum det er snakk om. For her i Voksa FC vert det ikkje feira jubileum i hytt(e) og pine (hus). Her feirar vi på stadion med dugnad og god gammeldags fotballtrening! Det er i desse dagar nemlig tre år sidan Voksa Football Club offisielt vart stifta. Det skjedde natta til 12.juni 2009. Altså er den store dagen i natt. Hendingane på Voksa Stadium i går ettermiddag og kveld var eit stårlande eksempel på at klubben framleis er på veg framover også tre år etter det heile starta. Nettredaksjonen gratulerer!



SR Grendacup stadig nærmare - dato framleis uviss

Av Eirik V. Bringsvor 21.05.12
..............................................................................................................................

Som tidlegare nemnt har vi lova å kome tilbake med meir info så snart det skjer noko vedrørande årets Grendacup. Og det har det. For det første har Sande Rekneskap, Voksa FC sin hovudsponsor, gått inn som ein del av namnet til cupen, og for det andre har ein kome eit par steg nærmare i å få på plass lag til cupen. Det einaste usikkerheitsmomentet er dato for den store dagen...

For det er mange hensyn som må takast når dato skal fastleggast. Det bør helst passe for dei laga som vi inviterer, og i tillegg er det artig dersom andre omstende gjer at det kan vere over gjennomsnittet med tilskodarar under arrangementet. Også at hovudpartane i Voksa FC kan vere til stades er ønskjeleg. Til slutt er der ein variabel som seier at tid er mangelvare, og at der må vere tid nok på førehand, slik at arrangementet blir best mogleg.

Vi har koka det ned til nokre aktuelle datoar. Desse er:
  • Laurdag 16.juni - sikkert i tidlegaste laget, men elles er der ingenting i vegen for denne dagen.
  • Laurdag 23.juni - jonsokaftan med feiring på Sandshamna på ettermiddag/tidleg kveld, elles perfekt (kanskje perfekt uansett..?)
  • Laurdag 7.juli - Stedje-helg på Rosenlund. Kanskje ikkje best likevel, med tanke på at det er første helga i fellesferien.
  • Laurdag 11.august - kanskje det beste alternativet, sidan det i år ikkje er Kong Arthur-spel. Men klarer vi vente sååå lenge då...!?!?
Meir kjem.


Planlegginga av årets cup er i gang!

Av Eirik V. Bringsvor 01.05.12
..............................................................................................................................

Våren er komen og vêret vert stadig varmare. Voksa FC er no godt i gang med planlegginga av årets SR Grendacup som forhåpentlegvis vil gå av stabelen ein laurdag i månedsskiftet juni/juli. Det meste er framleis usikkert, men her kan du lese kva planane for i år er!

ttDenne gongen vil arrangementet ligge meir under Sandsøy Idrettslag. Det er for at vi lettare skal kunne organisere cupen, både med tanke på lag, anlegg, kiosk/fasilitetar, dommarar osv. I tillegg har Sandsøy IL to jubileum i år; idrettslaget fyller i september 40 år, og i april var det 30 år sidan Oshaugane Stadion vart opna.

Dato for hendinga er framleis uklart, men laurdagane 23.juni og 7.juli er per dags dato dei mest aktuelle. Ein prøver også å samkøyre med Rosenlund Marina på Sandshamn med tanke på eit arrangement der på kveldstid.

Nytt av året er at vi vil prøve å arrangere to klasser; Old Boys og Aktiv. Det er for å kunne gi eit godt tilbod til interesserte i alle aldrar, og for underhaldningsverdien sin del, sjølvsagt! Vi ser føre oss ein cup av dette formatet:
  • Old Boys-klasse for spelarar over 35 år - maksimalt to stk. per lag kan ha spelt fotball på aktivt nivå i år.
  • Aktiv-klasse for spelarar over 16 år - kan gi dispensasjon for underårige.
  • Kampar i 5ar-, 6ar- eller 7ar-fotball alt etter kor mange spelarar kvart lag klarer å stille med.
  • Speletid på 10-15 minutt per omgang.
  • Deltakarlag i Old Boys: Sandsøy, Kvamsøy, Larsnes + evt. fleire.
  • Deltakarlag i Aktiv: Voksa FC, Kvamsøy, Åram, Larsnes + evt. fleire.
Vi kjem tilbake med meir info dersmo planlegginga tek nye steg og når det nærmar seg!

Her vil vi etter kvart legge ut all info om årets SR Grendacup!


"Brææking" news: -Hærverk!

Av Kristoffer Strand 13.04.12
..............................................................................................................................

Så har det skjedd igjen! Ein skulle tru det var "Dagmar" som hadde vore på eit vått besøk hos VoksaFC, men den gong ei. Klubbleiinga byrjar mildt sagt å bli rimeleg leide av hærverk  på det ellers så flotte stadioanlegget.

I ein uttalelse frå klubbdirektøre Kristoffer Strand kjem missnøya berre enda sterkare fram. -Ja dette er inga gladmelding verken for klubbleiinga eller dei rundt klubben, og spesielt ikkje for banemannen. Det er tredje gongen denne form for hærverk skjer på knappast tre år! Klubbdirektøren fortel vidare at hardast ramma er målet i sørenden av stadion, der er det meir hol enn det er nett igjen. Jernstonga som held nettet mot bakken er bortbøgd og bana i seg sjølv ser ut som ei slagmark.

Etter litt etterforsking og snakk med vitnar i saka, har klubbdirektøren saman med ein veldig lokal privatetterforskar komen fram til at det nok ein gong er sauer som står bak hærverket og at alt tyder på at det er dei same som alltid.
- Det er vel det klassiske senarioet. Sauene spring vilt, kjem hit til den fantastiske og grøne grasmatta raserer heile skiten og blir hengandes fast. Så kjem dei som synnest synn på krypa og skjær HEILE nettet i stykker for å redde dyret! Sa ein mildt sagt irritert klubbdirektør , før han legg til: 

- Dette er eit stort problem i seg sjølv, men den tristaste meldinga eg har å kome med er, sidan vi er ein liten klubb og klubben ikkje har råda til og betale for slike hærverksskadar lenger. Har dette ført til at Voksa Stadium er tatt ut av drift på ubestemt tid og vår kjære banemann står utan jobb.

VFC-Nett vil kome tilbake med meir om denne saka straks noko skjer.

 VFC-stjerne på utlån!

Av Anonym 06.04.12
..............................................................................................................................

Leiinga i Voksa FC kan i dag bekrefte at Thomas Voksøy Bringsvor går på eit to månadar langt utlånsopphald til FK Steindølene 2. Bringsvor følgjer dermed i fotefara til andre meritterte spelarar som Thierry Henry og Robbie Keane ved å skaffe seg verdifull kamptrening utanfor sesong. I første omgang skal Voksas nummer 11 spele for trønderklubben ut mai. VFC kan dermed vente seg ein topp trimma playmaker tilbake i aksjon i første kamp til sommaren.

Det verserte i vinter gloheite rykte på diverse fora om at Bringsvor skulle slutte seg til eliteserieklubben Rosenborg BK for denne perioden. Slik skulle det altså ikkje gå. Som kjent har (tull?)ballklubben før denne sesongen måtte gjere drastiske kutt i budsjettet. Dermed gjekk den venta overgangen i vaskebaljen, og RBK såg seg i staden nøydde til å hente tilbake Steffen Iversen på topp.

Som namnet tilseier, er Steindølene 2 ei yngre og betre utgåve av førstelaget, som i fjor tok bronsen i 6. divisjon avdeling 1 i Trøndelag. Bringsvor har denne våren som mål å løfte det nystarta andrelaget eit par steinkast oppover tabellen. – Det er eit svært spanande prosjekt på gong her i Dødens Dal (heimebana til Steindølene red.anm.). Sidan Voksa for augneblinken er utanfor sesong, ser eg på dette som eit utfordrande og  eventyr, skriv Bringsvor i ein SMS til VFC-nett.

Det har ikkje lukkast nettredaksjonen å få greie på dei økonomiske detaljane rundt overgangen, men det er truleg snakk om at Steindølene betaler heile lønna under opphaldet.


 Styre(kaos)møte

Av Kristoffer Strand 02.04.12
..............................................................................................................................

I dag møttes leiinga i Voksa FC for fyste gong sidan sist til eit omfattande styremøte som varte i heile to timar 3min og 37sek før det ryktast at eit av medlemma vart i overkant kakesulten. 

Det ryktast at Klubbdirektøren, daglegleiiar og kvalitetsikraren var tilstades på det omfattande VFC-annlegget sitt klubbhus for å blant anna så smått diskutere klubbens framtid og nåtid. Veldig usikre kilder kan garantere at ting som VFC TV redaksjonen var eit hett tema og at nye idear kanskje kan være komen til idestadiet. Nettstaden, bana og kvar premieskapet skal henge var også aktuelle tema under kveldens omfattande møte, men det er enno uklar kva som vart diskutert og kva vedtak som vart iverksatt. Klubdirektør Kristoffer Strand var ikkje ein veldig snakkesalig mann etter møtet men VFC-Nett klarte å få eit par ord med han i forbifarta.

- Eg kan desverre ikkje gå i detaljar, det som vert sagt innanfor klubbens fire veggar det forlet ikkje rommet utan at alle samtykkar, og i dette tilfellet vart saker på krisestadiet diskuterte. Sa ein meget seriøs og sliten klubbdirektør. Så gjennstår det berre å sjå kva han meinte med krisesaker. Etter det VFC-Nett har fått snusen i var einaste krisa at alle var for opptekne at ingen skrudde på lyset under møtet noko som ressulterte i total mørkleggelse før møtet var over. Det skal også seiast at dette er ein av banemannens jobbar, men banemannen var merkeleg nok ikkje tilstades..

VFC-Nett vil kome tilbake med meir om desse sakene straks vi får meir pålitelege kilder og meir info.

Breaking news: Voksa Stadium vert stengd i lang tid

Av Eirik V. Bringsvor 01.04.12

..............................................................................................................................

Styret i Voksa FC fekk i dag ein sjokkbeskjed frå Sande Kommune om at Voksa Stadium må stengast permanent for ei lang tid framover. Dette fordi det skal gjerast omfattande arkeologiske utgravingar på stadion, og dette arbeidet kan ta alt frå eit halvt år til det doble eller kanskje enda meir. Beskjeden kom som lyn frå klar himmel for leiinga.


Klubbdirektøren har allereie kommentert saka, og seier at det er beklageleg, men at det er lite klubben kan gjere. - Det er vel typisk at kommunen skal blande seg inn i gullgruva vi har fått her ute akkurat no. Trur ikkje dei hadde brydd seg dersom bana ikkje var ei bane. Snakk om å grave i andre sine sysaker!

Likevel er det ikkje alle i klubben som tek dei bråhende nyhendene like tungt. Den omdiskuterte banemannen synest det er heilt flott at nokon andre endeleg kan få oppleve kor håplaust det er å jobbe på Voksa Stadium. - No tek eg i alle fall meg ein ferie på eit halvt års tid i varmare strøk, om ikkje meir. Så får desse tullingane her heime berre krangle så mykje dei vil. Trur ikkje nokon ser forskjell på bana no og når etter utgravingane har starta, for levningar og sauer er vel omtrent same sort...
 
 
 
Make a Free Website with Yola.