
Nyheitsarkivet
Mykje nytt, og ikkje minst; VFC TV nr. 5 er ute no!
Av Kristoffer Strand 30.06.12........................................................................................................................................
Er det lenge sida du har snusa rundt i alle krikar og krokar her på sida, så er det i alle fall på tide. Du kan starte med å stikke nasa innom ”A-laget”, der har adelskalenderen vorte oppdatert og anna flisespikkeri. Kan du endå ikkje når, kvar og kven som stifta klubben på rams så kan ”Om klubben” vere neste stopp. Har du endå ikkje betalt medlemskontingent og lurar endå på korleis og kvifor melde seg inn i supporterklubben, kan det vere lurt å besøke ”VFCSC” avdelinga. Sjå reklamevideoen og les litt om kva fordelar du får av å vere supporter, så reknar vi med at klubben straks høyrer frå deg.
Grendacup 2011
Av Eirik V. Bringsvor 21.06.11Fornøgd med gjennomføringa!
Av Kristoffer Strand 20.06.11Styret i Voksa FC kunne ikkje anna enn å vere fornøgde med ein vel gjennomført Grendacup 18.06.2011. VFC jobba på spreng dei siste dagane og timane før cupen både for å få på plass det sportslege og ikkje sportslege. Det har vore så hektisk rundt klubben at VFC Nett ikkje har klart å kome i kontakt med medlem frå styret før i dag.
- Ja natt
til den 18. hadde vi eit styremøte frå kl 9 på kvelden og det varte heile 5
timar! sa ein sliten klubbdirektør Kristoffer Strand før han fortsette:
- Der
vart det jobba på spreng for å få på plass dommarar, korleis arrangementet
skulle gjennomførast og diverse anna.
Dagleg
leiar Eirik V. Bringsvor jobba med å skrive ut kampoppsett og kampprogram,
medan han skraut iherdig av den nye skrivaren på Voksa FC sitt kontor. Både
han, Thomas V. Bringsvor og Lasse Strand kan vente seg skyhøge telefonrekningar
i næraste framtid.
- Det
begynte å bli litt trasig da vi vart anklaga for telefonterror, men vi klarte i
tolvte time å skaffe oss akkurat nok dommarar, sa ein lettpusta dagleg leiar
Eirik V. Bringsvor medan Thomas V. Bringsvor skyt inn at han vurderar å sende
telefonrekninga til Sande Rekneskapskontor.
Vidare
satt Kristoffer Strand og redigerte siste utgåve av VFC TV medan han prøvde å
få kontroll over situasjonen. Thomas V. Bringsvor stod for kvalitetssikring
både av VFC TV og cupen generelt.
- Det er
viktig at ting blir gjort rett, sa den ferske sivilingeniøren.
Da den
store dagen var over og redningshelikoptret hadde vore på besøk heile to gongar
medan Åram gjekk til topps i årets Grendacup, kunne Voksa FC puste letta ut
etter eit vel gjennomført arrangement. Klubbdirektør Kristoffer Strand
understrekar at det ikkje hadde vorte noko av dette arrangementet utan hjelp
ifrå forskjellige hald:
- Klubben vil gjerne takke Sandsøy IL for samarbeidet i form av lån av bane og gjennomføring av kiosk. Arnvald Bringsvor for merking av bane og stelling rundt, alle dommarane som stilte opp på så kort varsel (håpar vi kan spørje igjen ved ei seinare anledning?), og ikkje minst Larsnes og Åram som torde og stille opp på den motsette banehalvdelen mot Voksa FC. Eg takkar alle involverte i klubben, og har eg gløymd nokon no så takkar eg dei og! avslutta ein veldig takkesaleg klubbdirektør.
Så gjenstår det å sjå no da om Voksa FC har klart å gjeninnføre den tradisjonsrike Grendacupen!
Vel gjennomført Grendacup, tross alt!
Av Eirik V. Bringsvor 18.06.11Det meste på plass før cupen
Av Eirik V. Bringsvor 17.06.11........................................................................................................................................

Brikkane fell på plass i Grendacup-puslespelet!
Av Eirik V. Bringsvor 14.06.11........................................................................................................................................

VFC TV-sending nr. 5
Av Kristoffer Strand 09.06.11........................................................................................................................................
PS: Det er enno ikkje for seint å sende inn svar/løysningsord til voksafc@hotmail.com og premien kan bli din! Dykk kan også diskutere i vårt diskusjonsforum kva innslag dykkar likte best frå dei tidlegare sendingane, vi blir glade for å få tilbakemeldingar frå sjåarane.
Skade og dobbel skade!
Av Kristoffer Strand 02.06.11Det rapporterast om eit par skader i Voksa FC-leiren, og skal vi tru leiinga av klubben så er det eit par for mykje. - Ja, vi har fått eit par skader på eit ugunstig tidspunkt. Vi er i ferd med å starte oppkøyringa til den omtalte Grendacupen den 18.juni, så da kunne ikkje timinga vore betre, sa ein tydelig stressa, irritert og ironisk klubbdirektør.
Det heile
starta for litt over ei veke sida da spelar Kristoffer Strand hadde
eigentrening på Voksa Stadium.
- Eg holdt
på med skottrening, for klubbleiinga kravde så. Ikkje det at eg forstår kvifor
da, men men… Underlaget var fint, men ganske vått. Eg bestemte meg for å skyte
eit skot med venstrefoten, men klok av skade skulle eg aldri ha gjort det. Da
eg skulle til å smelle ballen i krysset, mista eg fotfestet og datt handlaust på sida og slo
saman føtene så kyrkjeklokkene song!
Strand kom seg fint etter fallet, men han fortel vidare at då han vakna dagen etter, var det vanskeleg å kjenne heilt sikkert kvar smertene kom ifrå.
- Ja, eg var ikkje sikker med det same om det var lysk eller anna, men etter litt analyse fann eg straks ut at det var ein kraftig lyskestrekk eller ein muskelbrest.
Dei
første dagane etter klarte ikkje Strand å gå skikkelig på foten og frykta at
både kampar for Kvamsøy IL (klubben han er lånt ut til) og cupen skulle ryke.
Men ei veke seinare ser ting om ikkje anna litt lysare ut, og Strand forsikrar
om at han i vertfall skal vere klar til cupen om ikkje før!
- Ja ein
får berre ta tida til hjelp og trene på andre måtar, så får vi håpe at det går
over snarast! Så er det ein regel som seier at ”det ikkje er lov til å bruke
sko med knottar når det er eigentrening”. Denne regelen vil eg be om at blir
fjerna snarast, før også andre blir skada! Avsluttar ein litt småskuffa Kristoffer
Strand.
VFC-Nett
har tok saka om val av egne sko vidare til leiinga som jobbar på spreng for å
overbevise banemann Kristoffer Strand om at det ikkje vil gjere for store
skadar på den elles så fine grasmatta.
Men det
var ikkje nok med at Kristoffer Strand skulle skade seg før den prestisjefylte
cupen. Onsdag 01.06.11 var denne meldinga å finne på Eirik V. Bringsvors
fjesbokkside:
- Alltid
festlig å bli stempla, enten det e som idiot eller noke anna... (ispose ♥)
jajaja, flott dæ, ei å isposane sete no her å kosa oss å ser på TV!
VFC Nett kan no melde at Eirik V. Bringsvor fekk ei stempling på leggen eller nærare bestemt fotbladet då han spelte kamp for klubben han er utlånt til, nemleg Kvamsøy IL. Foten vart raskt isa ned og halden høgt, men var ikkje gangbar etter kampslutt. Laget gjekk slukøret heim etter 2-2 mot Tjørvåg og glemte nesten og ta med seg ein stivfrosen og skada Eirik på lasset.
VFC Nett har tatt ein nærmare kikk på den skada foten, som var betydeleg betre dagen derpå. VFC Nett lovar å kome tilbake med oppdateringar snarast vi veit meir om heile denne skade sagaen!
Ballbingen opna igjen og klar for bruk!
Av Eirik V. Bringsvor 02.06.11Ballbingen byr så absolutt inn til finspel, og grastustane er om ikkje anna "litt" lengre enn dei gamle...
Bingen ser bra ut både frå det eine og det andre hjørnet!
VIKTIG MELDING: BALLBINGEN STENGD INNTIL VIDARE!
Av Eirik V. Bringsvor 25.05.11Årets første trening!
Av Eirik V. Bringsvor 22.05.11Dagen er søndag og datoen er 15.mai, vi befinner oss på Voksa Stadium og det er duka for årets første trening på den grøne og fine grasmatta. Både hovudtrenar og assistenttrenar var tilstades under dagens økt, mens det var berre to og ein halv spelar der.
Thomas V. Bringsvor kunne rapportere til VFC-nett at forholda endelig var gode, men pga ei føling på ein strekk i låret kunne han ikkje yte fult og heilt denne gongen. Det er viktig å merke seg at treninga fann stad dagen etter at Kvamsøy IL hadde vore i ei batalje av ein kamp mot rivalen Åheim IL. Den kampen enda i siste sekund med ein 2-2 ”siger” for Kvamsøy IL, dette bar dagens trening preg av og etter kvart var det trenarane som var mest aktive. Det heile enda i ein ”kraftig” duell, som du kan sjå i neste VFC-TV sending som allereie er under produksjon.
Sola var til og med framme og kika idet Eirik V. Bringsvor drog på seg keeperhanskane, og det med god grunn. Han for både høgt og låkt før han ga seg med ein hoven finger. Treninga varte i om lag 1 time og 30min og både trenarteamet og spelarane ser allereie fram til neste trening som ikkje er avklara enda. Klubbdirektør Kristoffer Strand legg til at det er viktig at Voksa FC får samla troppene til eit par kvalitetsfylte treningsøkter før det er duka for cup 18.juni skal vi ha ein sjans!
Gratulerer med dagen!
Av Eirik V. Bringsvor 17.05.11
Tabelltips 5.divisjon avdeling 1
Av Eirik V. Bringsvor 02.06.11
Styremøte!
Av Eirik V. Bringsvor 06.05.11
Seint, men godt: VFC TV Påskespesial 2011 endeleg på nett!
Av Eirik V. Bringsvor 25.04.11Etter intens jobbing siste døgnet er påskesendinga frå VFC TV endeleg lagt på nett og er klar for å bli sett! Voksa FC beklagar at det har teke så langt tid, men er samtidig letta over at programmet kom ut før påskeslutt - det er kanskje ikkje tilfeldig at VFC TV stod opp frå dei døde nettopp andre påskedag!? Vi oppmodar alle til å delta i årets påskenøtter ved å sende inn løysingsordet til voksafc@hotmail.com! Gå til VFC TV-portalen for å sjå sendinga der!
Siste nytt: Meir VFC TV-krøll
Av Eirik V. Bringsvor 02.06.11Sendinga VFC TV Påskespesial 2011 er fiks ferdig og klappa og klar, men likevel har eit problem kome i vegen igjen. TV-redaksjonen slit med å få lasta opp programmet til nettet av uvisse grunnar og det er usikkert om når det let seg løyse. Voksa Football Club beklagar på det ytterste!

VFC TV i full sving!
Av Eirik V. Bringsvor 18.04.11Vêrtrøbbel for VFC TV
Av Eirik V. Bringsvor 17.04.11Det planlagde påskespesialprogrammet frå VFC TV står no i fare for enten å bli utsett eller kraftig redusert innhaldsmessig pga. det dårlege vêret denne helga. TV-redaksjonen jobbar no hardt med å planlegge alternative løysingar, men det er fortsatt håp om at det vil la seg gjere å gjennomføre filminga i morgon måndag. I denne sendinga kan VFC TV etter planen friste med påskenøtter, Crossbar Challenge og diverse festlige innslag. Så oppmodinga er å vere tolmodige og vente i spenning til programmet forhåpentligvis kjem på nett i løpet av påskeveka!

Voksa Stadium
Av Eirik V. Bringsvor 12.04.11Aprilspøk: Voksa FC signerer keeperveteran
Av Eirik V. Bringsvor 01.04.11Ledelsen kunne seint i går avsløre at Voksa FC har lukkast med å signere den fram til no klubblause og tidlegare Strømsgodset-spelaren Lars Ivar Moldskred rett framfor nasen på Larsnes/Gursken FK. Den 32 år gamle keeperen har denne vinteren vore usikker på om han i det heile tatt vil satse vidare, men då VFC kom på bana var det ikkje tvil i hans munn. LGFK kjempa lenge med VFC om å signere Moldskred, men han seier at har ser større potensial i sistnemnde klubb. Det er likevel usikkert om Lars Ivar går rett inn på laget, eller om Voksa FC har sterkare keeperar i klubben allereie. Uansett er dette ei gladmelding og ei god signering for VFC.
Arkivet
April-juni 2011 (du er her)