
Nyhetsarkivet
Lenge sidan sist!
Av Kristoffer Strand 22.03.11..............................................................................................................................
- Du vil få ei fyldig oppsummering av sesongen.
- Ei ny VFC TV-sending vil snart vere under planlegging.
- Supporterklubben veks.
- Planlegging av ein grendacup til sommaren.
- Innkjøp av fleire drakter til dei som har bestilt.
- Trykking av sponsor på draktene.
I tillegg vil det kome mykje meir, så heng med!
Siste sjanse for kjøp av drakt for denne gong!
Av Eirik V. Bringsvor 01.03.11..............................................................................................................................
Om ei veke eller to vil VFC-ledelsen i samarbeid med supporterklubben VFCSC ta opp ei ny bestilling av drakter, denne gong med den nye houvudsponsoren Sande Rekneskap AS sin logo på brystet. Det er derfor viktig at alle som er interesserte i å kjøpe ei Voksa FC-drakt tek kontakt med klubben snarast. Det kan gjerast på e-post voksafc@hotmail.com eller telefon 99 42 28 24 (Eirik) / 93 26 11 20 (Kristoffer). Prisen vil som tidligare nemnt ligge på litt over 200 kr for drakt uten shorts med komplett trykk av namn og nummer på ryggen (klubblogo og sponsor på brystet er obligatorisk). Om du også vil ha shorts kan du få nummer på den også, og prisen for eit draktsett inkludert shorts er ca. 400 kr. Ta kontakt med klubben for meir informasjon!
VFC TV Februar 2011
Av Kristoffer Strand 17.02.11..............................................................................................................................
Gratulerer med dagen!
Av Kristoffer Strand 16.02.11..............................................................................................................................

Kjøp av drakter
Av Kristoffer Strand 15.02.11..............................................................................................................................

Gratulerer med dagen!
Av Kristoffer Strand 14.02.11..............................................................................................................................
VFC Nett vil på vegne av klubben gratulere dagleg leiar Eirik V. Bringsvor så mykje med sin 17-årsdag. Som kjent er datoen i dag raud, så vi håpar hovudpersonen sjølv bruker begivenhetens dag på sin kjære (klubben). Det er også viktig å nemne at sjølv om han har eit år til på ryggen, er han fortsatt ung og lovande! Vi ynskjer han dermed mange fine ”mål” framover.
VFC TV: Ny sending under planlegging
Av Eirik V. Bringsvor 11.02.11..............................................................................................................................
Oppdateringar: Stor og smått her på nettsida
Av Eirik V. Bringsvor 07.02.11..............................................................................................................................
Sande Rekneskapskontor AS går inn som hovudsponsor!
Av Eirik V. Bringsvor 07.02.11- Det vi kan seie er at den nye sponsoren i alle fall vil få logoen på draktene i tillegg til å ha logo/link på nettsida (her altså), sa Strand i ein kort kommentar.


Oppretting av supporterklubb
Av Kristoffer Strand 03.02.11..............................................................................................................................
Vi i Voksa FC har bestemt oss for å opprette vår eigen supporterklubb, og vi oppfordrar alle VFC-interesserte til å melde seg inn!
Lyst til å vinne eit "krus"?
Av Kristoffer Strand 02.02.11..............................................................................................................................
Minner om å sende inn svar på kvissen til vår nettadresse: voksafc@hotmail.com. Du vil vere med i trekninga av ei flott VFC-”krus”. Vi har allereie fått inn nokre svar men håpar også at fleire vil få fart på fingrane. Korleis vinn du? Spelereglane er enkle: Måten du vinner på er å sende inn ”rett” svar til kvar VFC TV-kviss vi lagar fram til juni. Det er kunn dei (den) som har svart rett på alle kvissane som er med i trekninga om å vinne VFC kruset. NB! Det er kunn lov til å sende eit svar per kviss.
Lykke til!
Ryktebørsen: VFC snappar Torres framfor Chelsea si nase?
Av Eirik V. Bringsvor 31.01.11..............................................................................................................................
Skadefronten: Forsvarsduo med skader etter Kvamsøy-kampen
Av Eirik V. Bringsvor 31.01.11..............................................................................................................................
Både Vebjørn Støyle Bringsvor og Vegar Prozenko måtte som kjent ut med skader undervegs i kampen mot Kvamsøy sist fredag. Begge pådrog seg skadene som følge av oppofrande duellspel, henholdsvis i ankelen og kneet. Duoen, som utgjorde ein solid forsvarstoar, er no imidlertid på bedringens veg. Vebjørn stod over treninga i ballbingen på lørdag, men det var like mykje utmattelse/gongsperre som skaden som var grunnen til det. Den andre duracellkanina Vegar, har på si side ikkje vorte heilt bra i kneet, men kunne i dag melde at det går bra og at det ikkje er noko å bekymre seg for. Når det gjeld resten av laget, er samtlige i god forfatning og alle har gått inn i ei ny treningsveke med stor motivasjon!
Treningskampen: Voksa FC - Kvamsøy IL 5-0
Av Eirik V. Bringsvor 28.01.11..............................................................................................................................
Voksa FC styrte kampen frå start til slutt og var knusande overlegne då Kvamsøy vart slått 5-0 i treningskampen i kveld! Eit noko redusert bortelag hadde lite å stille opp med mot eit temposterkt og aggressivt VFC, og etter tre måls ledelse til pause, hadde Voksa god kontroll kampen ut. Dagens målscorarar var Vebjørn Støyle Bringsvor, Stian Sande (2), Eirik Voksøy Bringsvor og Kjell Even Toftesund. Det var sterk vind og regn gjennom heile kampen, men bana heldt seg meget god. Det er også verdt å nemne (og takke) alle dei oppmøtte, om lag 30 i talet, som var med på å gjere dette til ein festaften! Voksa-supportarane song og heia laget fram til seier i tidenes første heimekamp!
Før kampen: Voksa FC - Kvamsøy IL
Av Eirik V. Bringsvor 27.01.11..............................................................................................................................
I morgon kveld er det som kjent duka for tidenes viktigaste og mest prestisjefylte kamp for Voksa Football Club, når Kvamsøy IL gjestar Oshaugane Stadion til flomlyskamp! Dei siste dagane har det vore jobba intens for å få på plass mannskapet, men brikkane ser no ut til å leggje seg der dei skal. Vi på VFC Nett har sett nærmare på ståa eit døgn før avspark.

Voksa FC stiller med dette laget i årets første kamp: Anders Bringsvor, Kristoffer Strand, Stian Sande, Eirik Voksøy Bringsvor, Vegar Prozenko, Vebjørn Støyle Bringsvor, Torstein Helland Hansen og Kjell Even Toftesund. I tillegg vil det bli tatt seine avgjerdsler om også Ingar Støyle Bringsvor og Haakon Kristian Våge Støyle blir med i troppen. Av desse ligg Stian, Torstein og Kjell Even, i tillegg til dei to sistnevnte, an til å debutere for klubben!
Voksa FC vil nødig gå ut med detaljert taktikk og speleplan, men kan likevel røpe at Stian Sande vil vokte buret i alle fall første omgang. Utover det er mykje framleis usikkert. Kristoffer Strand, var sisteskanse i Castrol Cup, er ikkje aktuell til keeperplassen pga. ei skade i handa, men vil heller ta plass på ein kant eller lengst framme. Vidare kan Eirik V. Bringsvor vere aktuell som keeper, og dei som hugsar sist sommar, vil nok nemne Anders "Lindegaard" Bringsvor som ein ikkje ueffen kandidat til å bere hanskane.
Sannsynleg lagoppstilling VFC (formasjon: 2-3-1): Stian Sande | Vegar Prozenko - Vebjørn S. Bringsvor | Kristoffer Strand - Anders Bringsvor - Torstein H. Hansen | Eirik V. Bringsvor.
Det er ganske usikkert kor sterkt lag Kvamsøy stiller med, men vi reknar med at det er eit slagkraftig lag som vil by Voksa på hard kamp. Det største spørsmålstegnet (også) for KIL er keeperplassen. Kanskje vil vi bli overraska når vi ser kven som står bakerst for bortelaget!? Med tanke på utfall av kampen vil det uansett vere galskap å tippe eit konkret sluttresultat då det er stor usikkerheit eigentleg rundt begge laga, men alt anna enn Voksa-seier vil vere å rekne som ein nedtur. Uansett ligg alt til rette for ein fartsfylt og spennande kamp på Sandsøya fredag. Etter rykta skal visstnok "heile øya" og vel så det no vite om kampen, og VFC-ledelsen ventar ein del tilskodarar. Uansett vil klubben sette tilskodarrekord sidan dette er den første heimekampen i klubben si historie. Klubbledelsen har organisert eit stort arrangement med bla.a. kiosk med diverse godbitar. Møt opp til ein magisk "Champions League-kveld" på Oshaugane Stadion i morgon kl. 19.00!
VFC Nett vil kome tilbake med alt etter kampen og VFC TV vil også etterkvart sende eit nytt program med fokus på kampen!
Bekrefta: Kvamsøy IL kjem til Oshaugane Stadion no fredag!
Av Eirik V. Bringsvor 25.01.11..............................................................................................................................
Etter eit par dagar med intens arbeid, kan VFC no bekrefte at klubben har spikra den lenge omtala treningskampen og prestisjeoppgjeret mot Kvamsøy IL, og kampen vil no bli spela komande fredag på Oshaugane Stadion kl. 19.00.

Endeleg på lufta att!
Av Kristoffer Strand 25.01.11..............................................................................................................................
Endelig er ventetida over, årets første nett-tv er på lufta og klubbdirektør Kristoffer Strand, som tidlegare var ute og beklaga forsinkinga kunne puste letta ut. – Ja, klubben har jobba på spreng for å få orden på dei tekniske problema, vi måtte til og med leie inn "proff-hjelp" nemleg kameraeksperten Ingar Støyle Bringsvor. Han trong ikkje meir en ein time på det som til da allereie hadde tatt en dag! Men eg er glad vi no kan legge dette bak oss og eg kan no love dykk ei sending dykk seint vill gløyme, sa ein hemmeleghetsfull klubbdirektør, så da gjenstår det berre å sjå da om han har rett...
Voksa FC - Kvamsøy mest truleg allereie komande fredag
Av Eirik V. Bringsvor 23.01.11..............................................................................................................................
Ledelsen i Voksa FC kan i dag søndag melde om at den tidlegare annonserte treningskampen mot Kvamsøy mest truleg blir spelt allereie neste helg. Klubbdirektør Kristoffer Strand og daglig leder Eirik Voksøy Bringsvor kunne etter eit kort møte på tre timar fastslå at ein no prøvar alt ein kan for å få på plass både spelarar og arrangement i løpet av dei neste dagane slik at kampen kan bli spelt fredag kveld på Oshaugane Stadion på Sandsøya med avspark truleg rundt kl. 19.00. Direktøren tok straks kontakt med Kvamsøy-trenar Asbjørn Støylen som sa at det skulle la seg gjere å få det til. Vi vil likevel nemne at dette er høgst uoffisielt og at ei avlysing/utsetting av kampen kan skje, men det ser no ut som at både vêrutsiktene og alt anna legg til rette for at det kan la seg gjennomføre. Så snart dette er bekrefta, er det berre å spreie ryktet, slik at Voksa Football Club kan setje tilskuarrekord!
Ryktebørsen: Liverpool siklar etter VFC sin assistenttrenar?
Av Eirik V. Bringsvor 22.01.11..............................................................................................................................
Av uvisse grunnar skal den engelske klubben Liverpool FC angivelig vere ute etter å sikre seg Voksa FC sin assistenttrenar Sondre Voksøy Bringsvor som erstattar for midlertidig manager Kenny Dalglish, som etter planen skal lede laget fram til sesongslutt. Dei usikre rykta seier at Bringvor visstnok skal vere den perfekte arvtakaren for Dalglish som hovudtrenar på Anfield. Ledelsen i VFC seier i ein kort kommentar at rykta ikkje er kjende, men at om det er hold i dei, vil klubben gjere alt som skal til for å behalde assistenttrenaren. Som vi ser på bildet til høgre, kan det fort vere hold i rykta, men følg med på her på sida om det skulle skje meir rundt saka!
Gratulerer med dagen!
Av Eirik V. Bringsvor 14.01.11.............................................................................
VFC Nett vil nytte høvet til å gratulere klubbdirektør, VFC-spelar, keeper, programledar, sportsansvarlig, medlemsansvarlig, mediesjef, banemann, webmaster, anleggsansvarlig og alt-mulig-mann Kristoffer Strand med den 19. bursdagen på rad! VFC håper at dagen blir raud, samtidig som heilagdagen blir brukt til det aller helligaste, nemlig arbeid i og rundt klubben. Ryktet seier at dagen i tillegg til trening, vil bli brukt til å lage VFC TV. Sånn skal det vere!

Direktørens spalte: Livet etter cupen
Av Kristoffer Strand 13.01.11...............................................................................................................................
Historiske!

VFC TV med tekniske problem - neste sending utsatt
Av Kristoffer Strand 09.01.11..............................................................................................................................
Planen var at VFC TV skulle komme med ei ny sending i løpet av den kommande veka, men på grunn av tekniske problem må nok dei faste TV-sjåarane belage seg på å vente.
Klubbdirektør Kristoffer Strand tek imidlertid saken med knusande ro, og beroligar sjåarane: - Vi beklager sjølvsagt forseinkinga, men slik er no denne teknologien. Vi reknar med at neste VFC TV blir forsinka med ca. ei veke. Vi håpar imidlertid ikkje at denne hendinga vil føre til at vi mistar faste TV-sjåarar, seier Strand før han understrekar at det har vore fantastisk aktivitet på sida den siste tida og håpar dette vil halde fram.
Ro i rekkene på Voksa Stadium
Av Eirik V. Bringsvor 06.01.11..............................................................................................................................
Dei første dagane i det nye og ubrukte 2011 har vore rolege for Voksa FC. Det har ikkje vore særleg mykje å melde om her på nettsida, og kvardagen har gjort sitt inntog. Delar av spelargruppa har gjennomført eit par treningar i gymsalen på Kvamsøya sidan cupen for ei veke sidan. Etter litt kvile no rundt nyttår, skal treninga igjen takast opp, og det vil kome til å skje meir rundt klubben etterkvart. VFC TV jobbar no med å lage ei ny sending, som blant anna vil innehalde oppsummering av Castrol Cup. Det er venta at sendinga kjem på nett innan fire-fem dagar. Så det er berre å fortsette med å følge med her på VFC Nett!
Arkivet
...........................................
Januar-mars 2011 (du er her)
