Nyheitsarkivet

.............................................................................................................................................................................. 

..............................................................................................................................................................................  

 

Breaking news: Aktivitetar på Voksa Stadium!

Av Kristoffer Strand 28.06.14
...............................................................................................................................


-Det loktar gras på Voksa Stadium, seier en alergisk klubbdirektør Kristoffer Strand mens han tek fram eit seigt lommetørkle og pussar nasa.

Det er fortida full aktivitet på Voksa Stadium skal ein tru en nysande klubbdirektør. Grasklipparar i alle former og fasonger har dei siste dagane svirra mens bensinpengane har klirra. Rykta skal ha det til at det søndag 29.06.14 skal spelast fotball på bana og at banemennene no jobbar på spreng for at bana skal være i tipp topp stand til den tid.

VFC Nett lukkast naturlig nok ikkje å få kontakt med nokon av banemennene, men klubbdirektør Kristoffer Strand kan bekrefte at det er den årlege dugnaden som blomstrar for fult på stadionanlegget. Han slenger også på at utgangspungtet er betre enn nokon gong og at dette kan være byrjinga på ein innhaldsrik somar på Voksa Stadium.

Kva klubbdirektøren menar med dette er uvisst, kanskje er det eit frampeik på markeringa av klubbens femårsjubileum. VFC Nett kjem tilbake med meir om ryddinga og søndagens aktivitet etter kvart.



Femårsjubileum

Av Eirik V. Bringsvor 21.06.14
...............................................................................................................................

Ti dagar på etterskot er det på tide å nemne at Voksa Football Club i desse dagar rundar fem heile år som offisiell fotballklubb. Det var natt til 12. juni 2009 at klubben formelt vart stifta. Sidan den gong har ein som kjent aldri sett seg tilbake. Det tidlegare annonserte innhaldsrike jubileumsåret let imidlertid førebels vente på seg.

Sjølve dagen - eller rettare sagt natta - gjekk forbi utan at nokon i det heile visste at det var dagen eller natta. Det tyder vel på at alle i og rundt Voksa FC er opptekne med kvart sitt, og at den store samanslåinga av kloke hovud framleis er til gode å skje i 2014.

Men det må snart skje, dersom dei store planane som vart lagde rundt juletider skal haldast i hevd. Jubileumsåret skulle markerast. No er det snart halvgått, og så godt som intet har skjedd. Men så er vel sommaren høgtid på Voksa Stadium.

Så sjå ikkje bort ifrå at store ting kan skje også i år. Hugs på at heimebana til Voksa FC framleis har til gode å avvikle ein offisiell kamp. Men om dette er det store målet i jubileumsåret, er det ingen som veit.


Voksa likar Voksa

Av Eirik V. Bringsvor 14.06.14
...............................................................................................................................


At fotballklubben Voksa FC har fans over store delar av landet er ikkje noko ukjent. Supporterklubben har medlemmer både i syd, nord, aust og vest. Men at VFC no har fått tilhengarar også ute i Europa, er merknadverdig. Denne veka fekk Voksa Football Club ein ny følgjar på Facebook. Mannen heiter ikkje mindre enn Otakar Voksa. Og han likar tydelegvis Voksa.


Det er kanskje ikkje så rart, sidan han sjølv har Voksa som etternamn. Voksa-supporteren Voksa kjem frå byen Varnsdorf i Tsjekkia, og har tydelegvis fått napp gjennom eit søk på sitt eige etternamn. Kjekt er det uansett at vi får merksemd frå andre delar av verda. Frå før har klubben som kjent ein slovakisk eigar - ein kar som rett nok ikkje har gitt særleg lyd frå seg dei siste par åra.

Men til dei som trur at Voksa FC er ein saga blott og historie for godt, kan vi berre seie at siste ord i klubben si ærefulle historiebok langt ifrå er skrive. Det er framleis mykje i vente. Kvar, når og kva er dog førebels usikkert.

 
 
 
 
Make a Free Website with Yola.