
Nyhetsarkivet
Castrol Cup: Voksa FC med heiderleg innsats
Av Eirik V. Bringsvor 30.12.11/31.12.11Før cupen: Castrol Cup 2011
Av Eirik V. Bringsvor 29.12.11- Avreise 08.45 frå Voksa.
- Ankomst Åram 09.00 og Åheim ca. 09.45 (om alt går smertefritt).
- Oppvarming og registrering snarast mogleg deretter.
- Første kamp kl. 10.00 (deretter kl. 10.30 og 11.30).
- Eventuelt sluttspel 12.00-12.40 (kvartfinalar), 13.20-13.40 (semifinalar) og 14.25-14.35 (finale).
- Tilbake frå Åram anten 14.00 eller 16.15.
Vurdering av motstandarane i Castrol Cup
Av Eirik V. Bringsvor 27.12.11/29.12.11God jul!
Av Eirik V. Bringsvor 24.12.11Kampoppsettet klart!
Av Eirik V. Bringsvor 22.12.11
ÅVK Summer Games
Av Kristoffer Strand 21.11.11
Voksa FC, kva er det?
Av Kristoffer Strand 17.11.11..............................................................................................................................
Som venta har det ikkje vore mykje vind i seglet for Voksa FC denne hausten, men fortvil ikkje; alle båtar har vel eit sett med årar om bord berre ein finn dei..? Som nemnt tidlegare, har klubbleiinga splitta opp og gått kvar til sitt, dette har ført til at rykta, som i alle andre klubbar, har svirra som grasklipparen på Voksa Stadium om at klubben står for fall.
Voksa FC tilbake der det starta - påmeldt til Castrol Cup 2011
Av Eirik V. Bringsvor 16.11.11..............................................................................................................................
Den siste veka har klubben hatt spelaroppteljing for å finne ut om VFC forsatt har eit lag. Resultatet vart at ein bestemte seg for å melde laget på til innadørsturneringa Castrol Cup som går av stabelen i romjula. Dette på bakgrunn av at 6-7 spelarar sa seg interesserte i å forsvare VFC-drakta. Laget er no bekrefta påmeldt, og ein vil framover prøve å få samla troppene for å undersøke om påmeldinga var klok eller ikkje! Voksa deltok som kjent i fjorårets turnering som også var klubben første offisielle opptreden. Meir om cupen, laget, og klubben elles vil vi kome tilbake til etterkvart det nærmar seg!
Meeget lenge sidan sist
Av Eirik V. Bringsvor 17.09.11..............................................................................................................................
- VFC TV: Fyldig gjennomgang av den suksessfulle ÅVK Summer Games, i tillegg til nye sendingar med diverse snacks.
- Voksa-patrioten: Medlemsbladet som skulle kome ut i sommar vil vi no gjere eit nytt forsøk på å distribuere til alle våre medlemmar.
- Supporterklubben VFCSC: Verving av nye medlemmar i tillegg til nye tilbod for dei "gamle" (og evt. nye).
- VFC Nett: Her på nettsida vil det med ujamne mellomrom kome nytt av ymse slag, og vi ser etterkvart framover mot nye bragder (les: Castrol Cup 2011).
VFC TV: Sjette utgåve endeleg lasta opp!
Av Eirik V. Bringsvor 12.07.11ÅVK Summer Games: Voksa FC gjekk heile vegen til finalen!
Av Eirik V. Bringsvor 09.07.11/12.07.11..............................................................................................................................
Før cupen: ÅVK Summer Games 2011
Av Eirik V. Bringsvor 08.07.11..............................................................................................................................
|
Kampoppsett ÅVK Summer Games 2011.doc Size : 66.5 Kb Type : doc |
|
Kampoppsett ÅVK Summer Games 2011.docx Size : 27.489 Kb Type : docx |

VFCSC: Medlemsbladet ute i desse dagar!
Av Eirik V. Bringsvor 12.07.11- Spelarstall 2010/11
- Kampar/resultat sesongen 2010/11
- Sesongoppsummering
- Grendacup 2011
- Eksklusivt intervju med banemannen

Små og store augneblink frå Grendacupen
Av Kristoffer Strand 01.07.11Det er vert å nemne at heile 4 spelarar debuterte for Voksa FC under turneringa, den største overraskinga var vel då fotograf og domar Endre Vorren (35+) sette seg på innbytarbenken og kravde ei drakt. Det fekk han så i andre kamp. Då Voksa FC spelte mot Åram, sneik han seg utpå banen og inntok posisjon som ”lynving”. Så er vel spørsmålet då om farta var like god som i gamle dagar, men berre etter nokre minutt på banen gav Åram opp å angripe på høgre sida til VFC. Elles så var det ein fornøgd men sluttkjørt Endre Vorren som gjekk av bana og enda med éin respektabel kamp for Voksa FC.
Vidare debuterte Lasse Strand (13) som allereie etter få minutt elegant runda Larsnes si målvakt før han sleiva ballen ein meter tilside for mål. Vi reknar med at han no vil gå under tilnamnet ”spelandemanager” i framtida. Emil Sandsbakk (16) debuterte også og var involvert i samtlege kampar under Grendacupen med god innsats. Den siste debutanten skal vi sjå litt nærare på i ei ega sak men så godt som han sto i mål håpar VFC at han er komen for å bli.
Kristoffer Strand (19) opna til slut den etterlengta skåringskontoen sin med heile 2 fulltreffarar og vart med det delt toppskårar i turneringa. Meir imponerande var det at Voksa FC hadde før sjølvmålet mot Åram spelt nesten 100 minutt utan eit einaste baklengsmål! Då er det kanskje ikkje så rart at det måtte ein VFC-spelar til for å få hull på byllen? Ein annan merkeleg ting var da den ettertrakta Voksa FC spelaren Vegar Prozenko stilte i feil drakt og for feil lag under Grendacupen. Det ryktast at han no framover må jobbe ekstra hardt for å vinne tilbake VFC-supporterane sine hjarter og tilitt for ikkje minst å stille opp på rett banehalvdel neste gong!
Som vanleg så kjem dommarane i fokus under ei turnering, men denne gongen positivt (i alle fall for Voksa FC sin del). Først og fremst vart det ikkje delt ut eit einaste kort under heile turneringa, men det var før dommar Tor Arne gav fotograf Aina Strand raudt kort for filming. Det gjekk også hardt utover dommar Svein Helge Bringsvor som etter mykje om og men dømte finalen i årets Grendacup. Han vart nemleg før kampen beskylt for å vere sterkt i slekt med halve Voksa FC laget, men det avkrefta assistenttrenar Sondre V. Bringsvor, spelar Eirik V. Bringsvor og Thomas V. Bringsvor saman med kapteinen Anders Bringsvor på det sterkaste, og dermed fekk Svein Helge Bringsvor døme finalen som planlagt.
Dermed var Grendacupen 2011 eit faktum og VFC leiinga vil igjen takke alle involverte i cupen og Arnvald Bringsvor for merking og stelling av bane, Ingrid Bringsvor Voksøy og Monica Sandsbakk for diverse jobbing som inngangsvakter, Aina Strand for fiksing og triksing av diverse (også filming og bildetaking), ho kan no attpå til vente seg tittelen ”sekretær”, og takk til Monica Voksøy Bringsvor som filma store deler av cupen sjølv om kanskje VFC’s eiga målvakt kanskje kom litt vel mykje i fokus.
Arkivet
...........................................
Juli-desember 2011 (du er her)